Prop. 137 LS (2010–2011)

Lov om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven) og om samtykke til inngåing av avtale 28. juni 2006 mellom EU, Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane

Til innhaldsliste

17 Merknader til dei enkelte paragrafane

Til § 1

Føresegna er ny, sjå likevel merknaden til første ledd andre punktum.

Første ledd første punktum angir loven sitt verkeområde som overlevering for straffbare forhold av personar mellom Noreg, Island og medlemsstatar i Den europeiske unionen (nordisk-europeisk arrestordre) og mellom Noreg og andre nordiske statar (nordisk arrestordre). Slik overlevering skjer på grunnlag av ein arrestordre, sjå definisjonane av arrestordre, nordisk-europeisk arrestordre og nordisk arrestordre i § 4. Slike overleveringar har eit folkerettslig grunnlag i høvesvis avtale 28. juni 2006 mellom Den europeiske unionen og Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane, og konvensjon 15. desember 2005 om overlevering for straffbare forhold mellom dei nordiske landa (Nordisk arrestordre). I § 4 bokstav b og c er det vist til dei nemnde instrumenta.

Arrestordreloven inneber at utlevering til EU-statar, som hittil har vore regulert i utleveringsloven, blir erstatta av eit forenkla overleveringsinstitutt. Loven inneheld i tillegg reglar som ikkje direkte gjeld overlevering av personar for straffbare forhold, men som regulerer spørsmål som kjem opp i tilknyting til ein arrestordre, sjå for eksempel § 29 om avgjerda når det ligg føre konkurrerande krav, § 37 om utlevering vidare til tredjestatar, og § 41 om transitt frå ein tredjestat til ein EU-stat.

I andre punktum er plikta til å etterkome og setje i verk ein arrestordre fastset. Føresegna førar i så måte vidare lov om nordisk arrestordre § 4 første ledd. I føresegna ligg at det ikkje lenger er opp til norske styresmakter sitt skjønn om ein person skal bli overlevert eller ikkje – overlevering skal skje viss det ikkje ligg føre nokon obligatorisk avslagsgrunn eller ein fakultativ avslagsgrunn som kompetent norsk styresmakt ønskjer å nytte.

Andre ledd fastset at loven også regulerer pågriping og overlevering av personar til Noreg for strafforfølging eller straffullbyrding her. Loven erstattar såleis utleveringsloven § 23 når den personen som ein ønskjer å få overlevert oppheld seg i ein EU-stat eller Island, sjå §§ 32 og 33 om utferding av høvesvis nordisk-europeiske og nordiske arrestordrar.

Til § 2

Føresegna, som har same ordlyd som straffeprosessloven § 4, inneheld eit generelt atterhald om at loven gjeld med dei avgrensingane som følgjer av folkerettsleg sedvanerett og av traktatar og konvensjonar som er bindande for Noreg. I første rekkje er dette dei to instrumenta som ligg til grunn for loven, sjå merknaden til § 1. I tillegg kjem annan folkerett, ikkje minst Den europeiske menneskerettskonvensjonen, uttrykkeleg nemnd i fortalane både til den nordiske konvensjonen og til parallellavtalen med EU og Island, og FN sin konvensjon om sivile og politiske rettar. Begge desse har status som norsk lov, sjå menneskerettsloven § 2. Loven må også nyttast i samsvar med folkerettslege avgrensingar som følgjer av føresegner om privilegium og immunitet, sjå § 27.

Til § 3

Paragrafen seier at straffeprosessloven sine føresegner gjeld så langt dei passer om ikkje noko anna går fram av loven her. Føresegna er ei vidareføring av den nordiske utleveringsloven § 10, og, innanfor loven sitt verkeområde, utleveringsloven § 14 nr. 3. Loven inneheld sjølv enkelte straffeprosessuelle føresegner, sjå særleg §§ 13 og 20 med blant anna vilkår for pågriping og fengsling. Også desse må supplerast av andre reglar i straffeprosessloven kapittel 14.

Til § 4

Paragrafen inneheld definisjonar av sentrale omgrep og tener også til å avgrense loven sitt verkeområde nærmare.

Bokstav a skildrar kva ein arrestordre er: ei avgjerd av kompetent myndigheit i ein EU-stat, Island eller Noreg om at ein annan av dei nemnde statane skal pågripe og overlevere ein person anten for strafforfølging eller fullbyrding av visse former for straff. Det er opp til den enkelte staten å definere kven som er kompetent til å utstede ein arrestordre; statane skal erklære kven dette er ved inngåing av avtalane. Føresegna speglar den nordiske konvensjonen artikkel 1 nr. 1 og parallellavtalen med EU og Island artikkel 2 nr. 5.

Ein arrestordre vil svare til eit utleveringskrav i den forstand at den innleiar prosessen. Men mens eit utleveringskrav formelt berre er ei oppmoding til ein annan stat, er arrestordren ein ordre om pågriping med tanke på påfølgande overlevering som skal settjast i verk om ikkje det ligg føre ein avslagsgrunn. Av andre punktum følgjer at i dei av loven sine kapittel som inneheld felles føresegner for både nordiske og nordisk-europeiske arrestordrar, famnar arrestordreomgrepet både nordiske og ikkje-nordiske arrestordrar.

Bokstav b definerer ein nordisk-europeisk arrestordre som ein arrestordre ferda ut etter parallellavtalen med EU. I tillegg skal ein europeisk arrestordre ferda ut i samsvar med EU si rammeavgjerd, reknast som ein nordisk-europeisk arrestordre av norske styresmakter og handsamast etter reglane som gjeld for desse.

Av bokstav c følgjer at ein nordisk arrestordre er ein arrestordre utferda i samsvar med den nordiske konvensjonen om overlevering (Nordisk arrestordre). Men i tillegg skal også ein kvar annan arrestordre utferda av ein nordisk stat reknast som ein nordisk arrestordre. I praksis vil dette omfatte europeiske arrestordrar utferda av Sverige, Finland eller Danmark i samsvar med rammeavgjerda nemnd over, og arrestordrar utferda av Island på grunnlag av parallellavtalen.

Bokstav d definerer omgrepet utlevering som utlevering av personar for straffbare forhold etter utleveringsloven eller tilsvarande reglar i framand stat.

Både utlevering og overlevering er nemningar på overføring av mistenkte eller domfelte frå den staten vedkomande oppheld seg i og til eit anna land ved bruk av tvang, og begge ordningar har til formål å mogleggjere grenseoverskridande rettsforfølging. Skilnaden ligg i kva materielle og prosessuelle reglar som gjeld for handsaminga og avgjerda av krav om høvesvis utlevering og overlevering. Definisjonen i bokstav d er gitt for å synleggjere skilnaden mellom overlevering og utlevering, og for å tydeleggjere kva som ligg i omgrepet utlevering der dette er nytta, sjå §§ 13 fjerde ledd siste punktum, 15 første ledd siste punktum, 16, 20 femte ledd siste punktum, 22, 24, 28 femte ledd, 29 andre og tredje ledd, 37 og 41 tredje ledd.

Til § 5

Paragrafen listar opp kva for opplysningar ein arrestordre skal innehalde, jf. den nordiske konvensjonen artikkel 7 nr. 1 og parallellavtalen med EU artikkel 11 nr. 1, og fører vidare lov om nordisk arrestordre § 2 første ledd med nokre redaksjonelle endringar. Opplysningane som er lista opp inngår i dei skjema som er vedlegg til høvesvis den nordiske konvensjonen og parallellavtalen med EU. Krava gjeld både for arrestordrar som skal handsamast av norske styresmakter, og arrestordrar som blir utferda av norsk påtalemakt. Dersom norsk politi eller påtalemakt mottar ein mangelfull arrestordre, er dette ikkje utan vidare ein avslagsgrunn, sjå andre ledd.

Det er vist til paragrafen her i § 32 om utferding av nordisk-europeiske arrestordrar, sjå fjerde ledd første punktum, og § 33 om utferding av nordiske arrestordrar, sjå andre ledd. Kva for språk ein arrestordre skal vere skriven på, følgjer av § 26 for arrestordrar som skal handsamast av norske styresmakter og §§ 32 femte ledd og 33 andre ledd for arrestordrar som skal ferdast ut av norske styresmakter. Korleis arrestordrar skal sendast, går fram av §§ 25 og 34.

Andre ledd gir påtalemakta heimel for å avslå ein arrestordre utan nærmare sakshandsaming i tilfelle kor arrestordren har vesentlege manglar, typisk at den ikkje inneheld dei opplysningane som krevst etter første ledd. Det vil til dømes normalt utgjere ein vesentleg mangel dersom det ikkje er gitt opplysning om grunnlaget for arrestordren, jf. første ledd bokstav c, eller dersom straffa eller strafferamma ikkje er oppgitt, jf. første ledd bokstav f. Før påtalemakta avslår med heimel i denne føresegna, skal den utferdande staten ha fått ein frist til å rette opp manglane. Avgjerda bør vere skriftleg.

Til § 6

Første ledd lovfestar dei grunnleggjande vilkåra for overlevering på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre, sjå § 4 bokstav b, jf. parallellavtalen artikkel 3 nr. 1. Den parallelle føresegna for nordiske arrestordrar er § 17. Bokstav a gjeld arrestordrar ferda ut for strafforfølging. Etter dette alternativet krevst det at forholdet som overleveringskravet gjeld kan føre til fridomsstraff eller annan reaksjon som inneber tap av fridommen i 1 år eller meir i den utferdande staten. Etter bokstav b kan det ferdast ut arrestordrar til fullbyrding av reaksjon som nemnd på minst fire månader. Ettersom kravet til straffetrusselen eller idømd straff følgjer av den underliggande folkerettslige avtalen og kjem an på strafferammer eller avgjerder i den staten som sett fram arrestordren, vil den utanlandske styresmakta sjølv måtte sjå til at krava her er oppfylt. I praksis vil derfor ein norsk domstol neppe kome til å måtte avslå ein arrestordre på grunn av at vilkåra i første ledd ikkje er oppfylt.

Andre ledd lemper på krava i første ledd når arrestordren omfattar fleire forhold. Det er da tilstrekkeleg at anten kravet til strafferamme eller til idømd straff i første ledd er oppfylt for eit av forholda (aksessorisk overlevering). I praksis inneber kravet om at dei aksessoriske forholda må vere straffbare etter norsk lov eit krav om dobbel strafflegging, jf. føresegna om dobbel strafflegging i § 7 første ledd. Men formelt er kravet i føresegna her til strafflegging i norsk rett eit unntak frå strafferammekravet/kravet til idømd straff.

Til § 7

Paragrafen gjeld krav om dobbel strafflegging, altså at handlinga som arrestordren gjeld skal vere straffbar både etter norsk lov og etter den utferdande staten sin rett.

