Prop. 32 L (2022–2023)

Endringar i havressurslova m.m. (administrativ inndraging og tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

1 Hovudinnhaldet i proposisjonen

Nærings- og fiskeridepartementet legg i denne lovproposisjonen fram forslag til endringar i lov 6. juni 2008 nr. 37 om forvaltning av viltlevande marine ressursar (havressurslova), lov 26. mars 1999 nr. 15 om retten til å delta i fiske og fangst (deltakarlova) og lov 28. juni 1957 nr. 12 om pensjonstrygd for fiskere (fiskarpensjonslova).

Endringane gjeld administrativ inndraging etter havressurslova § 54 og tilgang på opplysningar frå Folkeregisteret. Sistnemnde er ei teknisk oppfølging av folkeregisterlova, lov 9. desember 2016 nr. 88 om folkeregistrering. I tillegg gjeld endringa ei oppheving av fiskarpensjonslova § 4 fjerde ledd.

Dei foreslåtte endringane som gjeld administrativ inndraging, inneber at det vert teke inn ein heimel i havressurslova § 54 for departementet til å fastsetje i forskrift nærmare føresegner om lovbrot som fører til administrativ inndraging av fangst etter § 54 første ledd første punktum. Lovforslaget opnar for at departementet kan tydeleggjere i forskrift kva lovbrot som fører til administrativ inndraging etter havressurslova § 54 første ledd første punktum. I tillegg opnar lovforslaget for at departementet kan fastsetje i forskrift at enkelte lovbrot som i dag fører til administrativ inndraging etter § 54 første ledd første punktum, ikkje lenger skal gjere det.

Lovforslaget som gjeld havressurslova § 54, har to hovudformål. For det første skal det gjera situasjonen meir føreseieleg for aktørane, ved at ein i forskrift kan tydeleggjere kva for lovbrot som medfører administrativ inndraging. For det andre vil lovforslaget gje forvaltninga større fleksibilitet i val av reaksjonsform, ved at det blir mogleg å fastsetje nærmare føresegner i forskrift om når ein skal la vere å bruke administrativ inndraging i sakstypar der slik inndraging framstår som unødvendig tyngande.

Dersom denne lovproposisjonen blir vedteke av Stortinget, tek departementet sikte på å sende ut eit høyringsnotat med forslag til forskriftsendringar som følgjer opp lovendringa i havressurslova § 54.

I tillegg vert havressurslova og deltakarlova foreslått endra slik at Fiskeridirektoratet får heimel i lov til framleis å kunne hente opplysningar frå Folkeregisteret utan hinder av teieplikt når det er naudsynt for utøving av oppgåver etter lovene, jf. folkeregisterlova 2016 § 10-2. Dei foreslåtte lovendringane inneber ei vidareføring av rettstilstanden etter lov 16. januar 1970 nr. 1 om folkeregistrering.

Vidare foreslår departementet at fiskarpensjonslova § 4 fjerde ledd blir oppheva, då innhaldet i denne ikkje lenger er aktuelt.