Ot.prp. nr. 93 (2002-2003)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

1 Meirverdiavgift - unntak for Postens massesendingar av brev til utlandet

Etter meirverdiavgiftslova § 16 nr. 4 første punktum er transporttenester her i landet - når transporten av vara skjer direkte til eller frå utlandet - fritatt frå meirverdiavgift. Etter lovføresegnas andre punktum gjeld dette unntaket ikkje Postens frakt av brev til utlandet. Bakgrunnen for unntaket var at Posten ikkje hadde høve til å skilje mellom frankering som gjaldt mottakar i Noreg og mottakar i utlandet, noko som er nødvendig for å ta omsyn til behovet for kontroll og notoritet av at tenesta er eksportrelatert.

Regjeringa har i Ot.prp. nr. 41 (2002-2003) lagt fram forslag om å endre lov 29. november 1996 nr. 73 om formidling av landsdekkjande postsendingar (postloven) § 6. Denne lovføresegna angir, saman med postforskrift § 3, omfanget av einerettsområdet til Posten. Endringsforslaget inneber mellom anna at marknaden for utgåande grensekryssende post blir opna fullt ut for konkurranse frå den tida lovendringa tek til å gjelde. Samferdselsdepartementet tek sikte på at lova blir sett i verk 1. juli 2003. Forslaget er eit ledd i gjennomføringa av direktiv 2002/39 om ytterligare konkurranse på marknaden for posttenester i Fellesskapet, vedtatt i EU 10. juni 2002. EØS-komiteen innlemma direktivet i EØS-avtalen ved avgjerd nr. 168/2002 av 6. desember 2002. Odelstingsproposisjonen er for tida til behandling i Stortinget.

Ein reknar med at ei oppheving av eineretten for utgåande grensekryssande post vil medføre at andre postoperatørar i større grad enn i dag vil komme inn på denne marknaden. Meirverdiavgiftslova § 16 nr. 4 andre punktum vil i så fall innebere ei konkurranseulempe for Posten. Meirverdiavgiftssystemet er meint å virke nøytralt så langt som mogleg. Finansdepartementet meiner derfor at dette er uheldig.

I Ot.prp. nr. 94 (2000-2001) Om lov om endringer i skatte- og avgiftslovgivningen uttalte departementet om § 16 nr. 4 andre punktum:

«Dersom Posten på bakgrunn av den tekniske utvikling senere vil kunne skille mellom frankering av brev til mottaker her i landet og mottaker i utlandet, vil departementet vurdere denne bestemmelsen nærmere.»

På bakgrunn av informasjon frå Posten kan det synes som om Posten kan klare dette skiljet for minst éin type distribusjonsavtaler. Det gjeld distribusjonsavtaler om massesendingar til utlandet. Saka har vore til vurdering i Skattedirektoratet, som har konkludert med at Postens rutiner for denne type distribusjonsavtalar dekkjer behovet for kontroll og notoritet knytta til eksport av posttenesta.

Departementet legg til grunn at forslaget til endring vil gi eit provenytap på om lag 5 mill. kroner pr. år. Provenytapet for 2003 vil utgjere om lag 2 mill. kroner.

Departementet gjer på denne bakgrunn framlegg om at avgiftsplikta til Posten ved omsetning av postsendingar til utlandet, avgrensast slik at avgiftsplikta ikkje lenger skal omfatte omsetning av distribusjonsavtaler om massesendingar av brev til utlandet. Departementet nyttar samtidig høvet til å foreslå ei redaksjonell endring av meirverdiavgiftslova § 16 nr. 4 andre punktum i det statens postselskap no heiter Posten Norge AS. Departementet viser til forslaget om nytt andre punktum i § 16 nr. 4. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde 1. juli 2003.

Til forsida