Hovudregelen i første ledd fører vidare det tilsvarande kravet i utleveringsloven § 3 nr. 1. Mangel på dobbel strafflegging er ein obligatorisk avslagsgrunn som skal prøvast av retten på linje på dei som er nemnde i § 8, men den er av lovtekniske grunnar regulert i ei eiga føresegn.

Andre og tredje ledd inneheld visse unntak frå kravet til dobbel strafflegging. Er handlinga som arrestordren gjeld omfatta av eit av unntaka, inneber dette at norske domstolar ikkje skal prøve om handlinga også er straffbar etter norsk rett.

Andre ledd gjeld enkelte former for medverknad til felles kriminell verksemd. Ordlyden her lik teksten i parallellavtalen artikkel 3 nr. 3. Med felles kriminell verksemd meinast tilfelle der ei gruppe personar er saman om å gjere straffbare handlinger. Årsaka til at føresegna ikkje er tilpassa norsk juridisk terminologi er at det avgjerande for om unntaket er aktuelt, er at den staten som har utstedt arrestordren meiner at handlinga fell innanfor denne kategorien. Denne vurderinga skal ikkje norske styresmakter overprøve.

Formuleringa av kravet til bidragshandlingane og deira tilknyting til den felles kriminelle verksemda («behaviour of any person who contributes to the commission by a group of persons acting with a common purpose») svarer til den som er nytta i EU sin konvensjon om utlevering mellom medlemsstatane i Den europeiske unionen 27. september 1996, artikkel 3 nr. 4, sjå også vedtektene for Den internasjonale straffedomstolen (Roma-vedtektene) artikkel 25 nr. 3 bokstav d. Skuldkravet («intentional and made with the further knowledge that his or her participation will contribute to the achievement of the organisation’s criminal activities») har likskapsdrag både med den føresegna som nettopp vart nemnd, men også med EU sitt rammevedtak om kamp mot terrorisme artikkel 2 nr. 2 bokstav b. Sjå også Roma-vedtektene artikkel 25 nr. 3 bokstav d.

Kva for handlingar bidraget eller medverknaden må bestå i, er ikkje presisert. Det kan dermed dreie seg om bidrags- eller medverknadshandlingar av ein kvar art; ein må vurdere konkret om åtferda har bidrege til eit eller fleire straffbare lovbrot. Som det går fram av ordlyden treng åtferda ikkje å innebere deltaking i sjølve utføringa av lovbrota – bidraget/medverknaden kan såleis bestå i ein rein hjelpefunksjon. Det er heller ikkje noko krav om at personen som har medverka sjølv er «medlem» av gruppa så framt dei andre vilkåra er oppfylte. Men det er ein føresetnad at handlingane kan straffast med fengsel eller ein anna reaksjon som inneber tap av fridomen i minst 12 månader. I tillegg så må bidragshandlingane knytte seg til dei handlingane, gjort i fellesskap, som er lista opp. Skuldkravet er forsett. I tillegg må den som har medverka ha hatt kunnskap om at deltakinga ville bidra til å realisere organisasjonen si kriminelle verksemd.

Tredje ledd første punktum gjer unntak frå kravet til dobbel strafflegging for bestemte handlingar som går fram av forskrift til loven, sjå heimelen i andre punktum. Det er eit vilkår at handlinga kan straffast med fengsel eller annan fridomsrøvande reaksjon i minst 3 år etter reglane i den staten som har ferda ut arrestordren. Unntaket gjeld likevel berre i høve til land som heller ikkje sjølve stiller krav om dobbel strafflegging for overlevering til Noreg for det same handlingane. Lista, som vil bli teke inn i forskrift, vil svare til den i parallellavtalen artikkel 3 nr. 4. Føresegna er nærmare omtalt i punkt 6.4 ovanfor.

Til § 8

Føresegna reknar opp dei avslagsgrunnane som er ufråvikelege. Er ein av desse avslagsgrunnane til stades for eit eller fleire av dei forholda som arrestordren gjeld, skal den avslåast for desse. Direkte så gjeld paragrafen her for overlevering på grunnlag av nordisk-europeiske arrestordrar, men det følgjer av § 18 at den i det vesentlege gjeld tilsvarande for overlevering til dei nordiske landa på grunnlag av ein nordisk arrestordre.

Paragrafen er i det vesentlege ei vidareføring av lov om nordisk arrestordre 5, men formuleringa i innleiinga er noko endra ved at den no seier at arrestordren skal avslåast for dei enkelte forholda som det føreligg ein avslagsgrunn for. Om heile arrestordren skal verte avslått i tilfelle kor det ligg føre ein avslagsgrunn for eit av forholda, kjem an på om arrestordren også omfattar forhold som gir grunnlag for overlevering.

Bokstavane a til i fører vidare lov om nordisk arrestordre § 5 og ein viser til merknadene til denne i Ot.prp. nr. 39 (2007-2008).

Bokstav g om tilfelle kor rettsforfølging er innstilt i Noreg er også ei vidareføring men med enkelte endringar: For det første er det presisert at innstilt rettsforfølging berre er avslagsgrunn i dei tilfella kor den ettersøkte først har vore sikta for forholdet. Det er berre kor den ettersøkte har vore sikta, jf. straffeprosessloven § 82, at omsyna som ligg til grunn for Schengen-konvensjonen artikkel 54, sjå Ot.prp. nr. 39 (2007-2008) side 14-15, tilseier at innstillinga givast verknad som endeleg avgjerd som hindrar overlevering. Straffeprosessloven § 74 om vilkåra for å ta opp att forfølging av saker som tidlegare er blitt innstilte, gjeld berre kor nokon har vore sikta i saka. Har det ikkje vore nokon sikta, er det ikkje noko til hinder for at forfølginga vert teke opp att. Presiseringa inneber at dersom til dømes saka er innstilt fordi det ikkje vart sett fram noko krav om påtale, og utan at forfølging har vore sett i verk, er innstillinga ikkje til hinder for overlevering. Men i tilfelle kor det har vore teke skritt som har gitt ein person status som sikta, men kor krav om påtale ikkje har vore sett fram eller er trekt tilbake, er innstilling til hinder for overlevering.

Bokstavane j og k er nye. Bokstav j seier at ein arrestordre som gjeld strafforfølging skal avslåast i tilfelle kor det ligg føre ein rettskraftig dom eller anna endeleg avgjerd i ein internasjonal eller overnasjonal domstol som er til hinder for vidare strafforfølging. Bokstaven gjeld både for nordisk-europeiske og nordiske arrestordrar, sjå § 18. Gjeld arrestordren straffullbyrding, skal den avslåast om den ilagde reaksjon er fullbyrda, under fullbyrding eller dersom den ikkje lenger kan fullbyrdast. Føresegna er ei uttrykkeleg lovfesting av avgrensingar i plikta til å overlevere som følgje av andre folkerettslige plikter, jf. lovforslaget § 2 og lov 24. juni 1994 om Jugoslavia- og Rwandadomstolane, § 5, og lov 15. juni 2001 nr. 65 om gjennomføring av Roma-vedtektene, § 9.

Bokstav k gjeld berre for nordisk-europeiske arrestordrar og i tilfelle kor handlinga er gjort heilt eller delvis på norsk territorium. For det første skal arrestordren da avslåast for forhold som ikkje er straffbare etter norsk rett. Ettersom det fortsatt som hovudregel gjeld eit krav om dobbel strafflegging for å kunne overlevere, sjå § 7 første ledd, har føresegna i praksis berre tyding i tilfelle kor det er gjort unntak frå kravet, sjå nemnde paragraf sitt andre og tredje ledd. Er handlinga gjort på norsk territorium, må vilkåret om dobbel strafflegging alltid vere oppfylt for å kunne overlevere til statar utanfor Norden. For det andre er forelding etter norsk rett ein ufråvikeleg avslagsgrunn i tilfelle kor handlinga er gjort heilt eller delvis på norsk territorium. Føresegna gjeld både forelding av straffansvaret og forelding av idømd straff.

Andre ledd seier at ein arrestordre også skal avslåast dersom overlevering vil vere i strid med EMK eller ein av tilleggsprotokollane som gjeld som norsk lov. Dette vil kunne vere tilfellet om det er grunn til å tru at overlevering er kravd i den hensikt å strafforfølgje eller fullbyrde straff mot den ettersøkte på grunn av til dømes vedkomande si religiøse tru, politiske oppfatning eller seksuelle legning m.v., dersom slik forfølging eller fullbyrding ville stride mot EMK sitt diskrimineringsforbod, jf. EMK artikkel 14. Det same vil gjelde om det er grunn til å tru at den ettersøkte vil bli utsett for tortur eller anna umenneskeleg eller fornedrande behandling eller straff, jf. EMK artikkel 3. Det kan også tenkast at andre av konvensjonen sine føresegner kan vere aktuelle, til dømes artikkel 6 om retten til rettvis rettargang. For å kunne avslå ein arrestordre på grunn av strid med EMK, må det krevjast at det ligg føre konkrete haldepunkt for at overlevering vil kome i strid med konvensjonen.

Avslagsgrunnene i paragrafen her gjeld også i dei tilfelle kor kravet om dobbel strafflegging ikkje gjeld, sjå § 7 andre og tredje ledd. Til dømes kan ein arrestordre som gjeld ei terrorhandling omfatta av § 7 andre ledd bokstav a, avslåast dersom ein av avslagsgrunnane i § 8 er til stades.

Til § 9

Paragrafen omhandlar overlevering på grunnlag av nordisk-europeiske arrestordrar for politiske lovbrot og gjennomfører parallellavtalen artikkel 6. Den er nærmare omtalt ovanfor under punkt 6.3.

Første ledd slår fast hovudregelen: Sjølv om ei handling skulle bli vurdert som politisk eller politisk motivert av norske styresmakter, gir dette ikkje grunnlag for å avslå arrestordren. Hovudregelen er følgjeleg den motsette av det som følgjer av utleveringsloven § 5 nr. 1. Fordi parallellavtalen opnar for at ein kan avslå for politiske lovbrot overfor statar som sjølve har teke atterhald om at dette er avslagsgrunn, er det i andre ledd første punktum teke inn ein heimel for å nekte overlevering i slike tilfelle.

Sakshandsaminga i tilfelle kor det kan vere snakk om politiske lovbrot går fram av tredje ledd. Sjølv om det ikkje er snakk om nokon obligatorisk avslagsgrunn skal retten, som i dag, avgjere om handlinga det er snakk er eit politisk lovbrot, jf. første punktum. Kjem retten til at det ikkje er tilfelle, og dei ufråvikelige vilkåra for overlevering er til stades, skal påtalemakta avgjere overleveringskravet på vanleg måte. Men dersom retten kjem til at det er snakk om eit politisk lovbrot, skal departementet avgjere kravet, jf. andre punktum. Dette gjeld også dersom arrestordren omfattar fleire lovbrot og eit av dei vert rekna som politisk. I tilfelle kor departementet skal avgjere arrestordren, bør påtalemakta gi ei tilråding om kor vidt ein av dei fakultative avslagsgrunnane bør nyttast.

