Prop. 137 LS (2010–2011)

Lov om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven) og om samtykke til inngåing av avtale 28. juni 2006 mellom EU, Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane

Til innhaldsliste

7 Spesialitetsprinsippet. Vidare overlevering/utlevering

Spesialitetsprinsippet inneber at ein person som er utlevert, som hovudregel ikkje kan strafforfølgjast eller få fullbyrda straff mot seg for andre straffbare forhold som er utførte før utleveringsoppmodinga vart send enn dei forholda som ligg til grunn for utleveringa. Utleveringa gjeld berre for dei forholda som utleveringsvedtaket gjeld, og berre til fordel for den staten som har fått personen utlevert. Prinsippet er eit utslag av at det i utgangspunktet er opp til den enkelte staten å bestemme både om og for kva for handlingar utlevering av personar som oppheld seg på staten sitt territorium skal skje. Den staten som har sett fram krav, og som eventuelt får personen utlevert, må respektere det utanlandske vedtaket.

Spesialitetsprinsippet er med på å sikre at vilkåra som gjeld for utlevering blir reelle. Ein unngår at ein person blir utlevert for eit forhold, men strafforfølgt for noko heilt anna eller meir. Kontrollen av om vilkåra er oppfylte i høve til den enkelte straffbare handlinga, inneber eit vern for den som blir kravd utlevert.

Vernet som ligg i spesialitetsprinsippet gjeld berre for forhold gjort før utleveringa. Den staten som har fått personen utlevert står fritt til å strafforfølgje eller fullbyrde straff for forhold gjort etter utleveringa.

Dei omsyna som ligg bak spesialitetsprinsippet ligg også til grunn for hovudregelen i utleveringsretten om at ein person ikkje utan vidare kan utleverast vidare.

I utleveringsloven § 12 nr. 1 bokstav a er spesialitetsprinsippet lovfesta i form av eit krav om at det for utlevering blir sett som vilkår at den utleverte ikkje skal strafforfølgjast eller sone straff for andre forhold som har skjedd før utleveringa enn dei han er utlevert for. Men dette gjeld ikkje dersom departementet samtykkjer, dersom personen har late vere å forlate det landet han er utlevert til sjølv om han i 45 dagar uhindra har kunna gjere det, eller dersom vedkomande frivillig har vendt tilbake etter først å ha forlate landet. Dette er klassiske unntak frå spesialitetsprinsippet som ein også finn i utleveringskonvensjonen artikkel 14. Han må heller ikkje utleverast vidare til ein tredje stat i andre enn dei nemnde tilfella (bokstav b).

I lov om nordisk arrestordre er hovudregelen at strafforfølging og straffullbyrding også kan skje for forhold som er gjort før overleveringa. Spesialitetsprinsippet er såleis i monaleg grad modifisert. Personen som blir overlevert kan som hovudregel også overleverast vidare til ein annan nordisk stat. For overlevering eller utlevering vidare til ein stat utanfor Norden er spesialitetsprinsippet oppretthaldt.

Parallellavtalen, som her er likelydande med den europeiske arrestordren, opprettheld som utgangspunkt spesialitetsprinsippet (artikkel 30 nr. 2), men gjer samtidig ei rekkje unntak (nr. 3). For det første er det gjort unntak for dei klassiske situasjonane nemnde ovanfor (artikkel 30 nr. 3 bokstav a og g). I tillegg så skal spesialitetsprinsippet heller ikkje gjelde dersom den handlinga det er snakk om å strafforfølgje for, ikkje kan straffast med fridomstap eller tiltak som innskrenkar personen sin personlege fridom, eller dersom «personen kan bli gjenstand for straff eller tiltak som ikke omfatter frihetsberøvelse, særlig økonomisk straff eller tiltak i stedet for dette, selv om straffen eller tiltaket kan medføre en begrensning i hans eller hennes personlige frihet» (bokstav b, c og d). Også samtykke frå den overleverte gir grunnlag for strafforfølging for handlingar gjort før overleveringa (bokstav e og f). Stort sett gjeld dei same reglane for overlevering vidare. Utlevering vidare (til statar utanfor Norden og EU), skal derimot ikkje skal skje utan samtykke frå staten som overleverte personen.

