Prop. 137 LS (2010–2011)

Lov om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven) og om samtykke til inngåing av avtale 28. juni 2006 mellom EU, Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane

Til innhaldsliste

13 Inngåing av avtale mellom Den europeiske unionen og Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane

Avtalen vart underskriven 28. juni 2006 med atterhald om samtykke frå Stortinget. Samtykke er nødvendig ettersom gjennomføring av avtalen krev lovendringar, jf. Grunnloven § 26 andre ledd. Departementet meiner også at avtalen er ei særleg viktig sak.

Departementet rår Stortinget til å samtykke til at Noreg blir bunden av avtalen. Ein viser til vurderingane ovanfor, særleg i punkt 2.

Til forsida