Det er opp til departementet sitt skjønn om ein arrestordren skal avslåast for politiske lovbrot. Men parallellavtalen artikkel 6 nr. 2 inneber folkerettslege skrankar for departementet si avgjerd i terrorrelaterte saker. Gjeld arrestordren ei terror- eller terrorrelatert handling som er nemnd her, vil ikkje departementet kunne avslå arrestordren sjølv om handlingane skulle verte sett på som politisk.

Til § 10

Paragrafen regulerer overlevering av norske borgarar. Første ledd første punktum slår fast at loven sine reglar om overlevering også gjeld for norske borgarar. Norske borgarar skal dermed overleverast om ikkje ein av avslagsgrunnane er til stades. Forbodet mot overlevering av norske borgarar i utleveringsloven § 2, gjeld ikkje i samband med overlevering. Men ved overlevering av norske borgarar til strafforfølging, kan det stillast vilkår om at vedkomande sendast tilbake hit for soning, sjå § 22 andre ledd.

Andre ledd første punktum er ein særregel for dei tilfella kor ein stat som ikkje sjølv overleverer eigne borgarar til Noreg, krev overlevering av ein norsk borgar. I desse tilfella kan arrestordren avslåast. Avgjerda av om høvet til å avslå skal nyttast er det departementet som skal ta, jf. andre punktum. Ordlyden legg ikkje nokre føringar for departementet si avgjerd i desse tilfella, men eit moment i vurderinga vil vere kva handling det er snakk om. Departementet legg til grunn at ein også må ta omsyn til plikta som følgjer av utleveringskonvensjonen artikkel 6 nr. 2 til sjølv å vurdere strafforfølging, og om strafforfølging her til lands vil by på særlege vanskar, særleg i samband med bevisføringa. Ein må også vurdere om det vil vere tilstrekkeleg å sette vilkår som nemnd i § 15 andre ledd.

Til § 11

Føresegna er ny og gjennomfører parallellavtalen artikkel 8 nr. 1 og 2. Den gjeld berre ved overlevering på grunnlag av nordisk-europeiske arrestordrar. Reglane skal sikre at overlevering ikkje kjem i strid med EMK.

Første ledd gjeld overlevering til straffullbyrding av dom avsagt utan at den ettersøkte var til stades. Dersom han eller ho heller ikkje var blitt innkalla eller på annan måte var kjent med tid og sted for rettsforhandlingane, skal overlevering ikkje skje utan at den staten som ber om overlevering forsikrar at den ettersøkte kan krevje saka handsama på ny og da vil få høve til å vere til stades.

Andre ledd gjeld livstidsstraff. EMD har i Kafkaris mot Kypros (dom 12. februar 2008) uttalt at ein dom på livstidsstraff ikkje i seg sjølv strir mot forbodet mot tortur i EMK artikkel 3. Men dersom det ikkje finnes noko moglegheit, rettsleg eller faktisk, for lauslating, kan slik straff likevel tenkast å vere i strid med torturforbodet. Sjå premiss 97 og 98 i dommen.

Av tredje ledd går det fram at den nødvendige forsikringa skal vere framlagt før retten avgjer om vilkåra for overlevering er oppfylte. Fråvær av slik forsikring får dermed karakter av ein obligatorisk avslagsgrunn. Det er opp til retten å vurdere om det ligg føre ei tilstrekkeleg forsikring.

Til § 12

Paragrafen regulerer i kva tilfelle ein arrestordre kan avslåast. Den gjeld tilsvarande for nordiske arrestordrar, sjå § 19 første ledd bokstav a. Det er likevel inga plikt til å avslå på dei grunnlaga som her er nemnd. Vurderinga er lagt til påtalemakta.

Første ledd gjeld krav om overlevering til strafforfølging og fører vidare lov om nordisk arrestordre § 6 første ledd bokstav a og c (bokstav b er ført vidare i § 8 bokstav k, sjå merknaden til denne).

Andre ledd gjeld overlevering til straffullbyrding og fører i hovudsak vidare lov om nordisk arrestordre § 6 første ledd bokstav d, men slik at høvet til å avslå ein arrestordre som gjeld fullbyrding for personar som berre oppheld seg her, er fjerna. Det er ikkje meininga at verken norsk statsborgarskap eller busetnad her i landet i seg sjølv skal vere tilstrekkeleg grunn til at ein arrestordre til straffullbyrding vert avslått. Tvert imot bør avslag berre skje om personen har sterk og aktuell tilknyting til landet, noko som ikkje utan vidare er tilfellet verken for norske borgarar eller personar busette her. Ein kan tenkje seg personar som har behalde sitt norske statsborgarskap, men som har budd fleire år eller mesteparten av livet i utlandet. Det er neppe nokon grunn til at desse skal gjennomføre straffa her. På den andre sida kan ein tenkje seg personar som aldri er blitt norske statsborgarar, men som har budd her mesteparten av livet og har familie og nettverk her. I slike tilfelle kan bruk av denne avslagsgrunnen vere riktig. Ved vurderinga må ein også sjå hen til kva slags straff det er tale om å fullbyrde; dette er særleg aktuelt kor dommen går ut på anna tap av fridomen enn fengsel. Lengda på straffa er også relevant. Er den ettersøkte under 18 år, må det avgjerande vere barnet sitt beste. I slike tilfelle bør påtalemakta sørgje for at verjene til barnet, eventuelt også barnevernet eller andre som har føresetnader for det, får uttale seg.

Tredje ledd seier kven som har rett til å uttale seg. Fullbyrding i Noreg vil i praksis berre vere aktuelt i dei tilfella den ettersøkte sjølv ønskjer dette.

Det visast elles til merknadene i Ot.prp. nr. 39 (2007-2008).

Til § 13

Paragrafen gir særreglar om bruken av pågriping og fengsling i samband med nordisk-europeiske arrestordrar. I femte ledd er det også ei føresegn om bruken av andre tvangsmiddel. Den tilsvarande føresegna for nordiske arrestordrar er § 20.

Vilkåra for pågriping, som er grunnleggjande annleis enn dei som gjeld ved pågriping etter straffeprosessloven § 171, går fram av første ledd. Utgangspunktet er at pågriping av ein person skal skje snarast mogleg når det ligg føre ein arrestordre på han; dette for å sikre at overlevering kan skje i samsvar med og innan fristane som er satt i parallellavtalen. Vilkåra for pågriping og fengsling er nærmare omhandla i punkt 10.4. Det er ein føresetnad for å nytte tvangsmiddel at det ligg føre ein arrestordre som ikkje inneheld vesentlege manglar, sjå § 5 andre ledd. Men mindre manglar bør neppe vere til hinder for at pågriping skjer. Kven som treff avgjerd om pågriping og krava til avgjerda, følgjer av dei alminnelege reglane i straffeprosessloven § 175 flg., sjå tilvisinga i lovforslaget § 3.

I reservasjonen i første ledd første punktum ligg at den ettersøkte ikkje skal pågripast når det ut frå opplysningane i arrestordren er klart at det ligg føre ein obligatorisk avslagsgrunn, jf. særleg §§ 6 til 8, eller når det allereie på dette tidspunktet er klart at påtalemakta ikkje ønskjer å etterkome arrestordren på grunn av forhold som nemnd i § 12. Det kan til dømes vere at den ettersøkte allereie er dømt og er under soning for det forholdet arrestordren gjeld, eller at han eller ho var under den kriminelle lågalder da handlinga vart gjort. Eller det kan tenkast at den ettersøkte er under etterforsking i Noreg for det forholdet arrestordren gjeld og at påtalemakta ønskjer å strafforfølgje den ettersøkte her. I slike tilfelle vil pågriping ikkje tene noka hensikt, men tvert om kunne forseinke avgjerda om overlevering. Pågriping vil i slike saker også kunne vere eit for inngripande tiltak. Dersom det til dømes er klart at overlevering ikkje er aktuelt på grunn av den ettersøkte sin immunitet eller fordi overlevering vil vere i strid med menneskerettane, skal pågriping heller ikkje skje.

Første ledd andre punktum inneheld ein særregel for dei tilfella kor den ettersøkte er under 18 år. Presumsjonen er da den motsette av den som elles gjeld – pågriping skal i desse tilfella berre skje kor det er særleg påkravd. Ein viser til straffeprosessloven § 174 og praksis i tilknyting til denne.

Første ledd tredje punktum seier at straffeprosessloven § 170 a om krav til at bruk av tvangsmiddel skal vere formålstenleg og høveleg, også gjeld ved pågriping i samband med arrestordrar. Det er vanskeleg å sjå for seg at pågriping ikkje vil vere formålstenleg i samband med arrestordrar, men ein kan unntaksvis tenkje seg at pågriping ikkje er høveleg. Sjølv om det gjeld ein presumsjon for fengsling, og sjølv om vilkåra for pågriping i og for seg er oppfylte, kan det til dømes vere at personlege forhold hos den ettersøkte gjer at pågriping er eit for inngripande tiltak. Føresegna gjeld også i samband med fengsling og anten den ettersøkte er over eller under 18 år.

Andre ledd omhandlar den pågripne sin rett til informasjon. I samband med sjølve pågripinga skal den ettersøkte opplysast om arrestordren og at det er den som er grunnlaget for pågripinga, jf. første punktum. Politiet skal også informere om at den ettersøkte kan velje å samtykke i overlevering, jf. andre punktum, men ein ser for seg at det er meir naturleg å gjere dette etter innkomst på politistasjonen eller i samband med avhør av den ettersøkte dersom avhøret blir teke kort tid etter pågripinga. Derfor gjeld ikkje heilt same krav til tidspunktet for når informasjonen skal givast her som for informasjon om sjølve arrestordren. Tredje punktum slår fast retten til forsvarar. Forsvararen får godtgjering av det offentlege i samsvar med reglane i straffeprosessloven.

