Ot.prp. nr. 93 (2002-2003)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

9 Omtale av forskrift om skattefritak for arbeidsgjevar si dekning av tilsette sine behandlingsutgifter

Hausten 2003 vedtok Stortinget ein heimel i skattelova § 5-15 andre ledd for Finansdepartementet til å gje forskrift om skattefritak for arbeidsgjevar si dekning av tilsette sine behandlingsutgifter. Departementet sende 19. mars 2003 ut eit forslag til forskrift på høyring. Høyringa er nå avslutta, og forskrifta vil bli vedteken om kort tid.

I høyringsnotatet varsla departementet at ein i Revidert nasjonalbudsjett 2003 ville kome tilbake med særskilde fritak frå arbeidsgjevaravgift og forskotstrekk. Etter høyringsrunden har departementet kome fram til at særskilde heimlar for fritak frå trekkplikt og arbeidsgjevaravgift ikkje er nødvendige. Det kan likevel bli aktuelt ved eit seinare høve å foreta ein meir generell gjennomgang av reglane på området.

I høyringsnotatet uttalte departementet vidare at «Skattefrie naturalytelser er per i dag heller ikke innberetningspliktige. Departementet ser likevel at arbeidsgivers dekning av behandlingsutgifter kan gjelde til dels store beløp. Dette kan tale for at dekning i form av naturalytelse i disse tilfellene likevel blir innberetningspliktig. Det må i så fall utarbeides en ny hjemmel i forskriften om begrensning i lønnsoppgaveplikten, jf. fritaket for naturalytelser i § 3 ...». Departementet ser det som ønskjeleg å innføre rapporteringsplikt for dekning av behandlingsutgifter og behandlingsforsikring som skattefri naturalyting, og er av den oppfatning at dette best gjerast ved å innføre eit nytt tredje punktum i § 3 i forskrift 30. desember 1983 nr. 1974. Departementet tek sikte på ei slik forskriftsendring i vår, og på at ho trer i kraft samtidig som den nemnde forskrifta om skattefritak for arbeidsgjevar si dekning av behandlingsutgifter og premie til behandlingsforsikring. Forskriftsendringane får verknad frå og med inntektsåret 2003.

Til forsida