Prop. 137 LS (2010–2011)

Lov om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven) og om samtykke til inngåing av avtale 28. juni 2006 mellom EU, Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane

Til innhaldsliste

14 Gjennomføring av trepartsavtalar med Sveits og Liechtenstein

EU og Sveits skreiv 26. oktober 2004 under to bilaterale avtalar som knyter Sveits til Schengen- og Dublin-samarbeidet. Dermed vart Sveits innlemma i samarbeidet om blant anna grensekontroll og kampen mot kriminalitet. Sveits sin avtale med EU svarer med nokre avgrensa unntak til Noreg og Island sine tilsvarande avtalar med EU.

For at Schengen og Dublin-regelverket skal kunne nyttast også mellom Noreg, Island og Sveits, underskreiv desse landa ein trepartsavtale 17. desember 2004. Trepartsavtalen består av eit forord og fire artiklar og viser til innhaldet i dei parallelle avtalane som dei tre landa har med EU. Referanseteknikken som er nytta for gjennomføring av Schengen-regelverket, blant anna i utleveringsloven § 17a, gjer at Sveits si tilslutning til regelverket ikkje i seg sjølv gjer det nødvendig å gjere endringar i føresegnene som gjennomfører Schengen-regelverket. Samtidig inneber trepartsavtalen med Sveits (og den tilsvarande avtalen med Liechtenstein, sjå nedanfor) at dei Schengen-relaterte føresegnene i utleveringsloven heller ikkje kan opphevast, sjølv om lovforslaga her vil erstatte desse reglane når det gjeld utlevering til og frå EU-statane.

Dei nødvendige lovendringane for bruk av Dublin-regelverket i forhold til Sveits vart gjennomførte ved lov 30. juni 2006 nr. 37, sjå Ot.prp. nr. 73 (2005-2006).

EU sine to utleveringskonvensjonar frå høvesvis 1995 og 1996 er ikkje gjennomført i norsk rett sjølv om dei er ei vidareutvikling av Schengen-konvensjonen. På det tidspunktet Noreg og Island inngjekk trepartsavtalen med Sveits, var gjennomføringa av desse konvensjonane i Noreg og Island i samråd med Kommisjonen utsett i påvente av forhandlingane mellom Noreg og EU om parallellavtalen til EU sin arrestordre. Parallellavtalen om arrestordren erstattar som nemnt dei to utleveringskonvensjonane når det gjeld utlevering mellom Noreg og EU sine medlemsstatar. Proposisjonen her om gjennomføring av parallellavtalen og samtykke til inngåing av den, gjer at det ikkje lenger er aktuelt å gjennomføre dei to EU-konvensjonane for regulering av utlevering mellom Noreg og EU-statane.

Etter artikkel 1 i trepartsavtalen skal rettar og plikter som avtalepartane har som følgje av Schengen-regelverket, medrekna vidare uvikling av dette regelverket, gjelde tilsvarande mellom Island, Noreg og Sveits «i den grad disse stater er bundet av de samme rettigheter og forpliktelser i sine forbindelser med Den europeiske union og Det europeiske fellesskap.» Sidan EU sine to utleveringskonvensjonar, som vidareutviklar Schengen-regelverket, enno ikkje er sette i kraft, er dei heller ikkje bindande verken for EU-statane sjølve, Island, Noreg eller Sveits. Og sidan den europeiske arrestordren erstattar desse konvensjonane er det høgst usikkert om dei nokon gong vil tre i kraft.

I samband med innhenting av samtykke frå Stortinget til inngåing av trepartsavtalen med Sveits (St.prp. nr. 60 (2005-2006)), vart det uttalt at det var ønskeleg å sjå endringar i utleveringsreglane i samanheng, slik at nødvendige lovforslag om gjennomføring av overleveringsavtalen med EU kunne nyttast jamvel overfor Sveits i den grad reglane er samanfallande. I høyringsnotatet vart det derfor varsla at det i lovproposisjonen ville bli vurdert om det er nødvendig med ytterlegare lovendringar for å oppfylle krava i 1995- og 1996-konvensjonane.

Ettersom det er såpass usikkert om dei to EU-konvensjonane nokon gong vil tre i kraft, og ettersom ein i forslaget her legg opp til at overlevering til og frå EU-statar skal regulerast i ein eigen lov, finn ikkje departementet det naturleg å kome med forslag til gjennomføring av reglane i det to konvensjonane no. Departementet vil kome tilbake til dette dersom situasjonen endrar seg.

Norge har også inngått ein trepartsavtale med Island og Liechtenstein som svarer til den som er inngått med Sveits. Avtalen vart skriven under 25. mars 2010, men er enno ikkje trått i kraft. Liechtenstein er knytt til EU sitt Schengen- og Dublin-regelverk gjennom to protokollar frå 2008. Vurderingane ovanfor gjeld derfor også i forhold til Liechtenstein.

Til forsida