Ot.prp. nr. 93 (2002-2003)

Om lov om endringar i skatte- og avgiftslovgivinga mv.

Til innhaldsliste

8 Forslag til retting av lovtekst - skattelova § 6-40 fjerde ledd

Ved lov 21. desember 2000 nr. 111 blei det vedteke endringar i skattelova § 4-31 som førte til at tidlegare første ledd i skattelova § 4-31 blei erstatta med nye lovføresegner som blei inntekne i skattelova § 4-31 første til tredje ledd. Tidlegare andre og tredje ledd i skattelova § 4-31 blei samstundes ført vidare i skattelova § 4-31 nye fjerde og femte ledd.

Lovføresegna i skattelova § 6-40 fjerde ledd viser mellom anna til lovføresegna i skattelova § 4-31 tredje ledd. Ved ein feil blei jamføringa i skattelova § 6-40 fjerde ledd til skattelova § 4-31 tredje ledd ikkje retta i samband med lovendringa 21. desember 2000 nr. 111. Rett jamføring skal vere til skattelova § 4-31 femte ledd. Departementet foreslår at skattelova § 6-40 fjerde ledd endrast i samsvar med dette.

Til forsida