Vilkåra for fengsling går fram av tredje ledd. Første og andre punktum slår fast påtalemakta si plikt til å framstille den pågripne for fengsling innan den alminnelege framstillingsfristen i straffeprosessloven § 183. Det gjeld ein presumsjon for fengsling, sjå omtalen under punkt 10.3. Men fengslingskravet skal likevel avslåast i nokre tilfelle som går fram av tredje punktum. For det første må den avslåast dersom ikkje vilkåra for pågriping i første ledd er oppfylt. Retten må dermed foreta ei førebels vurdering av mulige avslagsgrunnar. Og sjølv om vilkåra for pågriping er oppfylt, skal fengsling ikkje skje dersom retten finn at det ikkje er nødvendig av omsyn til gjennomføring av overleveringa å halde den ettersøkte fengsla: Den ettersøkte skal lauslatast, eventuelt på vilkår, dersom det ikkje er noko grunn til å frykte at den ettersøkte vil unndra seg eller gjere overlevering vanskeleg. Dommaren må her foreta ei konkret vurdering av risikoen for at den ettersøkte unndreg seg overlevering. I motsetnad til det som gjeld ved vurderinga av fluktfaren etter straffeprosessloven § 171 første ledd nr. 1, krevst det ikkje særskilte haldepunkt for fluktfare, men derimot haldepunkt for at det ikkje ligg føre nokon slik risiko. Den ettersøkte sin alder, livs- og familiesituasjon og andre personlege omstende kan gjere at det verkar lite truleg at personen vil flykte. Men av omsyn til plikta til å sørgje for overlevering i samsvar med avtalen, bør reservasjonen nyttast med varsemd.

Når det gjeld kravet til at fengsling må vere høveleg så må retten vurdere om fengsling fram til forventa overleveringstidspunkt vil vere for inngripande. I tråd med prinsippet om gjensidig godkjenning skal tingretten i si avgjerd leggje til grunn dei opplysningane som går fram av arrestordren, om ikkje desse er openbart feil, jf. fjerde punktum.

Fengslingsfristen er fire veker, jf. fjerde ledd første punktum. Her som elles er dette ein lengstefrist; retten må foreta ei konkret vurdering ut frå antatt overleveringstidspunkt og andre konkrete forhold i saka. Dersom det, til dømes på grunn av personlege forhold hos den ettersøkte, er fare for at grunnlaget for fengsling vil endre seg i løpet av fire veker, må retten sette ein kortare frist. Fristen kan ikkje vere lengre enn fire veker, men den kan forlengast med fire veker om gangen, jf. andre punktum. Tredje punktum inneheld eigne fristar kor den pågripne er under 18 år. Ein viser til omtalen av Høgsterettspraksis under punkt 10.3. Fjerde punktum fastset at samla fengslingstid som hovudregel ikkje skal overstige 12 veker. Særlege grunner som kan gjere at fengslinga varer ut over 12 veker, kan blant anna vere at den ettersøkte nyt immunitet eller privilegium som eventuelt må opphevast, sjå § 27.

Dersom det ligg føre eit konkurrerande krav om utlevering, vil det ikkje vere mogleg å avgjere om arrestordren skal etterkomast innan fristane i § 14. Det kan ta lang tid å avgjere om det er utleveringskravet eller arrestordren som skal etterkomast. Det same gjeld dersom den ettersøkte tidlegare anten er overlevert eller er utlevert frå ein tredjestat og denne staten må samtykke til overlevering. I desse tilfella følgjer det av femte punktum at fjerde punktum om samla fengslingstid ikkje gjelder.

Femte ledd første punktum fastset at andre tvangsmiddel enn pågriping og fengsling kan nyttast i same grad som i saker om tilsvarande lovbrot her i riket. Også ved vurderinga av om det er grunnlag for bruk av andre tvangsmidlar, skal opplysningane i arrestordren leggjast til grunn om dei ikkje er openbert feil, jf. andre punktum.

Til § 14

Paragrafen regulerer kva myndigheiter som treff avgjerd om overlevering i samband med nordisk-europeiske arrestordrar, og kva for prosedyrar og fristar som gjeld for avgjerda.

Første ledd første punktum seier at påtalemakta etter mottak av arrestordren straks skal bringe saka inn for tingretten. Retten skal ved orskurd avgjere om vilkåra for overlevering er oppfylte, jf. andre punktum.

Andre ledd første punktum seier at den ettersøkte i retten skal bli spurt om han eller ho samtykkjer til overlevering. Blir det samtykka til overlevering, skal vedkomande også bli spurt om han eller ho samtykkjer til rettsforfølging for andre lovbrot gjort før overleveringa, jf. andre punktum. Samtykke i overlevering på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre, og eventuelt i rettsforfølging for andre lovbrot, skal givast i retten. Samtykket skal vere skriftleg, jf. tredje punktum. Fjerde punktum seier at dersom den ettersøkte samtykkjer til overlevering, skal retten ta stilling til om vilkåra er oppfylt og avseie ordkurd straks og seinast innan ei veke. Dette for at fristen i parallellavtalen artikkel 20 nr. 2 skal kunne overhaldast.

Som ved vurderinga av fengsling skal tingretten treffe avgjerda på grunnlag av opplysningane som går fram av arrestordren, om dei ikkje er openbert feil, jf. tredje ledd første punktum. Retten sin orskurd kan bli anka, jf. andre punktum. Men fristen for anke er korta ned til tre dagar, jf. tredje punktum. Dette er i samsvar med fristen for anke over retten sin orskurd om vilkåra for utlevering er til stades, jf. utleveringsloven § 17 nr. 3. Ein anke har alltid oppsettande verknad, jf. fjerde punktum. Ifølgje femte punktum skal rettskraftig orskurd om mogleg ligge føre innan 45 dagar, men innan ei veke om den ettersøkte samtykkjer til overlevering. Den rettskraftige avgjerda sendast straks til påtalemakta, som innan tre arbeidsdagar avgjer om arrestordren skal etterkomast eller ikkje, jf. sjette punktum.

Fjerde ledd regulerer dei tilfella kor arrestordren manglar opplysningar eller det ligg føre andre forhold som gjer at arrestordren ikkje kan effektuerast straks. I desse tilfella tar ikkje fristen til å laupe før manglane er retta. Femte ledd pålegg påtalemakta å underrette den utferdande staten dersom fristane ikkje kan overhaldast.

Påtalemakta sitt vedtak om overlevering kan klagast på, jf. sjette ledd. Dette gjeld både positive og negative vedtak og spørsmål om kva for vilkår som skal settjast. Men ein kan ikkje grunngi klagen med at vilkåra for overlevering ikkje er til stades. Spørsmålet om vilkåra for overlevering er oppfylte hører inn under domstolen. Straffeprosessloven § 59 a gjeld tilsvarande, men slik at klagefristen er tre dagar. Klagen har oppsettande verknad. Overordna påtalemakt skal så langt mogleg avgjere klagen innan tre arbeidsdagar. Fristane er satt for å sikre at overlevering kan skje innan fristane i parallellavtalen.

Sjuande ledd første punktum seier at norske styresmakter skal underrette den myndigheita som har utstedt arrestordren så snart det ligg føre ei avgjerd. Av andre punktum følgjer at avslag på arrestordren skal grunngivast.

Åttande ledd gir heimel for å gi forskrifter om samtykke.

Til § 15

Paragrafen lovfestar kva vilkår norsk påtalemakt skal stille i samband med ei overlevering av norske borgarar og personer som er busette her.

Første ledd første punktum gjeld i tilfelle kor det er snakk om å overlevere ein norsk borgar vidare til ein stat som ikkje sjølv overleverer eigne borgarar til Noreg. Det skal i samband med underretninga om overlevering stillast vilkår om at slik overlevering vidare ikkje skal skje utan at departementet samtykkjer. Dette er i tråd med høvet departementet har til å avslå overlevering av norske borgarar i samsvar med gjensidigheitsprinsippet, sjå § 10 andre ledd. Andre punktum krev at det vert stilt vilkår om at utlevering vidare til statar utanfor Norden og EU, sjå § 4 bokstav d, ikkje skjer. Forbodet mot utlevering av norske borgarar i utleveringsloven § 2 gjeld fortsatt i høve til statar utanfor Norden og EU.

Avgrensingane i høvet til overlevering og utlevering vidare gjeld likevel berre når arrestordren eller utleveringskravet er grunna på forhold gjort før overleveringa frå Noreg. Dersom til dømes ein norsk statsborgar vert overlevert til Nederland for straffullbyrding, og etter å ha sona ferdig let vere å returnere til Noreg innan 45 dagar, men i staden reiser til USA og gjer seg skuldig i straffbare forhold der, er han ikkje lenger verna av utleveringsloven sitt forbod mot utlevering av norske borgarar.

Andre ledd gjeld vilkår i samband med overlevering av både norske borgarar og personar som er busett her. Føresegna svarer til parallellavtalen artikkel 8 nr. 3 og varetek dei same omsyna som føresegna i § 12 andre ledd. Sjå også den tilsvarande føresegna for nordiske arrestordrar i § 22 andre ledd.

Andre ledd første punktum seier at når ein arrestordre gjeld overlevering til strafforfølging, og den ettersøkte er norsk statsborger eller er busett her, kan det stillast som vilkår for overlevering at den ettersøkte vert send tilbake for å sone ein eventuell dom her. Om det skal stillast slikt vilkår må vurderast konkret. Ikkje minst må dette vurderast nøye dersom den ettersøkte er under 18 år. Generelt vil det elles vere slik at jo sterkare tilknyting den ettersøkte har til Noreg, jo meir nærliggande er det å stille vilkår om tilbakeføring for soning. Er den som skal overleverast norsk statsborgar, bør utgangspunktet være at det stillast vilkår som nemnd. Men har vedkomande budd i den staten han skal overleverast til over lengre tid, kan hende i fleire år, er dette likevel ikkje gitt. For borgarar som er busett her vil det vere av vesentleg tyding om personen skal overleverast til den staten han er statsborgar av eller til ein annan stat. Generelt vil det også ha tyding kor lang straff det er tale om å sone – dette gjeld anten den ettersøkte er norsk statsborgar eller berre er busett her.

Andre punktum seier at både den ettersøkte og kriminalomsorga skal gjevast høve til å uttale seg før eit slikt vilkår blir stilt. Det er kriminalomsorga si sentrale forvaltning som er rett nivå innan kriminalomsorga. Er den ettersøkte under 18 år, må verjer, eventuelt også barnevernet, få uttale seg.

Til § 16

I kva mon den staten som får ein person overlevert frå Noreg kan rettsforfølgje og overlevere eller utlevere vidare for forhold gjort forut for overleveringa frå Noreg, følgjer av parallellavtalen artikkel 30 og 31. Dersom den staten som har fått personen overlevert har kome til at slik rettsforfølging eller overlevering eller utlevering vidare berre kan skje dersom norske styresmakter samtykkjer, kan staten be om slikt samtykke. Første ledd bokstavane a til c speglar dette ved å rekna opp kva det kan givast samtykke til.

