Prop. 137 LS (2010–2011)

Lov om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven) og om samtykke til inngåing av avtale 28. juni 2006 mellom EU, Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane

Til innhaldsliste

15 Endring i straffeprosessloven

Straffeprosessloven kapittel 32 om fullbyrding har ingen uttrykkeleg regel om kor stor del av straffa som kan fullbyrdast og korleis dette skal fastsetjast i dei tilfella kor ein person er blitt utlevert til Noreg, men kor den utleverande staten berre godtek utlevering til Noreg for nokre av dei handlingane som den norske dommen omfattar.

I høyringsnotatet foreslo departementet ei ny føresegn i § 463 b i straffeprosessloven om at retten, etter oppmoding frå påtalemakta, i slike tilfelle ved vedtak skal fastsette straffa for dei handlingane som overlevering eller utlevering kan skje for.

Politidirektoratet sluttar seg i høyringa til departementet si vurdering av behovet for å supplere straffeprosessloven kapittel 32 på dette punktet, og viser elles til høyringsfråsegna frå Østfold politidistrikt. Østfold politidistrikt støtter departementet si grunngiving for forslaget men har merknader til språkforma og omgrepsbruken. Også riksadvokaten har merknader til språkforma, men skriv elles at forslaget til ny føresegn synes dekkande for formålet.

Høyringsfråsegnene stadfester at det er behov for den foreslåtte nye føresegna om fastsetting av straff i tilfelle kor den utleverande eller overleverande staten berre godtek utlevering eller overlevering til Noreg for nokre av dei handlingane som den norske dommen omfattar. Departementet foreslår derfor ei slik tilføying, sjå forslaget til ny § 463 b i straffeprosesslova. Det vises elles til spesialmerknaden til fråsegna.

Til forsida