Prop. 32 L (2022–2023)

Endringar i havressurslova m.m. (administrativ inndraging og tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

2 Behovet for lovendring

Bakgrunnen for at departementet fremmar lovforslag om endring av havressurslova § 54 er at departementet har sett at det er behov for å tydeleggjere kva lovbrot som fell innunder havressurslova § 54 og kva lovbrot som ikkje gjer det. I tillegg har departementet sett at enkelte typar lovbrot som i dag vert omfatta av havressurslova § 54 kan leie til inndraging som i enkelte tilfelle kan framstå som unødvendig tyngande.

Departementet har særleg sett behov for å sjå nærmare på om det bør gjerast unntak frå administrativ inndraging for enkelte føresegner som har preg av å vere formalbrot. Det kan i enkelte tilfelle framstå som unødvendig tyngande at fangstverdien vert inndregen dersom lovbrotet er knytt til enkelte slike føresegner.

Departementet vurderer det difor som formålstenleg å ta inn ei endring i havressurslova § 54 andre ledd som gjev heimel til å fastsetje nærmare føresegner i forskrift om kva lovbrot som fører til administrativ inndraging, og kva lovbrot som er unnatekne frå administrativ inndraging.

Bakgrunnen for lovforslaget om tilgang på opplysningar frå Folkeregisteret er at folkeregisterlova 2016 § 10-2 stiller krav om at heimel for utlevering av opplysningar frå Folkeregisteret som er omfatta av teieplikt, må følgje av regelverket som gjeld for dei ulike saksområda. Skal Fiskeridirektoratet framleis ha tilgang til opplysningane, må heimelen såleis stå i dei enkelte lovene.