Medie- og kunstavdelinga

Medie- og kunstavdelinga har ansvar for utvikling av den nasjonale politikken innanfor felta ytringsfridom, medium, pengespel, stiftingar, opphavsrett, kulturell og kreativ næring, film, dataspel, musikk, scenekunst og kunstnarpolitikk. Avdelinga forvaltar lover og regelverk innanfor dei nemnde felta, og løyvingar og tilskot til statlege og ikkje-statlege organ og institusjonar på området.

Avdelinga har følgande seksjonar:

  • MK1

    Seksjonen har ansvar for medium og pengespel, og for spørsmål om tilsyn med stiftingar. Seksjonen har òg ansvar for etatsstyringa av Medietilsynet og Lotteri- og stiftelsestilsynet og eigarstyring av Norsk rikskringkasting AS og Norsk Tipping AS.

  • MK2

    Seksjonen har ansvar for opphavsrett, kulturell og kreativ næring, film og dataspel. Seksjonen har òg ansvar for etatsstyringa av Norsk filminstitutt og eigarstyring av Filmparken AS.

  • MK3

    Seksjonen har ansvar for musikk, scenekunst og kunstnarpolitikk og for oppfølging av regionreformen på kulturområdet. Seksjonen har òg ansvar for etatsstyringa av Norsk kulturråd og Riksteatret og eigarstyring av Den Norske Opera & Ballett AS, Nationaltheatret AS, Den Nationale Scene AS, Trøndelag teater AS, Rogaland Teater AS, Carte Blanche AS og Talent Norge AS.

Til toppen