Prop. 137 LS (2010–2011)

Lov om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven) og om samtykke til inngåing av avtale 28. juni 2006 mellom EU, Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane

Til innhaldsliste

8 Forholdet til menneskerettane og folkeretten elles

Dei grunnleggjande menneskerettane er omtalt i forordet til avtalen. Her blir det slått fast at avtalen respekterer grunnleggjande rettar, særleg Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), og at avtalen ikkje er til hinder for at ein stat kan nytte eigne konstitusjonelle reglar om blant anna rettstryggleik, foreiningsfridom og ytringsfridom. Det er også stadfesta at ingen må utleverast til ein stat der det er alvorleg fare for at vedkomande vil bli utsett for dødsstraff, tortur eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling eller straff, jf. høvesvis tilleggsprotokoll nr. 6 artikkel 1 til EMK og andre tilleggsprotokoll til den internasjonale konvensjon om sivile og politiske rettar (SP), og EMK artikkel 3 og SP artikkel 7.

EMK er ratifisert av alle EU sine medlemsstatar og Island og Noreg og alle desse landa har akseptert den individuelle åtgangen til å klage til Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD). EMK artikkel 3 om forbod mot tortur inneber ikkje berre at dei nasjonale myndigheitene sjølve skal avstå frå tortur, men også at dei same myndigheitene har eit ansvar for å sørgje for at personen ikkje blir utsett for tortur av andre. Det er slått fast i rettspraksis frå EMD at det vil vere brot på artikkel 3 å utlevere ein person til ein stat dersom det kan forventast at han eller ho vil bli utsett for tortur eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling. Det er i teorien teke opp at det same forbodet mot utlevering/overlevering gjeld i tilfelle der det kan ventast grove brot på artikkel 5 (retten til fridom og tryggleik) eller artikkel 6 (retten til ei rettferdig domstolsbehandling).

EMK er inkorporert i norsk rett gjennom lov 21. mai 1999 nr. 30 om styrking av stillinga til menneskerettane i norsk rett (menneskerettsloven), sjå føresegna om forrang ved motstrid i § 3. Dersom utlevering/overlevering vil vere i strid med EMK, kan såleis utlevering/overlevering ikkje skje. Utleveringsloven inneheld ikkje noko eiga føresegn om loven sitt forhold til menneskerettane, men føresegnene i §§ 6 og 7 kjem inn på enkelte sider av desse rettane. Lov om nordisk arrestordre inneheld ikkje noko føresegn om forholdet til menneskerettane, og fare for brot på desse rettane er ikkje lovfesta som avslagsgrunn.

Den danske udleveringsloven § 10 h inneheld eit uttrykkeleg forbod mot utlevering til EU-statar ved fare for etnisk, religiøs eller politisk forfølging og ved fare for tortur eller anna umenneskeleg eller nedverdigande behandling. Den svenske loven om overlevering frå Sverige i høve til ein europeisk arrestordre 2 kap. 4 § nr. 2, nemner strid med EMK med tilleggsprotokollar som eit hinder mot overlevering. I den finske loven er både fare for forfølging og brot på menneskeretter eller grunnlovsfesta rettar nemnd i føresegna om ufråvikelege avslagsgrunnar, sjå den finske loven 2 kap 5 §.

I høyringsnotatet peika departementet på at ein ikkje hadde funne at det var behov for ei føresegn i lov om nordisk arrestordre om at ein nordisk arrestordre skal avslåast ved fare for brot på fundamentale rettar, sjå drøftinga i Ot.prp. nr. 39 (2007-2008) punkt 4.1.5. Departementet bad om høyringsinstansane sitt syn på om den endra loven burde innehalde ei eiga føresegn om at overlevering ikkje kan skje ved fare for brot på fundamentale rettar.

Utanriksdepartementet uttaler i si høyringsfråsegn at dei er samd i at det ikkje er påkravd med noko eiga føresegn om at overlevering ikkje kan skje om det vil vere i strid med menneskerettsloven. Utanriksdepartementet meiner likevel det er grunn til å ta inn ein meir generell folkerettsreservasjon som samtidig vil ivareta forholdet til menneskerettsloven, og viser her særleg til avtalen si føresegn om privilegium og immunitet.

Østfold politidistrikt og riksadvokaten er for ei lovfesting av menneskerettane som avslagsgrunn. Riksadvokaten meiner samtidig at ein i så fall også bør lovfeste andre liknande avslagsgrunner, slik som fare for forfølging for politisk oppfatning, religion mv. og motstrid med Grunnloven sine føresegner.

Som nemnt i høyringsnotatet vil ei eiga føresegn om at overlevering ikkje kan skje ved fare for brot på fundamentale rettar, ikkje ha noko tyding for rettstilstanden. Det vil dessutan følgje av ei generell tilvising til straffeprosessloven at loven gjeld med dei avgrensingane som følgjer av folkeretten, som menneskerettane utgjer ein del av, sjå lovforslaget § 3 jf. straffeprosessloven § 4. Departementet har likevel tatt inn ein generell folkerettsreservasjon i lovforslaget § 2. I tillegg har ein valt å foreslå at strid med EMK blir lovfesta som ein obligatorisk avslagsgrunn, sjå forslaget til § 8 andre ledd. Ein finn det ikkje nødvendig med ei uttrykkeleg føresegn om forbod mot forfølging som omhandla i avtalen artikkel 1 nr. 4.

Til forsida