Prop. 137 LS (2010–2011)

Lov om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven) og om samtykke til inngåing av avtale 28. juni 2006 mellom EU, Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane

Til innhaldsliste

3 Oversikt over føresegnene i parallellavtalen

Avtalen er inndelt i fire kapittel:

Kapittel 1 inneheld alminnelege prinsipp for avtalen, kapittel 2 gjeld prosedyrar for overlevering, kapittel 3 handlar om verknader av overlevering, og kapittel 4 har alminnelege føresegner og sluttføresegner.

Forordet uttrykkjer blant anna eit ønske om å betre det rettslege samarbeidet i kriminalspørsmål og å effektivisere ordningane for overlevering av mistenkte og straffedømde. I forordet uttrykkjer også partane sin gjensidige tillit til kvarandre sine rettssystem og avtalepartane si evne til å garantere rettferdig rettargang. Det blir også understreka at avtalen respekterer grunnleggjande rettar, særleg Den europeiske menneskerettskonvensjonen.

Artikkel 1 skildrar formålet med avtalen. Formålet er å betre systemet for overlevering med omsyn til rettsforfølging eller domsfullbyrding mellom på den eine sida medlemsstatane i EU og på den andre sida Noreg og Island. Artikkelen slår også fast at avtalen ikkje innskrenkar pliktene som følgjer av Den europeiske menneskerettskonvensjonen, og at partane skal kunne avslå ein arrestordre om det er grunn til å tru at han er utferda med sikte på forfølging eller straff på grunnlag av kjønn, rase, religion, etnisk opphav osv.

Artikkel 2 definerer enkelte sentrale omgrep som blir nytta i avtalen, mellom desse arrestordre.

Artikkel 3 gjer greie for det materielle bruksområdet for avtalen. Etter artikkel 3 nr. 1 kan ein arrestordre ferdast ut dersom lovbrotet som ligg til grunn for at personen krevst overlevert kan føre til fridomsstraff på minst tolv månader. Dersom personen blir kravd overlevert for soning, skal den idømde straffa vere minst fire månader.

Artikkel 3 nr. 2 slår fast at overlevering ikkje skal skje dersom det forhold personen krevst overlevert for ikkje er straffbart i den iverksetjande staten (prinsippet om dobbel strafflegging). Føresegna skil seg frå den europeiske arrestordren der hovudregelen er at ein ikkje kan krevje dobbel strafflegging for ei rad opplista lovbrot dersom lovbrotet som ligg til grunn for arrestordren har ei strafferamme på minst tre år i den utferdande staten. I andre tilfelle kan overlevering også etter den europeiske arrestordren gjerast avhengig av dobbel strafflegging.

Kravet til dobbel strafflegging i nr. 2 blir likevel modifisert i nr. 3 som bestemmer at dette ikkje kan gjerast gjeldande dersom arrestordren er ferda ut på grunnlag av visse terrorhandlingar og enkelte andre handlingar som ledd i felles kriminell verksemd. Vidare opnar nr. 4 for erklæringar om at prinsippet om dobbel strafflegging ikkje skal gjerast gjeldande på visse vilkår og for nærmare oppgitte handlingar. Ei slik erklæring kan gjerast avhengig av resiprositet (tilsvarande regulering hos den andre parten).

Artikkel 4 fastset i kva tilfelle ein arrestordre skal avslåast. Ein arrestordre skal avslåast dersom det er gitt amnesti i den iverksetjande staten, dersom det ligg føre ein endeleg dom i ein stat for dei same forholda og straffa i tilfelle domfelling er fullbyrda, under fullbyrding eller ikkje lenger kan fullbyrdast, eller dersom den ettersøkte var under den kriminelle lågalderen i den iverksetjande staten da lovbrotet skjedde.

Artikkel 5 inneheld ei liste over dei fakultative avslagsgrunnane. Det er opp til den enkelte staten å avgjere om ein arrestordre skal avslåast fordi ein av dei fakultative avslagsgrunnane ligg føre, og om desse avslagsgrunnane skal lovfestast som obligatoriske avslagsgrunnar eller om det skal vurderast i det enkelte tilfellet om avslagsgrunnen skal nyttast eller ikkje.

Utgangspunktet i artikkel 6 er at ein arrestordre ikkje kan avslåast med den grunngivinga at den straffbare handlinga er eit politisk lovbrot. Statane kan likevel erklære at dei held på retten til å avslå ein arrestordre med denne grunngivinga. Dersom ein stat har gitt ei slik erklæring, kan dei andre statane også avslå på dette grunnlaget. Ein arrestordre som grunnar seg på visse nærmare oppgitte terrorhandlingar, kan likevel aldri avslåast med den grunngivinga at det er snakk om eit politisk lovbrot.

