Ot.prp. nr. 93 (2002-2003)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

6 Fjerning av forskriftsheimel for generelt skattefritak for arbeidsgjevar sin dekning av tilsette sine utgifter til barnehage

Regjeringa meiner at det ikkje er grunnlag for å utvide skattefritaket for tilskot frå arbeidsgjevar til barnehage for arbeidstakarane sine barn, og heller ikkje å innføre skattefritak for andre former for ytingar frå arbeidsgjevaren til å dekkje arbeidstakarane sine utgifter til barnehage. Sjå nærare omtale av dette i St.meld. nr. 2 (2002-2003) Revidert Nasjonalbudsjett 2003 kapittel 3.3. Finansdepartementet foreslår derfor å reversere den lovendringa som blei vedteken i samband med behandlinga av statsbudsjettet for 2003, jf. Innst.O. nr. 27 (2002-2003) punkt 21.1. Det gamle, men avgrensa skattefritaket for tilskot til barnehage for tilsette sine barn blir då ført vidare.

I tillegg foreslår departementet å rette ein skrivefeil, ved at «barnehave» i gjeldande lov blir erstatta med «barnehage».

Sjå forslag til endringar i skattelova § 5-15 andre ledd andre punktum.

Til forsida