Andre ledd inneheld reglar om framgangsmåte og vilkår for samtykke til utvida rettsforfølging og overlevering vidare. Førespurnader om slikt samtykke skal framsettjast og handsamast som ein arrestordre. Første punktum viser til innhalds- og språkkrava i §§ 5 og 26 og reglane for framsending og mottak av arrestordrar i § 25. Andre punktum slår fast at samtykke skal givast om vilkåra for overlevering er oppfylte for den handlinga førespurnaden gjeld, og på dei vilkår som elles gjeld for overlevering. Ifølgje tredje punktum er fristen for å avgjere om samtykke skal givast 30 dagar. Fjerde punktum seier at sakshandsamingsreglane i § 14 gjeld tilsvarande. Dette inneber at det er påtalemakta som tek avgjerd om samtykke på grunnlag av orskurd frå retten, og at reglane om anke og klage gjeld tilsvarande. I desse tilfella vil det ikkje vere gitt samtykke frå den ettersøkte; i så fall ville det ikkje vere nødvendig å be norske styresmakter om deira samtykke. Men etter femte punktum er hovudregelen i desse tilfella skriftleg sakshandsaming for retten. Sjette punktum seier at kompetent tingrett er den tingretten som i si tid avgjorde overleveringskravet. Sjuande punktum gir den overleverte rett til forsvarar.

Tredje ledd seier at dersom det bes om samtykke til utlevering vidare, skal oppmodinga sendast departementet og handsamast etter reglane i utleveringsloven.

Til § 17

Føresegna inneheld dei grunnleggjande vilkåra for overlevering på grunnlag av ein nordisk arrestordre, jf. konvensjonen om nordisk arrestordre artikkel 2 nr. 1, og vidarefører i så måte lov om nordisk arrestordre § 1. Den parallelle føresegna for nordisk-europeiske arrestordrar er § 6.

Første ledd bokstav a gjeld arrestordrar ferda ut for strafforfølging. Etter dette alternativet krevst det at forholdet som arrestordren gjeld kan medføre fridomsstraff eller annan reaksjon som inneber tap av fridommen i den nordiske staten som krev overlevering. Etter bokstav b kan det ferdast ut arrestordrar til fullbyrding av slik reaksjon som nemnd i bokstav a.

Andre ledd gjeld aksessorisk overlevering i tilfelle kor arrestordren gjeld fleire straffbare forhold. Arrestordren skal da etterkomast og settjast i verk dersom vilkåra i første ledd er oppfylte for eit av forholda. Føresegna svarer til konvensjonen om nordisk arrestordre artikkel 2 nr. 2 og er ei vidareføring av den nordiske utleveringsloven § 3 tredje ledd.

Til § 18

Paragrafen fastset i kva tilfelle ein nordisk arrestordre skal avslåast gjennom ei tilvising til den tilsvarande føresegna for nordisk-europeiske arrestordrar. Ligg eit av forholda nemnde i § 8 bokstav a til j føre for ei handling omfatta av ein nordisk arrestordre, skal overlevering verte avslått for denne handlinga. Det same gjeld om overlevering til vere i strid med EMK, jf. § 8 andre ledd. Det vises elles til merknaden til § 8.

Til § 19

Føresegna set føre i kva tilfelle ein nordisk arrestordre kan avslåast etter påtalemakta sitt skjønn. Første ledd bokstav a viser til den tilsvarande føresegna for nordisk-europeiske arrestordrar og inneber at avslagsrunnane her gjeld tilsvarande for nordiske arrestordrar. Ein viser til merknaden til § 12. Bokstav b fører vidare lov om nordisk arrestordre § 6 første ledd bokstav b. Same avslagsgrunnen er gjort obligatorisk for nordisk-europeiske arrestordrar, sjå § 8 bokstav k.

Andre ledd seier at føresegna om kven som har rett til å uttale seg i § 12 tredje ledd, gjeld tilsvarande.

Til § 20

Paragrafen har særreglar for bruk av pågriping og fengsling i samband med nordiske arrestordrar. Den regulerer også høvet til bruk av andre tvangsmiddel. Den tilsvarande føresegna for nordisk-europeiske arrestordrar er § 13. Desse to føresegnene er i vesentleg grad samanfallande; gjentakinga er gjort for å lette lesinga av føresegna her. Dessutan er det enkelte skilnader når det gjeld kravet til framstilling for retten og fristane for fengsling.

Første ledd første og tredje punktum svarer til § 13 første ledd. Ein viser til merknadene til denne. Andre punktum fører vidare heimelen i lov om utlevering av lovbrytarar i Norden § 16 første ledd andre punktum, jf. første punktum, for så vidt gjeld pågriping.

Andre ledd første punktum pålegg politiet å informere om arrestordren og at den er grunnlaget for pågripinga når pågripinga skjer. Politiet skal også informere om høvet til å samtykke til overlevering og dei rettslege konsekvensane av eit samtykke, jf. andre punktum, men denne informasjonen kan givast noko seinare, sjå merknaden til den tilsvarande føresegna i § 13 andre ledd andre punktum. Tredje punktum slår fast retten til forsvarar.

Tredje ledd inneheld vilkåra for fengsling og svarer til § 13 tredje ledd, sjå merknaden til denne.

Fjerde ledd første punktum opnar for at påtalemakta på visse vilkår kan late vere å framstille den som er pågripen for tingretten for fengsling. Dette gjeld dersom den ettersøkte er over 18 år og samtykkjer til fengsling, og heller ikkje set fram krav om retten si prøving av vilkåra for fengsling, og så framt overleveringa forventas å kunne gjennomførast innan ei veke etter pågripinga. Andre punktum regulerer korleis framstillingsfristen skal bli berekna dersom ein ettersøkt som samtykkjer til overlevering set fram krav om retten si prøving av fengslingsspørsmålet, eller dersom ein ser at overlevering likevel ikkje vil kunne skje innan ei veke.

Fengslingsfristen er i første omgang fire veker, likevel to veker dersom den pågripne er under 18 år, og med høve til forlenging i to veker om gangen, jf. femte ledd, første og andre punktum. Samla fengslingstid skal normalt ikkje skal gå ut over seks veker, jf. tredje punktum. Fristane her er satt på bakgrunn av fristane for avgjerd av arrestordren og for gjennomføring av overleveringa i konvensjonen om nordisk arrestordre artikkel 14 og 19.

Sjette ledd svarer til § 13 sjette ledd og fastset at andre tvangsmiddel enn pågriping og fengsling kan nyttast i same grad som i saker om tilsvarande lovbrot her i landet.

Til § 21

Paragrafen regulerer kven som treff avgjerd om overlevering i samband med nordiske arrestordrar, og kva for prosedyrar og fristar som gjeld for avgjerda. Sjå den tilsvarande føresegna for nordisk-europeiske arrestordrar i § 14.

Første ledd gjeld sakshandsaminga i dei tilfella kor den ettersøkte samtykkjer i overlevering. Det er da påtalemakta som avgjer arrestordren, og i dette ligg at påtalemakta både prøver om vilkåra for overlevering er til stades, om nokre av dei fakultative avslagsgrunnane skal nyttast, og om det eventuelt skal settjast vilkår for overleveringa, til dømes om tilbakeføring av norsk borgar for soning her. Påtalemakta skal også sette eventuelle vilkår som nemnd i § 22. Dersom han eller ho ikkje samtykkjer, skal retten prøve om vilkåra for overlevering er til stades før påtalemakta treff den endelege avgjerda, sjå andre ledd.

I samtykketilfella skal påtalemakta treffe avgjerd om overlevering straks og innan tre dagar, jf. første ledd første punktum. Fristen følgjer av den nordiske konvensjonen artikkel 14.

Etter § 20 andre ledd skal den ettersøkte bli informert om høvet til å samtykke til overlevering allereie i samband med pågripinga. For at eit slikt samtykke skal vere gyldig, fastset første ledd andre punktum at det skal givast skriftleg til påtalemakta etter at den ettersøkte har blitt orientert om verknadene av eit samtykke. Samtykket kan trekkjast tilbake, jf. tredje punktum. Dette kan skje formlaust og når som helst så lenge overleveringa ikkje er gjennomført. Dersom samtykket blir trekt tilbake, må spørsmålet om vilkåra for overlevering er til stades bringast inn for retten i samsvar med andre ledd.

Andre ledd regulerer dei tilfella der den ettersøkte motset seg overlevering eller trekkjer eit tidlegare samtykke tilbake. I desse tilfella skal saka bringast inn for tingretten som ved orskurd skal avgjere om vilkåra for overlevering er oppfylte, jf. første og andre punktum.

Opplysningane i arrestordren skal leggjast til grunn for avgjerda om dei ikkje er openbert feil, jf. tredje punktum.

Retten sin ordskurd kan ankast, jf. tredje ledd første punktum. Ankefristen er korta ned til tre dagar, jf. andre punktum. Dette er i samsvar med fristen for vanlige utleveringskrav, jf. utleveringsloven § 11. Ein anke har alltid oppsettande verknad, jf. tredje punktum. Av fjerde punktum følgjer at rettskraftig avgjerd om mogleg skal ligge føre innan tre veker etter pågripinga av den ettersøkte.

Når saka er brakt inn for tingretten, kan påtalemakta ikkje treffe avgjerd om overlevering før retten sin orskurd er rettskraftig. Dersom retten finn at vilkåra for overlevering ikkje er oppfylte, skal påtalemakta avslå arrestordren utan nærmare prøving. Dersom retten kjem til at vilkåra for overlevering er oppfylte, skal påtalemakta deretter treffe endeleg avgjerd om overlevering og sette eventuelle vilkår. Har retten funne at dei obligatoriske vilkåra er oppfylte, kan arrestordren ikkje avslåast med mindre det ligg føre forhold som kan gi grunnlag for avslag etter påtalemakta sitt skjønn, jf. § 19, eller det ligg føre ein konkurrerande nordisk eller nordisk-europeisk arrestordre. Dersom det i tillegg til arrestordren ligg føre eit utleveringskrav frå ein stat utanfor Norden på same person, skal Justisdepartementet avgjere om det er arrestorden eller utleveringskravet som skal etterkomast, jf. § 29 andre ledd.

Fjerde ledd regulerer dei tilfella der arrestordren manglar opplysningar eller det ligg føre andre forhold som gjer at arrestordren ikkje kan handsamast på vanleg måte med ein gong. I desse tilfella byrjar ikkje fristen å laupe før manglane er retta.

Femte ledd seier at § 14 femte til åttande ledd gjeld tilsvarande. Ein viser til merknadene til desse føresegnene.

Til § 22

Paragrafen lyder likt som § 15 og ein viser til merknadene til denne.

Andre ledd fører vidare lov om nordisk arrestordre § 6 første ledd bokstav d og andre ledd andre punktum med den endringa at avslag mot fullbyrding her ikkje lenger er mogleg om den ettersøkte berre oppheld seg her.