Artikkel 7 slår fast at det som utgangspunkt ikkje gjeld noko unntak frå overleveringsplikta for så vidt gjeld eigne statsborgarar. Men også her er det gitt høve til å ta atterhald, eventuelt å erklære at overlevering av eigne borgarar berre vil skje på bestemte vilkår. Dei andre statane kan da på tilsvarande måte avslå eit krav som gjeld eigne borgarar, eventuelt stille tilsvarande vilkår for overlevering (resiprositet).

Artikkel 8 gir høve til å setje visse vilkår for overlevering. Det kan krevjast at den utferdande staten sørgjer for at den ettersøkte får høve til å krevje saka handsama på nytt i tilfelle der den opphavlege dommen eller avgjerda vart avsagd in absentia og vedkomande ikkje var innkalla til det aktuelle rettsmøtet. Er det høve til å straffe den overleverte med fridomstap på livstid, kan overleveringa gjerast avhengig av at den utferdande staten går god for at den vil vurdere straffa eller tiltaket på oppmoding eller seinast etter 20 år. Den iverksetjande staten kan også setje som vilkår at ein person som krevst overlevert til strafforfølging, og som er statsborgar av eller busett i staten, blir tilbakeført til den iverksetjande staten for soning.

Artikkel 9 omhandlar utpeiking av kompetent utferdande og iverksetjande rettsmyndigheit. Utgangspunktet er at den kompetente myndigheita skal vere ei rettsstyresmakt, og at ein arrestordre ikkje skal handsamast av justisdepartementa. Nr. 2 opnar likevel for at statane kan utpeike justisministeren som iverksetjande styresmakt.

Artikkel 10 handlar om utpeiking av sentralmyndigheit.

Artikkel 11 set krav til innhaldet i og forma på arrestordren. Som vedlegg til konvensjonen følgjer eit skjema for utfylling av opplysningane nemnde i artikkel 11. Skjemaet skal fyllast ut av kompetent styresmakt og utgjer da ein arrestordre.

Kapittel 2 skildrar overleveringsprosedyrane.

Artikkel 12 bestemmer korleis ein arrestordre skal setjast fram. Den utferdande myndigheita kan anten sende arrestordren til den kompetente myndigheita i den iverksetjande staten eller registrere den ettersøkte i Schengen informasjonssystem (SIS).

Artikkel 13 inneheld meir detaljerte reglar om oversending av arrestordren og pålegg den utferdande myndigheita ei viss plikt til å undersøkje kven som er kompetent myndigheit. Arrestordren kan formidlast via Interpol dersom SIS ikkje kan nyttast.

Artikkel 14 har føresegner om den ettersøkte sin rett til informasjon, juridisk bistand og tolk. EU har kome med eit direktiv (directive 2010/64/EU) om retten til tolk og oversetting som tek sikte på å standardisere visse minimumskrav.

Artikkel 15 har reglar om fengsling og forvaring i påvente av vedtak om overlevering. Varetektsfengsling og varetektssurrogat skal nyttast i samsvar med nasjonale reglar.

Artikkel 16 handlar om samtykke til overlevering og samtykke til rettsforfølging for andre straffbare forhold som har skjedd før overleveringa (avkall på spesialitetsprinsippet).

Artikkel 17 gir den pågripne rett til å uttale seg om ein arrestordre.

Artikkel 18 slår fast at avgjerda om overlevering skal treffast innan dei fristane og på dei vilkåra som går fram av konvensjonen. Den iverksetjande myndigheita kan innhente supplerande opplysningar frå den utferdande myndigheita ved behov.

Artikkel 19 stiller opp retningslinjer for korleis ei avgjerd skal treffast i tilfelle der fleire statar ønskjer den same personen overlevert eller utlevert. I desse tilfella er det opp til den iverksetjande rettsmyndigheita å avgjere kva for arrestordre eller utleveringskrav som skal etterkomast. Ved vurderinga skal ein leggje vekt på alle omstende, særleg åstaden for dei straffbare handlingane, kor alvorlege forholda er, datoar for arrestordrane og om arrestordren er utferda med sikte på rettsforfølging eller straffullbyrding.

Artikkel 20 inneheld fristar og prosedyrar for iverksetjinga av ein arrestordre.

EU er på vegner av ein eller fleire av sine medlemsstatar gitt høve til å erklære at fristane for overlevering ikkje skal gjelde i visse tilfelle kor det ikkje er gitt samtykke til overlevering. EU har likevel erklært at alle medlemsstatane vil nytte dei same fristane i samband med overlevering til Noreg og Island som ved overlevering til andre medlemsstatar.

