Kulturvernavdelinga

Kulturvernavdelinga har ansvar for arkiv, bibliotek, visuell kunst, arkitektur, litteratur, språk, kulturbygg, museumsformål, immateriell kulturarv og samiske saker. Avdelinga har ansvar for forvaltninga av Nasjonalbiblioteket, Arkivverket, KORO (Kunst i offentlege rom), Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje, Språkrådet og Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek.

Avdelinga har følgande seksjonar:

  • KV1

    Seksjonen har ansvar for etatsstyring av Nasjonalbiblioteket, Arkivverket, Restaureringsverksemda ved Nidaros domkyrkje, Språkrådet og Norsk lyd- og blindeskriftsbibliotek. Seksjonen har òg ansvar for bibliotek, litteratur, språk, samiske saker, nasjonale minoritetar og koordinering av departementet sitt arbeid med forsking og utvikling (FoU).

  • KV2

    Seksjonen har ansvar for museum, visuelle kunstuttrykk, arkitekturspørsmål, byggjesaker, gåveforsterkingsordninga og desentralisert ordning for spelemidlar til kulturbygg. Seksjonen har òg ansvar for inn- og utførsel av kulturgjenstandar og saker som gjeld kulturkriminalitet. Seksjonen har ansvar for etatstyring av KORO. I tillegg til ansvar for tilskot til musea og ymse tiltak på biletkunstområdet kjem tilskot til mellom anna Nobels Fredssenter, skværriggarane og Skibladner.

Til toppen