Til § 23

I konvensjonen om nordisk arrestordre er hovudregelen at den nordiske staten som får ein person overlevert frå Noreg, fritt kan strafforfølgje for forhold gjort før overleveringa frå Noreg (sjå konvensjonen artikkel 23). Det vil derfor sjeldan kome førespurnader til Noreg frå andre nordiske statar om samtykke til slik strafforfølging, eventuelt fullbyrding. Dersom det unntaksvis kjem ein slik førespurnad, er hovudregelen at den skal etterkomast med mindre det ligg føre ein obligatorisk avslagsgrunn; i så fall skal førespurnaden avslåast, jf. første ledd første punktum. I tillegg gjeld at dersom forholdet heilt eller delvis er gjort i Noreg og ikkje er straffbart etter norsk rett, kan påtalemakta etter eige skjønn velje å nekte å gi samtykke, jf. første ledd andre punktum.

Andre ledd regulerer dei formelle krava til ein førespurnad om samtykke og reglar for sakshandsaminga av den.

Høvet for norsk påtalemakt til sjølv å strafforfølgje for andre forhold gjort før overleveringa av ein person frå ein annen nordisk stat, er regulert i § 36 tredje ledd.

Til § 24

Paragrafen gjeld samtykke i overlevering vidare (første ledd) og utlevering vidare (andre ledd) i etterkant av overlevering frå Noreg til eit nordisk land. Det er berre tale om over- eller utlevering vidare dersom det underliggjande straffbare forholdet er gjort før overleveringa frå Noreg; er forholdet gjort etter overleveringa er det ikkje snakk om overlevering eller utlevering vidare.

Etter konvensjonen om nordisk arrestordre kan ein fritt overlevere vidare innanfor Norden, sjå konvensjonen artikkel 24 nr. 1 (Island har ikkje nytta høvet til å gjere bruk av særreglane om eigne statsborgarar og for politiske lovbrot i artikkel 26 og 17). Sjå § 28 første ledd om overlevering vidare frå Noreg etter at vedkomande er blitt overlevert hit frå ein annen nordisk stat. Derfor er samtykke til overlevering vidare berre aktuelt når det er snakk om overlevering vidare til eit EU-land utanfor Norden. Men også overlevering vidare til eit EU-land utanfor Norden kan fritt skje dersom vedkomande samtykkjer eller dersom han eller ho til tross for å ha hatt høve til å forlate landet han eller ho er overlevert til, ikkje har gjort dette, eller dersom vedkomande har kome tilbake etter å ha forlate landet frivillig, sjå konvensjonen artikkel 24 nr. 2.

Utover dette kan overlevering vidare til eit EU-land utanfor Norden ikkje skje med mindre det landet som har overlevert vedkomande samtykkjer. Høvet for norske styresmakter til å gi slikt samtykke går fram av første ledd første punktum. Etter andre punktum skal samtykket givast dersom norske styresmakter ville ha etterkome ein arrestordre frå det landet det er snakk om å overlevere vidare til. Tredje punktum viser til innhalds- og sakshandsamingsreglane i samband med førespurnader om utvida strafforfølging i § 23 andre ledd og seier at desse skal gjelde tilsvarande.

Andre ledd seier at førespurnader om samtykke til utlevering vidare til ein stat utanfor Norden og EU skal handsamast etter reglane i utleveringsloven. I kva tilfelle det er nødvendig med samtykke frå norske styresmakter til utlevering vidare går indirekte fram av utleveringsloven § 12 nr. 1 bokstav b.

Til § 25

Paragrafen gjeld oversendingsmåten og fastset kva for norsk styresmakt som er kompetent til å ta imot arrestordrar for overlevering frå Noreg. Føresegna er sams for både nordisk-europeiske og nordiske arrestordrar.

Etter første ledd første punktum kan arrestordren sendast gjennom SIS eller Interpol, alternativt til Kripos. Ein legg til grunn at ei sams etterlysing i SIS eller Interpol vil vere det mest praktiske, men at oversending til Kripos kan vere aktuelt dersom den utferdande staten veit at den ettersøkte oppheld seg i Noreg. Dersom den utferdande staten også veit kor i Noreg den ettersøkte er, kan ein velje å sende arrestordren direkte til politimeisteren her, jf. andre punktum.

Det går fram av andre ledd at ein feilsendt arrestordre ikkje skal avslåast, men straks skal sendast vidare til den kompetente styresmakta. Den som har utferda arrestordren, skal underrettast om dette.

Tredje ledd seier at ei etterlysing i SIS eller i eit anna system, typisk Interpol, for etterlysing av personer og som gjeld overlevering som regulerast av loven her, skal likestillast med ein arrestordre sjølv om ikkje etterlysinga inneheld alle dei opplysningane som ein arrestordre skal innehalde. Sjå om føresegna ovanfor i punkt 10.2. Dette inneber ikkje minst at ei etterlysing kan gi grunnlag for pågriping; føresegna fører i så måte vidare høvet til pågriping på grunnlag av etterlysing som følgjer av utleveringsloven § 20 nr. 1 andre punktum. Ei etterlysing skal likestillast med ein arrestordre både i tilfelle kor arrestordren er utsteden men enno ikkje er kome fram til norske styresmakter, men også i dei tilfella ein person er etterlyst utan at ein arrestordre enno er blitt utsteden. Ein legg til grunn at i dei sist nemnde tilfella vil det bli utsteden ein arrestordre og at risikoen for at dette ikkje skjer er liten.

Til § 26

I paragrafen her er det rekna opp kva for språk ein arrestordre kan vere skriven på eller omsett til om den skal verte handsama av norske styresmakter. Føresegna fører vidare lov om nordisk arrestordre § 17 andre ledd, jf. § 2 første ledd.

I praksis vil både arrestordrar sende gjennom SIS som gjeld ein person med ukjend opphaldsstad, og arrestordrar sende direkte til Noreg frå eit land utanfor Norden, bli skrivne på engelsk. Arrestordrar sende berre mellom dei nordiske landa vil truleg bli skrivne på eit av dei nemnde nordiske språka.

Til § 27

Er den ettersøkte verna av immunitet eller eit privilegium for ei handling omfatta av arrestordren, kan personen ikkje bli overlevert for dette forholdet om ikkje immuniteten eller privilegiet blir oppheva. Føresegna her gjeld handsaminga av arrestordren i slike tilfelle. Første ledd første punktum gjeld i tilfelle kor immuniteten eller privilegiet kan opphevast av norsk styresmakt; i desse tilfella skal påtalemakta straks be rett styresmakt om oppheving. Dersom det er ei utanlandsk styresmakt eller ein internasjonal organisasjon som har kompetanse til å oppheve immuniteten eller privilegiet, er det styresmaktene i staten som har utferda arrestordren som skal be om oppheving. I slike tilfelle er norsk påtalemakt si oppgåve å opplyse den utferdande staten som at arrestordren ikkje kan etterkomast før privilegiet eller immuniteten er oppheva, jf. andre punktum.

Fristane for å treffe avgjerd om overlevering tar ikkje til å laupe før immuniteten eller privilegiet er oppheva, sjå §§ 14 fjerde ledd andre punktum og 21 fjerde ledd andre punktum.

Andre ledd inneheld ein forskriftsheimel til å gi nærmare føresegner om sakshandsaminga i samband med immunitet og privilegium, blant anna om kva for norsk styresmakt som avgjer spørsmål om oppheving, jf. første ledd første punktum.

Til § 28

I enkelte tilfelle kan den som krevst overlevert på grunnlag av ein arrestordre, tidlegare ha vorte overlevert eller utlevert til Noreg frå ein annan stat. Paragrafen fastset i kva tilfelle og på kva vilkår norske styresmakter kan overlevere vidare slike personar for handlingar gjort før overleveringa hit. Overleveringskravet vil i desse tilfella vere sett fram i form av ein arrestordre, og føresegna er ein særregel om handsaminga av arrestordrar i desse tilfella. Handsaminga av krav om utlevering vidare av personer som tidlegare er overlevert, er regulert i § 37 i kapitlet om overlevering til Noreg.

Første ledd gjeld overlevering vidare av personar som tidligare er overlevert hit frå ein annan nordisk stat. Overlevering vidare til eit anna nordisk land på grunnlag av ein nordisk arrestordre kan fritt skje, jf. første punktum (Island har ikkje nytta høvet til å atterhalde seg retten til å nekte overlevering av egne borgarar og for politiske lovbrot). Overlevering vidare til ein EU-stat utanfor Norden kan berre skje dersom anten den ettersøkte eller staten som overleverte til Noreg samtykkjer, eller dersom eit av dei klassiske unntaka frå spesialitetsprinsippet gjer seg gjeldande, sjå tilvisinga i andre punktum til tredje ledd bokstavane a, c, d og e.

Andre ledd gjeld overlevering vidare av personar som tidlegare er overleverte frå ein EU-stat utanfor Norden og gjennomfører parallellavtalen 31 nr. 2. Utgangspunktet her er, jf. første punktum, at overlevering vidare ikkje skal skje, men frå dette er det gjort ei rekkje unntak i andre punktum. I tillegg til unntaka i bokstav c, d og e som ein er kjent med frå utleveringskonvensjonen artikkel 15 jf. artikkel 14 og utleveringsloven 12 nr. 1 bokstav b, jf. bokstav a, gir den ettersøkte sitt eige samtykke grunnlag for overlevering vidare. Den ettersøkte samtykkjer sjølvsagt dersom han eller ho uttrykkeleg samtykkjer i overlevering vidare, men også dersom vedkomande samtykkjer i strafforfølging eller straffullbyrding for dei bestemte forholda som arrestordren gjeld, jf. bokstav a. I tillegg kan overlevering vidare fritt skje dersom den ettersøkte samtykte i overlevering til Noreg og i samband med det også samtykte i å bli strafforfølgd eller få fullbyrda straff mot seg for andre forhold gjort før den første overleveringa, jf. bokstav b.

Andre ledd tredje punktum seier at dersom overlevering vidare ikkje kan skje utan at den staten som overleverte til Noreg samtykkjer, skal påtalemakta straks sende oppmoding om slikt samtykke. Oppmodinga skal utformast og sendast over som ein arrestordre, jf. fjerde punktum og parallellavtalen artikkel 31 nr. 3 bokstav a.

Tredje ledd seier at overlevering vidare ikkje skal skje i strid med vilkåra satt for overlevering hit. Det er avgrensa i kva mon ein stat kan sette vilkår for overleveringa, men ein kan likevel tenkje seg at ein stat kan kome til å sette vilkår i samband med til dømes overlevering av eigne borgarar, jf. parallellavtalen artikkel 7 nr. 2.

Fjerde ledd første punktum fastslår at dersom den som krevst overlevert frå Noreg tidlegare er utlevert hit, skal overlevering ikkje skje om det vil vere i strid med vilkåra satt for utlevering hit. Kan vidare overlevering skje etter samtykke frå den staten som overleverte hit, skal kompetent myndigheit straks sørgje for at det blir bedt om slikt samtykke, jf. andre punktum. Føresegnene her samsvarar med parallellavtalen artikkel 24.

Handsaminga og avgjerda av arrestordrar som gjeld personer som tidlegare er overleverte hit, følgjer elles dei vanlege reglane for overlevering.