Artikkelen stiller også opp eit grunngivingskrav for avslag på ein arrestordre.

Artikkel 21 har reglar om avhør og mellombels overføring i påvente av vedtak om fullbyrding av ein arrestordre. Etter nr. 1 pliktar den iverksetjande rettsmyndigheita anten å samtykkje til at den som arrestordren gjeld blir avhørt, eller å overføre vedkomande mellombels til den utferdande staten. Nr. 2 og 3 seier at vilkåra for og varigheita av overføring skal fastsetjast mellom dei aktuelle statane, og at vedkomande skal kunne returnere til den iverksetjande staten for å oververe rettsforhandlingar om arrestordren.

Artikkel 22 har reglar for avhør av den arrestordren gjeld og som blir gjennomført av den utferdande staten i samsvar med artikkel 21 nr. 1 (a).

Artikkel 23 gir særreglar for dei tilfella der den ettersøkte nyt privilegium eller immunitet.

Artikkel 24 fastslår at dersom den ettersøkte er overlevert eller utlevert til den iverksetjande staten frå ein tredjestat, må den iverksetjande myndigheita respektere eventuelle forbod mot vidare overlevering og eventuelt søkje å innhente samtykke til vidare overlevering.

Artikkel 25 pålegg den iverksetjande myndigheita straks å underrette den utferdande myndigheita om avgjerda.

Artikkel 26 inneheld fristreglar for overlevering av den ettersøkte etter at endelig avgjerd om fullbyrding av arrestordren er treft.

Artikkel 27 har reglar om utsett overlevering eller (mellombels) overlevering på vilkår i tilfelle der vedkomande er under rettsforfølging eller sonar ein dom i den iverksetjande staten.

Artikkel 28 fastset at det ikkje er nødvendig å søkje om løyve for transitt av ein person som skal overleverast frå ein stat til ein annan når transittstaten har motteke nærmare oppgitte opplysningar om den som blir overlevert. Ein stat som har erklært at han ikkje vil overlevere eigne statsborgarar, jf. artikkel 7 nr. 2, kan nekte transitt av eigne borgarar eller setje nærmare vilkår for transitten. Føresegna gir også nærmare prosessuelle reglar for fremje av transittkrav. Føresegna gjeld ikkje ved lufttransport utan planlagd mellomlanding. Ho skal gjelde så langt det passar for utlevering frå ein tredjestat.

Kapittel 3 har reglar om verknadene av overlevering.

Artikkel 29 har reglar om varetektsfrådrag.

Artikkel 30 regulerer rettsforfølging for andre lovbrot som har skjedd før overleveringa (spesialitetsprinsippet).

Artikkel 31 stiller opp reglar for overlevering vidare eller utlevering vidare for lovbrot som har skjedd forut for den handlinga som vedkomande opphavleg er overlevert for.

Artikkel 32 gjeld beslag og overlevering av gjenstandar.

Artikkel 33 har reglar om fordelinga av kostnader i samband med arrestordren.

Kapittel 4 inneheld alminnelege føresegner og sluttføresegner.

Artikkel 34 gjeld forholdet til andre internasjonale plikter.

Artikkel 35 inneheld overgangsreglar. Hovudregelen er at krav om utlevering som er mottekne før avtalen trer i kraft skal handsamast etter dei noverande reglane for utlevering, mens arrestordrar mottekne etter iverksetjinga av avtalen skal handsamast etter avtalen. Statane kan likevel erklære at ein arrestordre utferda på grunnlag av handlingar som har skjedd før iverksetjinga av avtalen skal handsamast etter dei gamle reglane om utlevering.

Artikkel 36 fastslår at kvar stat kan vise ein tvist om bruken eller tolkinga av avtalen til eit møte mellom representantar for regjeringane i medlemsstatane i EU og Noreg og Island.

Artikkel 37 pålegg avtalepartane å følgje med på rettspraksis i EF-domstolen og i dei kompetente domstolane i Noreg og Island for å sikre ein mest mogleg einsarta bruk og tolking av avtalen. Det skal skipast ein mekanisme for å sikre jamleg utveksling av slik rettspraksis.

Artikkel 38 har føresegner om underretning, erklæringar og iverksetjing.

Av artikkel 39 følgjer atstatar som blir medlemmer av EU etter at avtalen er sett i kraft, automatisk blir bundne av avtalen.

Artikkel 40 fastset at avtalen skal gjennomgåast fem år etter at han har trådd i kraft.

Artikkel 41 regulerer oppseiing av avtalen.

Generalsekretæren i EU er depositar for avtalen, jf. artikkel 42.

Til forsida