Prop. 137 LS (2010–2011)

Lov om pågriping og overlevering til og frå Noreg for straffbare forhold på grunnlag av ein arrestordre (arrestordreloven) og om samtykke til inngåing av avtale 28. juni 2006 mellom EU, Island og Noreg om overleveringsprosedyre mellom partane

Til innhaldsliste

9 Særlege vilkår for overlevering

Utleveringsloven § 12 nr. 2 gir ein generell heimel for å stille dei vilkåra for utlevering «som det finnes grunn til.» I tillegg følgjer det av nr. 1 at utlevering berre kan skje på bestemte vilkår.

Artikkel 8 i avtalen gir høve til å stille tre typar vilkår for overlevering: Den iverksetjande staten kan krevje at den utferdande staten sørgjer for at den som blir overlevert får høve til å krevje saka handsama på ny dersom den opphavlege dommen/vedtaket er avsagd i den dømde sitt fråvær og utan at vedkomande har vore innkalla til rettsmøtet (nr. 1). Er det er høve til å straffe den overleverte med fridomstap på livstid, kan overlevering gjerast avhengig av at den utferdande staten forsikrar at han vil vurdere straffa eller tiltaket på oppmoding eller seinast etter 20 år (nr. 2). Den iverksetjande staten kan også setje som vilkår for overlevering av ein borgar av eller ein busett i staten at vedkomande blir tilbakeført for soning (nr. 3).

Departementet foreslo i høyringsnotatet å lovfeste høve til å stille som vilkår for overlevering av norske borgarar og personar busette her at dei blir sende tilbake for soning i Noreg etter eventuell domfelling. Ein foreslo også at eit krav om at det vert stilt vilkår som nemnt i artikkel 8 nr. 1 ved overlevering på grunnlag av fråværsdom. Forslaga er ikkje kommentert av høyringsinstansane.

Departementet gjer merksam på at vilkåra som er omtalt i artikkel 8 nr. 1 og 2 gjeld enkelte spesielle rettar som uansett følgjer av EMK. EMD har uttalt at gjennomføring av domsforhandling utan at den tiltalte er til stades, ikkje i seg sjølv er i strid med konvensjonen (artikkel 6 om rettferdig domstolsbehandling), men dette gjeld under føresetnad om at vedkomande i etterkant kan få saka handsama på ny for ein domstol som han møter for og som prøver både dei faktiske og dei rettslege spørsmåla i saka, sjå Poitrimol mot Frankrike (dom 23. november 1993, para. 31). Konvensjonen er heller ikkje til hinder for at vaksne personar vert idømd livsvarig fengsel. Men det kan vere problematisk opp mot forbodet mot tortur i artikkel 3 dersom ein livstidsdømd ikkje har noko som helst høve, sjølv i spesielle tilfelle, til å bli lauslaten, sjå mellom anna Léger mot Frankrike (dom 11. april 2006, para. 90).

Sjølv om ei føresegn om at det kan stillast særlege vilkår i tilknyting til fråværsdommar og livstidsstraff ikkje vil gi uttrykk for stort meir enn det som uansett følgjer av menneskerettslova, finn departementet at det kan vere grunn til å krevje uttrykkelege stadfestingar frå den utferdande staten i begge desse tilfella, sjå lovforslaget § 11. Dette legg også arrestordreskjemaet opp til, sjå vedlegget til avtalen. Nøyaktig kva som skal måtte stadfestast, må tolkast i lys av praksis frå EMD.

Departementet opprettheld forslaget om at det ved overlevering av norske borgarar og personar busett her, skal kunne stillast vilkår om at personen, etter eventuell domfelling, blir send tilbake for soning i Noreg, sjå lovforslaget § 15 andre ledd. Ein viser til liknande føresegner i svensk, dansk og finsk lovgiving og til at dette er eit vilkår for overlevering av personar som nemnt innanfor Norden, sjå lovforslaget § 22 andre ledd som fører vidare lov om nordisk arrestordre § 7.

Til forsida