Til § 29

Paragrafen fyller ut § 28 og gjennomfører parallellavtalen artikkel 19 og konvensjonen om nordisk arrestordre artikkel 15. Den fører vidare lov om nordisk arrestordre § 14 med den endringa at den no er ei sams føresegn som gjeld likt både i samband med nordisk-europeiske og nordiske arrestordrar.

Første ledd gjeld prosedyren for avgjerda når det ligg føre konkurrerande arrestordrar, anten det er fleire nordiske, fleire nordisk-europeiske, eller ein nordisk-europeisk og ein nordisk. I desse tilfella skal påtalemakta avgjere kva for ein av arrestordrane som skal etterkomast. Det vil vere det nivå innan påtalemakta som har kompetanse til å ta ut tiltale i den mest alvorlege saka som tek avgjerda.

Andre ledd gjeld tilfelle der ein arrestordre kolliderer med eit krav om utlevering frå ein stat utanfor Norden og EU. I desse tilfella skal Justisdepartementet treffe avgjerda. Før saka vert sendt til departementet, skal påtalemakta forsikre seg om at vilkåra for overlevering ligg føre og sørgje for at den ettersøkte har samtykka til overlevering eller at spørsmålet er avgjort av retten. Påtalemakta skal også ha gjort ei vurdering av om dei fakultative avslagsgrunnane bør nyttast. Utleveringskravet handsamast etter dei vanlege reglane i utleveringsloven. Om mogleg bør begge krava sendast samla til departementet.

I desse tilfella vil det ikkje vere mogleg å overhalde fristane i § 14 og 21. Påtalemakta må derfor straks underrette den utferdande styresmakta om forseinkinga, jf. § 14 femte ledd og tilvisinga hit i § 21 femte ledd.

Tredje ledd reknar opp kva for moment det skal leggjast vekt på i vurderinga og svarer til parallellavtalen artikkel 19 nr. 1 og den nordiske konvensjonen artikkel 15 nr. 1. Lista av omsyn er ikkje uttømmande. Konvensjonen har ikkje noko å seie for våre plikter etter statuttane for Den internasjonale straffedomstolen, jf. lov 15. juni 2001 nr. 65. Dersom det skulle liggje føre ein arrestordre som konkurrerer med eit krav om overlevering frå Den internasjonale straffedomstolen, skal det sist nemnde kravet etterkomast.

Til § 30

Paragrafen inneheld fristane for iverksetjing av avgjerd om overlevering, og gjennomfører parallellavtalen artikkel 25 og konvensjonen om nordisk arrestordre artikkel 19. Normalt skal overlevering til ein stat utanfor Norden skje innan ti dagar etter at det ligg føre ei endeleg avgjerd om overlevering. For overlevering til nordiske statar er fristen fem dagar, jf. første ledd første punktum. Er ikkje dette mogleg skal påtalemakta avtale ein ny frist med den som har utstedt arrestordren, jf. andre punktum.

Overlevering kan, både etter den nordiske konvensjonen og etter parallellavtalen, verte utsett dersom alvorlege, humanitære grunnar ligg føre, jf. andre ledd første punktum. Dette er meint som ein snever unntaksregel. Ein kan tenkje seg at kravet lettare vil vere oppfylt dersom den ettersøkte er under 18 år, og utsett overlevering må vurderast særskilt i desse tilfella. Andre punktum pålegg påtalemakta å avtale nytt tidspunkt for overlevering når grunnar som nemnde i første punktum ikkje lenger er til stades, mens tredje punktum fastset at overlevering da skal skje innan ti dagar frå det tidspunktet som da vart avtalt.

Tredje ledd pålegg lauslating av ein ettersøkt som sit fengsla på grunnlag av ein arrestordre når fristane i første og andre ledd har gått ut. Ei slik plikt til lauslating følgjer av parallellavtalen artikkel 26 nr. 5.

Til § 31

Føresegna gjeld utsett iverksetjing av ei avgjerd om overlevering og svarer til den nordiske konvensjonen artikkel 20 nr. 1 og parallellavtalen artikkel 27. Ho vidarefører lov om nordisk arrestordre § 16 med den endringa at ho no også gjeld for nordisk-europeiske arrestordrar. I tillegg er det i første ledd første punktum sagt uttrykkeleg at det er påtalemakta som tek avgjerda om utsett overlevering. Departementet viser elles til merknadene til nemnde § 16 i Ot.prp. nr. 39 (2007-2008).

Sjå også § 40 som heimlar mellombels overføring før overleveringskravet er avgjord.

Til § 32

Føresegna gjeld utferdinga av nordisk-europeiske arrestordrar. Kompetansen er lagt til påtalemakta.

Etter første ledd første punktum kan påtalemakta ferde ut ein arrestordre til ein EU-stat til strafforfølging dersom det ligg føre ei avgjerd om pågriping treft av retten for ei handling som etter norsk rett kan medføre fengsel i minst 1 år. For utferding til strafforfølging er det eit vilkår at det ligg føre ein rettskraftig dom på fengsel eller anna tap av fridom, typisk ein særreaksjon, på minst fire månader, jf. andre punktum.

Andre ledd første punktum er ein regel om hastekompetanse: Er det fare ved opphald, kan avgjerd om pågriping frå påtalemakta tre i staden for avgjerd treft av retten. Påtalemakta si avgjerd skal i så fall snarast mogleg leggjast fram for retten for godkjenning, jf. andre punktum.

Tredje ledd gjeld såkalla aksessorisk overlevering.

Fjerde ledd seier kva ein arrestordre skal innehalde.

Femte ledd angir kva språk arrestordren skal skrivast på.

Til § 33

Paragrafen regulerer vilkåra for og kompetansen til å utferdige nordiske arrestordrar. Første ledd fører vidare lov om nordisk arrestordre § 17 første ledd uendra. Etter første punktum kan påtalemakta ferde ut ein arrestordre til ein annan nordisk stat dersom det ligg føre skilleg grunn til mistanke om ei straffbar handling som etter loven kan medføre fengsel. Det er ikkje noko krav om at ein domstol har vurdert mistankekravet. Etter andre punktum kan påtalemakta utferdige ein arrestordre til fullbyrding når det ligg føre ein rettskraftig dom på fengsel eller anna tap av fridomen.

Andre ledd seier at arrestordren skal utformast i samsvar med § 5 (sjå merknadene til denne) og opplyser om kva for språk som blir godteke.

Tredje ledd viser til føresegna om aksessorisk overlevering i paragrafen om utferding av nordisk-europeiske arrestordrar.

Til § 34

Mens §§ 32 og 33 gjeld vilkåra for å utstede og krava til innhaldet i ein arrestordre, regulerer paragrafen her korleis/kor arrestordren skal sendast. Føresegna speglar i hovudsak § 25.

Første ledd første punktum seier at arrestordren skal sendast gjennom SIS eller anna tilsvarande system for etterlysing av personar mistenkte for lovbrot, i praksis Interpol. Etterlysing gjennom SIS vil vere den praktiske hovudregelen i dei tilfella norske styresmakter ikkje veit kor den ettersøkte oppheld seg. Ettersom det enno ikkje er mogleg å leggje alle opplysningane som krevst for ein arrestordre inn i SIS, seier andre punktum at dei manglande opplysningane skal ettersendast så snart råd er.

Dersom norske styresmakter veit kor den ettersøkte oppheld seg, kan ein i staden for å sende arrestordren gjennom SIS sende den direkte til den myndigheita i opphaldsstaten som etter lovgivinga der er kompetent til å ta imot ein arrestordre frå Noreg, jf. andre ledd.

Til § 35

Føresegna regulerer varetektsfrådrag og fører vidare lov om nordisk arrestordre § 18 utan andre endringar enn at den no gjeld også for nordisk-europeiske arrestordrar. Den svarer til den nordiske konvensjonen artikkel 22 og parallellavtalen artikkel 29. Ein viser elles til merknadene i Ot.prp. nr. 39 (2007-2008).

Til § 36

Paragrafen, som rettar seg mot norske styresmakter, regulerer når norske styresmakter kan strafforfølgje eller fullbyrde straff mot personar som tidlegare er overleverte hit for andre forhold som vart gjort før overleveringa enn dei som var omfatta av arrestordren. Spesialitetsprinsippet er nærmare omtalt under punkt 7 ovanfor.

Etter første ledd er utgangspunkt at personar som er overleverte hit frå ein EU-stat utanfor Norden på grunnlag av ein nordisk-europeisk arrestordre, ikkje kan rettsforfølgjast for andre straffbare forhold gjort før overleveringa enn dei som var omfatta av arrestordren. Føresegna gjennomfører parallellavtalen artikkel 30 nr. 2.

Frå dette utgangspunktet gjeld det ein rekkje unntak, jf. andre ledd som gjennomfører parallellavtalen artikkel 30 nr. 3. For det første gjeld ikkje spesialitetsprinsippet dersom den som er overlevert hit samtykkjer i strafforfølging for dei aktuelle forholda, jf. bokstav a. Eit slikt samtykke skal givast i retten og skal protokollerast og vedtakast. Samtykket må vere informert, noko som mellom anna inneber at den overleverte må opplysast om spesialitetsprinsippet og aktuelle unntak frå det, og eventuelle ulemper og fordelar med å samtykke. Eit døme på ein fordel kan vere lågare samla straff på grunn av samla pådømming. Vernet som ligg i spesialitetsprinsippet gjeld heller ikkje dersom overleveringa til Noreg var basert på samtykke, og den overleverte i samband med at samtykket vart gitt også samtykte i strafforfølging for andre forhold, jf. bokstav b.

Andre ledd bokstav e gjer unntak frå spesialitetsprinsippet for forhold som etter norsk rett berre kan straffast med bot. Føresegna gjennomfører parallellavtalen artikkel 30 nr. 3 bokstav d.

Andre ledd bokstav c, d og f inneheld dei sama unntaka frå spesialitetsprinsippet som utleveringskonvensjonen artikkel 14.

Tredje og fjerde ledd gjeld strafforfølging for forhold gjort før overleveringa hit frå ein nordisk stat. Føresegnene fører vidare realitetsinnhaldet i lov om nordisk arrestordre § 19, men slik at nemnde § 19 første ledd bokstav b ikkje er ført vidare fordi Island har valt ikkje å nytte seg av høvet til å avslå overlevering for politiske lovbrot. Ein viser til merknaden til § 19 i Ot.pr. nr. 39 (2007-2008).

Femte ledd seier at i dei tilfelle kor det er nødvendig med samtykke frå den staten som overleverte vedkomande til Noreg for å kunne strafforfølgje for andre forhold, skal førespurnaden om slikt samtykke utformast i form av ein arrestordre.

