Prop. 137 LS (2010–2011)

Lov om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven) og om samtykke til inngåing av avtale 28. juni 2006 mellom EU, Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane

Til innhaldsliste

16 Økonomiske og administrative konsekvensar

Politijuristene har i si høyringsfråsegn understreka som eit meir generelt synspunkt behovet for kompetanseutvikling hos påtalejuristane. Brukarane av nye lover må få høve til å oppdatere seg, og dei etatane som lova vedkjem må få høve til å gjere seg kjende med og innarbeide det nye regelverket gjennom blant anna endring av rutinar og praksis. Dei økonomiske og administrative konsekvensane er ikkje kommentert av andre høyringsinstansar.

Departementet vil understreke at den forenkla prosedyren for overlevering av lovbrytarar som forslaget legg opp til, vil føre til mindre arbeid for både påtalemakta og domstolane. For departementet vil forslaget innebere at det i framtida vil ha svært lite å gjere med overleveringskrav til og frå EU, da med unntak for nokre saker som gjeld overlevering av norske borgarar og for politiske lovbrot.

Forslaget om å tillate overlevering av norske borgarar vil kunne føre til nokre fleire krav om overlevering og noko meirarbeid, da først og fremst for påtalemakta og domstolane. I dei tilfella kor ein arrestordre gjeld overlevering av norsk borgar til eit land som ikkje sjølv overleverer eigne borgarar hit, vil departementet måtte ta avgjerda etter at saka er førebudd av påtalemakt og domstolar. I den grad også EU-statane tillèt overlevering av eigne borgarar til Noreg, vil dette kunne føre til nokre fleire straffesaker her i landet og noko meirarbeid for politi, påtalemakt og domstolar.

I dei tilfella kor det lempa kravet til dobbel strafflegging gjer seg gjeldande, vil dette innebere noko mindre arbeid for dei norske styresmaktene som skal handsame overleveringskrava – domstolar og påtalemakt.

Føresegna om politiske lovbrot, som opnar for at overlevering i framtida også skal kunne skje for slike lovbrot, inneber at domstolane sjeldnare vil måtte vurdere om handlinga som ligg til grunn for arrestorden er eit politisk lovbrot. I dei tilfella kor domstolane fortsatt vil måtte vurdere dette, er det departementet som skal avgjere arrestordren. Forslaget vil neppe få nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

Samla sett legg departementet til grunn at innsparingar og meirarbeid vil utlikne kvarandre, slik at forslaget totalt sett ikkje vil ha nemneverdige økonomiske og administrative konsekvensar. For departementet inneber overføring av størsteparten av handsamingsansvaret for overleveringar til og frå EU-statar at andre oppgåver kan prioriterast høgare og gjennomførast raskare.

Endringane i andre lover, mellom anna straffeprosessloven, utleveringsloven og panteloven (sjå merknaden til § 43), har ikkje nemneverdige økonomiske eller administrative konsekvensar.

På bakgrunn av det som er nemnt ovanfor legg ein til grunn at alle eventuelle meirutgifter som følgjer av forslaga i proposisjonen her, vil bli dekt innanfor gjeldande bevillingar.

Til forsida