Avtalen opnar for at statane kan erklære at andre statar som har gitt ei tilsvarande erklæring, kan leggje til grunn at samtykke til strafforfølging mv. for andre straffbare forhold som er gjort før overleveringa, og til overlevering vidare, er gitt om ikkje iverksetjande myndigheita seier noko anna i den enkelte avgjerda om overlevering (artikkel 30 nr. 1). Ei slik erklæring skal gjelde overfor statar som har gitt same erklæring (gjensidigheit).

I Sverige har ein valt å gjere strafforfølging og fullbyrding av straff for forhold som ikkje er omfatta av overleveringa, avhengig av løyve. Det same gjeld for overlevering og utlevering vidare. Løyve set føre at dei alminnelege vilkåra for overlevering eller utlevering er til stades. Også i dansk og finsk rett er utgangspunktet at spesialitetsprinsippet gjeld.

I høyringsnotatet la departementet opp til at spesialitetsprinsippet framleis skulle gjelde, men med dei unntaka som krevst etter avtalen, jf. artikkel 30 nr. 2 og 3.

Dette er ikkje kommentert av høyringsinstansane.

Som nemnt er kontrollen med om vilkåra for overlevering er oppfylte for den enkelte handlinga, med på å sikre at vernet som ligg i dette for den ettersøkte ikkje blir uthola. Departementet foreslår derfor ikkje at Noreg gir noko erklæring om at samtykke til strafforfølging for andre forhold gjort før overleveringa skal leggjast til grunn som gitt om ikkje noko anna går fram av det norske vedtaket om overlevering. Departementet foreslår lovføresegner som inneber at spesialitetsprinsippet vil gjelde så langt parallellavtalen ikkje gjer unntak.

Spesialitetsprinsippet og avgrensingane i høvet til overlevering eller utlevering vidare gjer det nødvendig med reglar om i kva tilfelle norsk påtalemakt kan gi samtykke til strafforfølging eller til over- eller utlevering for forhold gjort før overleveringa frå Noreg og kva sakshandsamingsreglar som skal gjelde i slike tilfelle. I tillegg må ein regulere i kva mon norske styresmakter kan strafforfølgje eller over- eller utlevere vidare personar som er blitt overleverte hit for andre forhold gjort før overleveringa.

I kva grad styresmaktene i den staten som har fått ein person overlevert frå Noreg kan strafforfølgje for andre forhold eller over- eller utlevere vidare, følgjer av parallellavtalen og konvensjonen om nordisk arrestordre. Den staten som tek imot personen er folkerettslig bunden til å overhalde desse reglene. Om norske styresmakter uttrykkeleg set vilkår i samband med avgjerda om å etterkome arrestordren, har dermed ikkje noko å seie for i kva mon den staten personen skal overleverast til faktisk kan strafforfølgje for andre forhold eller over- eller utlevere vidare. I motsetnad til i høyringsnotatet har ein valt ikkje å ta med føresegner om at det skal settjast vilkår med same innhald som avtalen sine føresegner om spesialitetsprinsippet i artikkel 30 og 31, og dei tilsvarande føresegnene i den nordiske konvensjonen artikkel 23 og 24. Dette gir ei enklare regulering av spesialitetsprinsippet samanlikna med høyringsnotatet. I samband med overlevering av norske borgarar er det likevel behov for å stille enkelte vilkår.

Føresegner som regulerer spesialitetsprinsippet er tekne inn i lovforslaget §§ 15 første ledd, 16, 22 første ledd, 23, 24, 28, 36 og 37. Ein viser til merknadene til desse føresegnene.

Til forsida