Til § 37

Paragrafen regulerer i kva tilfelle norske styresmakter kan utlevere vidare til tredjeland personar som tidlegare er overleverte til Norge, anten på grunnlag av ein nordisk-europeisk eller ein nordisk arrestordre. Han gjeld berre der utleveringskravet gjeld forhold gjort forut for overleveringa hit. Er forholdet gjort etter overleveringa hit, må utleveringskravet vurderast på vanleg måte etter reglane i utleveringsloven.

Første ledd gjeld utlevering vidare av personar som er overleverte frå ein EU-stat utanfor Norden (nordisk-europeisk arrestordre). Utlevering vidare for forhold gjort før overleveringa hit, skal etter parallellavtalen artikkel 31 nr. 4 ikkje skje utan samtykke frå den staten som overleverte personen. Ein kan likevel tenkje seg at den staten som har overlevert i si avgjerd har gjort det klart at utlevering vidare kan uavhengig av samtykke i visse tilfelle. Det er derfor lagt til at kravet om samtykke berre gjeld om ikkje anna følgjer av overleveringsavgjerda.

Andre ledd fører vidare realitetsinnhaldet i lov om nordisk arrestordre § 20 første ledd, jf. konvensjonen om nordisk arrestordre artikkel 24 nr. 2, berre med lovtekniske endringar.

Tredje ledd gjeld sakshandsaminga. Krav om utlevering vidare av personar som er overleverte til Noreg til land utanfor Norden og EU, avgjerast av departementet etter reglane i utleveringsloven. Dette til forskjell frå overlevering vidare til nordiske statar og EU-statar, som handsamast som arrestordrar og som avgjerast av påtalemakta, eventuelt etter orskurd frå retten, jf. § 28.

Til § 38

Første ledd pålegg påtalemakta ei plikt til å sørgje for at ein ettersøkte som er overlevert til Noreg på vilkår om at den vedkomande blir ført tilbake til den staten han vart overlevert frå, faktisk blir ført tilbake etter at strafforfølginga er avslutta. Sjå parallellavtalen artikkel 8 nr. 3 som tillèt overlevering på vilkår som nemnd ved overlevering av eigne borgarar og personar busette i den iverksetjande staten, jf. også lovforslaget §§ 15 andre ledd og 22 andre ledd. Vilkåret om tilbakeføring utgjer i desse tilfelle eit tilstrekkeleg rettsleg grunnlag for tilbakeføring til soning; det er ikkje i desse tilfella nødvendig med sak om soningsoverføring.

Andre ledd er ein særregel om pågriping og fengsling i samband med tilbakeføring. Dersom den overleverte ikkje allereie sit fengsla, kan vedkomande bli pågripen og fengsla dersom dette blir vurdert som nødvendig for å sikre tilbakeføring, jf. første punktum. Sakshandsaminga følgjer dei vanlege reglene i straffeprosessloven § 175 flg. Andre punktum seier at fengslingsfristen i desse tilfella er ti og fem dagar for høvesvis nordisk-europeiske og nordiske arrestordrar, men med moglegheit for forlenging med tilsvarande frist om det ligg føre særlege forhold som gjer at tilbakeføring ikkje kan skje innan dei nemnde fristane, jf. tredje punktum.

Til § 39

Paragrafen gir reglar om beslag og overlevering av ting i samband med arrestordrar. Han fører lov om nordisk arrestordre § 21 vidare utan andre endringar enn at han no også skal gjelde i samband med nordisk-europeiske arrestordrar. Føresegna byggjer på nordisk konvensjon artikkel 25 og parallellavtalen artikkel 32; dei to har same innhald. Plikta til å foreta beslag går likevel noko lengre enn den folkerettslege skyldnaden ved at den i tillegg til ting ein legg til grunn har tyding som bevis eller som er utbytte av den straffbare handlinga, også omfattar: (i) ting som er frambrakt ved eller har vore gjenstand for den straffbare handlinga, (ii) tredjemannsinndraging og (iii) utvida inndraging. Ein viser elles til merknadene til § 21 i Ot.prp. nr. 39 (2007-2008).

Til § 40

Føresegna her heimlar mellombels overføring for å mogleggjere avhør av den ettersøkte før det er treft avgjerd om overlevering skal skje. Lovforslaget § 31 andre ledd gjeld mellombels overlevering etter at det er treft avgjerd om overlevering.

Første ledd gir påtalemakta heimel til å samtykke til mellombels overføring av ein ettersøkt person for gjennomføring av avhør i den utferdande staten, jf. parallellavtalen artikkel 21. Denne har ikkje nokon parallell i den nordiske konvensjonen, men paragrafen her gjeld også i samband med nordiske arrestordrar.

Om samtykke skal givast eller ikkje avgjer påtalemakta som hovudregel etter eige skjønn. Avgjerda må vurderast opp mot alternativet – om avhør her i landet vil vere ei tilfredsstillande løysing. Men det følgjer av andre ledd første punktum at samtykke skal nektast dersom det er klart at arrestordren vil bli avslått eller dersom det er nødvendig av omsyn til ei straffesak eller handsaminga av arrestordren at den ettersøkte blir verande her i landet. Andre punktum seier at utsikta til forlenga varetekt som følgje av ei mellombels overføring skal takast omsyn til. Tredje punktum gir den ettersøkte rett til å uttale seg.

Etter tredje ledd fastset påtalemakta dei nærmare vilkåra for den mellombelse overføringa.

Til § 41

Første ledd fører vidare lov om nordisk arrestordre § 22 utan endringar. Føresegna gjeld situasjonen ved transport over norsk territorium av ettersøkte som skal overleverast frå ein nordisk stat til ein annan, og svarer til konvensjonen om nordisk arrestordre artikkel 21 og den nordiske utleveringsloven § 18. Slik transport kan skje utan samtykke frå norske styresmakter.

Andre ledd gjeld transitt over norsk territorium i samband med nordisk-europeiske arrestordrar, sjå definisjonen i lovforslaget § 4 bokstav c. Første punktum inneber at departementet skal gi samtykke til slik transitt dersom bestemte opplysningar er gitt. Andre og tredje punktum er særreglar i tilfelle transitten gjeld ein norsk borgar.

Tredje ledd gjeld transitt over norsk territorium av personar som skal utleverast frå ein stat utanfor Norden og EU og til ein EU-stat eller Island.

Andre og tredje ledd gjennomfører parallellavtalen artikkel 28 nr. 1 og 5.

Til § 42

Første ledd første punktum slår fast at loven trer i kraft frå den tid Kongen avgjer. Ifølgje konvensjonen om nordisk arrestordre artikkel 29 trer konvensjonen i kraft tre månader etter at alle statar har samtykt til å vere bundne av konvensjonen. Etter parallellavtalen artikkel 38 nr. 4 trer avtalen i kraft første dag i tredje månad etter at generalsekretæren i EU sitt råd har slått fast at alle formelle krav til avtalepartanes uttrykk for samtykke til avtalen er oppfylte. Departementet legg til grunn at loven skal tre i kraft for høvesvis nordiske og nordisk-europeiske arrestordrar frå det tidspunktet dei underliggande avtalene trer i kraft.

Etter konvensjonen om nordisk arrestordre artikkel 29 nr. 5 kan dei statane som har gitt samtykke, avtale at konvensjonen skal tre i kraft mellom dei, sjølv om ikkje alle statar har samtykt, og konvensjonen dermed ikkje har tredd i kraft. Det er dessutan slik at dei to instrumenta kan kome til å tre i kraft til ulik tid. I første ledd andre punktum er det derfor bestemt at Kongen kan bestemme at loven berre skal tre i kraft mellom enkelte av dei nordiske statane, eller for berre nordiske eller nordisk-europeiske arrestordrar.

Loven vil gjelde for arrestordrar mottekne etter at loven har tredd i kraft, jf. andre ledd første punktum. Dette gjeld sjølv om det straffbare forholdet arrestordren gjeld, vart gjort før loven tredde i kraft. Utleveringskrav mottekne før loven har tredd i kraft, vert handsama anten etter den nordiske utleveringsloven frå 1961 eller utleveringsloven frå 1975.

Til § 43

I paragrafen er det foreslått endringar i andre lover.

Nr. 1 til 3 gjentek i hovudsak tilsvarande endringar i lov om nordisk arrestordre § 24, med nødvendige tilpassingar som følgje av lovforslaget her. Gjentakinga er nødvendig fordi lov om nordisk arrestordre vert oppheva når arrestordreloven trer i kraft. Den vedtekne endringa i utleveringsloven § 18 nr. 2 er likevel ikkje gjenteke, ettersom denne endringa allereie har tredd i kraft.

Når det gjeld forslaga her til endringar i lov 15. november 1963 om fullbyrding av nordiske dommar på straff m.v. § 6 og i lov 5. juni 1970 nr. 35 om utlevering for å få sett i verk vedtak om fridomsinngrep treft av myndigheit i eit anna nordisk land § 9, så er formuleringane vesentleg endra. I staden for å vise til paragrafen om vilkår for overlevering og spesialitetsprinsippet i lov om nordisk arrestordre, er det no berre ei tilvising til reglane for strafforfølging, straffullbyrding og over- og utlevering vidare for forhold gjort før overleveringa som gjeld ved overlevering til eit anna nordisk land. Dette fordi arrestordreloven ikkje pålegg norske styresmakter å gjenta dei reglane for dette som uansett følgjer av konvensjonen om nordisk arrestordre, sjå punkt 7 ovanfor. Ein må her gå til konvensjonen artikkel 23 og 24 for å finne ut kva reglar som gjeld.

Endringa i utleveringsloven § 1, nytt andre punktum, sjå nr. 3, er ny. Tilføyinga seier at for overlevering av personar for straffbare forhold mellom Noreg og medlemsstatar i Den europeiske unionen og mellom Noreg og andre nordiske statar på grunnlag av ein arrestordre, gjeld arrestordreloven. Dette er føydd til av informasjonsomsyn.

I nr. 4 vert det foreslått å rette opp ein inkurie i panteloven § 4-5 første ledd. Ved lov 10. desember 2010 nr. 75 fall regelen i dagjeldande § 4-5 første ledd andre punktum om at panteloven § 1-4 ikkje gjeld, ut av lovteksten.

Nr. 5 foreslår tilføying av ein ny § 463 b i straffeprosessloven. Føresegna regulerer fastsetting av den straffa som skal fullbyrdast i tilfelle kor ein person er vorte overlevert eller utlevert til Noreg, men berre for enkelte av fleire forhold som var pådømd i den norske dommen som låg til grunn for utleverings- eller overleveringskravet. I slike tilfelle skal retten, etter krav frå påtalemakta, treffe avgjerd om kor stor del av den idømde straffa som skal verte fullbyrda. Retten må her sjå hen til merknadene om straffeutmålinga i dommen. Er det lite av føringar her, må retten vurdere kor stor del som skal fullbyrdast på meir fritt grunnlag.

Til forsida