Avdeling for sivilsamfunn og idrett

Avdelinga har ansvar for den statlege idrettspolitikken, barne- og ungdomskultur, frivillig kulturliv og det overordna ansvaret for koordinering og samordning av staten sitt forhold til frivillig sektor. Avdelinga har ansvaret for forvaltninga av overskotet frå Norsk Tipping til idrettsformål, til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, Den kulturelle skulesekken og Frifond. I det overordna ansvaret for frivilligpolitikken ligg mellom anna ansvaret for meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar, forsking på sivilsamfunn og frivillig sektor, frivilligregisteret og forenkling.

Avdelinga har følgande seksjonar:

  • SI1

    Seksjonen har hovudansvaret på idrettsområdet. I dette ligg ansvar for fordeling av spelemidlar til aktivitet/NIF, idrettsanlegg i kommunane, løypetiltak i fjellet og overnattingshytter i fjellet, ved kysten og i låglandet. Seksjonen har òg ansvar for nasjonalanlegg, idrettsanleggsregisteret, store idrettsarrangement, friluftsliv og antidopingarbeidet i idretten, i tillegg til ansvaret for frivilligregisteret, fordelinga av spelemidlar til samfunnsnyttige og humanitære organisasjonar, meirverdiavgiftskompensasjon til frivillige organisasjonar og ved bygging av idrettsanlegg.

  • SI2

    Seksjonen har hovudansvaret for sivilsamfunnsområdet og for arbeidet med rammevilkår for frivilligheita, og for barne- og ungdomskultur og frivillig kulturliv. I dette ligg mellom anna tilskot til frivilligsentralar, Frifond, Den kulturelle skulesekken, inkludering i idrettslag, lokale lag og foreiningar, og oppfølging av frivilligerklæringa og forenkling av statlege tilskot til frivillige organisasjonar. Seksjonen har ansvar for etatsstyring av Kulturtanken – Den kulturelle skulesekken.

Til toppen