Ot.prp. nr. 93 (2002-2003)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

4 Innføring av eit særskilt inntektsfrådrag for skiferdrivarane i Finnmark og Nord-Troms

4.1 Innleiing

Finansdepartementet gjer framlegg om at det frå og med inntektsåret 2003 blir innført eit særskilt frådrag i næringsinntekt for skiferdrivarar i Finnmark og Nord-Troms. I praksis vil dette i hovudsak gjelde skiferdrivarane tilslutta AL Alta Skiferbrudd.

4.2 Bakgrunn

Departementet legg til grunn at skiferdrifta i Finnmark og Nord-Troms i dag, mest utan unntak finn stad i Alta, og er organisert gjennom AL Alta Skiferbrudd. Kvar av dei om lag 150 drivarane der er sjølvstendig næringsdrivande med ansvar for eigen produksjon og omsetning. Andelslaget, som er eit sjølvstendig rettssubjekt, fungerer som eit administrasjons- og salskontor for medlemane i laget. Tradisjonelt har skiferdrifta i Alta blitt sett på som eit lokalt sysselsettingsalternativ til primærnæringane der, nemleg jordbruk, reindrift og fiske. Det er vanskeleg å rekruttere til skiferdrivar-yrket i konkurranse med desse næringane.

4.3 Departementet sine vurderingar og forslag

Slik det og er foreslått for reindriftsnæringa, legg departementet fram forslag om eit inntektsfrådrag for skiferdrivarane i Finnmark og Nord-Troms etter dei same prinsippa som gjeld frådraget for jordbruket. Det vil seie at det i positiv næringsinntekt blir gitt eit botnfrådrag på 36 000 kroner. Av overskytande inntekt blir det gitt eit frådrag på 19 prosent opp til eit samla frådrag på 61 500 kroner.

I inntekta vil det normalt også inngå enkelte kapitalinntekter. Departementet meiner at frådraget for skiferdrivarar berre skal bereknast på grunnlag av produksjonsinntekta, og at det ikkje skal vere høve til å ta slike kapitalinntekter inn i grunnlaget for frådraget. Det vil også gje ein likningsteknisk enklare regel å praktisere.

Departementet vil i denne samanheng gjere merksam på at det i jordbruket i noko tilfelle er gitt frådrag i kapitalinntekter som ikkje har vore ledd i verksemda. Dette er ikkje i samsvar med føresetnadene for jordbruksfrådraget. Departementet har derfor til vurdering ei klargjering av høvet mellom slike kapitalinntekter og jordbruksfrådraget.

På same måte som når det gjeld jordbruksfrådraget, gjeld frådraget berre positiv næringsinntekt. Frådraget gjeld såleis berre i den grad dette ikkje bringer årets inntekt frå skiferdrifta lengre ned enn til 0. Frådrag i anna inntekt same år, t.d. i lønnsinntekt eller i inntekt frå jordbruk, er derfor ikkje aktuelt. Heller ikkje vil frådraget kunne danne grunnlag for underskot som førast fram til frådrag i seinare års overskot.

Ektefellar i jordbruket kan til saman ikkje gjere krav på meir enn eitt frådrag. Dersom begge ektefellane deltek i skiferdrifta, bør ektefellane til saman berre ha krav på eitt frådrag.

I tilfelle der personar deler inntekta frå same næringsoppgåva mellom seg, skal frådraget delast forholdsmessig.

For oppstartsåret og avviklingsåret er det for jordbruksfrådraget lagt til grunn at skattytar berre kan krevje frådraget dersom vedkommande har drive verksemda over halvparten av inntektsåret. Ein regel som t.d. avkortar frådraget svarande til det talet på månader verksemda blei driven, blei av likningstekniske årsaker funne lite føremålstenleg. For skiferdrift foreslår departementet den same ordninga.

I tilfeller der skattytaren driv både skiferdrift og jordbruk eller reindrift, skal det ikkje kunne krevjast meir enn eitt heilt frådrag til saman, sjå forslag til nytt niande ledd.

Departementet bør ha høve til å gi forskrift til utfylling og gjennomføring av paragrafen.

Departementet har vurdert om eit slikt inntektsfrådrag vil kunne vere i strid med ESA sitt statsstøtteregelverk. På bakgrunn av at støttebeløpet til kvar einskild næringsdrivande skiferdrivar vil bli å rekne som bagatellmessig etter EØS-reglane om de minimis -støtte, vil frådraget ikkje stri mot regelverket til ESA. I vurderinga av om støtta ligg innanfor dette regelverket må ein likevel også ta omsyn til anna de minimis -støtte. Dersom den sjølvstendig næringsdrivande skiferdrivaren mottek anna de minimis -støtte, må frådraget reduserast slik at den samla støtta ikkje overstig 100 000 euro over ein treårsperiode, dvs. om lag 250 000 kroner pr. år. Det blir vist til utkast til lovføresegn.

Føresegna bør takast inn i skattelova § 8-1, som frå før også har føresegner om mellom anna jordbruksfrådraget.

På same måte som for jordbruksfrådraget må eit særskilt frådrag for skiferdrivarane i Finnmark og Nord-Troms innarbeidast i skattelova § 12-12 andre ledd bokstav f.

4.4 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget vil truleg ikkje medføre monalege administrative konsekvensar. Provenytapet er rekna til om lag 3 mill. kroner påløpt og bokført i 2003. Føresetnaden då er at ein tek omsyn til frådraget i forskottsskatten.

Til forsida