Prop. 32 L (2022–2023)

Endringar i havressurslova m.m. (administrativ inndraging og tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

5 Om lovforslaga

5.1 Endringa i havressurslova § 54

5.1.1 Høyringsforslaget

Høyringsnotatet inneheldt eit forslag til endring i havressurslova § 54 andre ledd, som lydde slik:

Departementet kan i forskrift fastsetje reglar om kva føresegner som skal være omfatta av første ledd, handsaming av slike saker, korleis verdien av fangsten skal fastsetjast, om det kan gjevast vederlag for kostnader ved ilandføring, og om kva salslaga kan bruke slik midlar til.

I Fiskeridirektoratet si oversending til departementet etter gjennomført høyring foreslår Fiskeridirektoratet ei noko anna formulering enn den som vart høyrt. Det nye forslaget til formulering lyder slik:

Departementet kan i forskrift fastsetje reglar om unntak frå første ledd, handsaming av slike saker, korleis verdien av fangsten skal fastsetjast, om det kan gjevast vederlag for kostnader ved ilandføring, og om kva salslaga kan bruke slike midlar til.

Fiskeridirektoratet si grunngjeving for nytt forslag er følgjande:

Fiskeridirektoratet legger til grunn at inndragning av ulovlig fangst fortsatt skal være utgangspunkt og hovedregel. Det kan da være et lovteknisk poeng å regulere administrativ inndragning slik at hovedregelen fremgår av havressursloven § 54 første ledd, men at det gis hjemmel i andre ledd til konkret å unnta typetilfeller fra ordningen. Det innebærer at det ikke er nødvendig at det fremgår av den enkelte forskrift hvilke lovbrudd som skal medføre administrativ inndragning. Fiskeridirektoratet mener det er en enklere og lovteknisk bedre regel at fangst eller verdien av fangst alltid skal administrativt inndras ved alle brudd på regler om høsting og levering, med mindre lovbruddet er konkret unntatt i forskrift.
Fiskeridirektoratet mener videre at lovtekniske grunner tilsier at unntaksbestemmelsene bør fremgå av de enkelte forskriftene og at det ikke lages en ny forskrift som lister opp unntakene fra havressursloven § 54 første ledd.

5.1.2 Departementet si vurdering

Departementet viser til innhaldet i høyringsfråsegnene og legg ut frå dei til grunn at høyringsforslaget har legitimitet i næringa.

Formålet med lovendringa er å gje departementet heimel til å fastsetje nærmare føresegner om kva brot som fell utanfor og innanfor havressurslova § 54 første ledd første setning, og i tillegg å kunne syne kva brot som skal bli unnatekne frå same føresegn. Forslaget vil leggje til rette for at departementet i forskrift kan avklare kva for lovbrot som medfører inndraging, og dessutan gjere unntak for nokre lovbrot der inndraging framstår som unødvendig tyngande. Dette føreset ei mindre lovendring som legg den nødvendige forskriftskompetansen til departementet. Departementet foreslår at heimelsgrunnlaget vert avgrensa i tråd med dette. Vidare foreslår departementet ei lovteknisk endring ved å dele inn føresegna i bokstavane a til f, slik at føresegna blir meir oversiktleg. Departementet foreslår følgjande endringar i havressurslova § 54 andre ledd:

Departementet kan gje forskrift om
  • a. handsaminga av saker etter første ledd

  • b. kva for føresegner som er omfatta av første ledd

  • c. korleis verdien av fangst etter første ledd skal fastsetjast

  • d. om det kan gjevast vederlag for kostnader ved ilandføring av fangst etter første ledd

  • e. kva salslaga kan bruke midlar som nemnt i første ledd til

  • f. at brot på enkelte føresegner etter første ledd likevel ikkje skal medføre inndraging av fangst.

Fiskeridirektoratet har i høyringa presentert døme på lovbrot som det kan vere grunn til å gjere unntak for i forskrift. Dette gjeld i hovudsak lovbrot som har preg av å vere formalfeil. Departementet tek sikte på å gjennomføre ei eiga høyring med forslag til føresegner om unntak frå administrativ inndraging. Det vil her vere mogleg å kome med høyringsinnspel til dei enkelte forslaga til unntak. Departementet presiserer at sjølv om ei framtidig forskrift fastset at enkelte lovbrot ikkje skal føre til administrativ inndraging, står ikkje det i vegen for at lovbrotet kan leie til andre reaksjonar eller sanksjonar.

5.2 Tilgang på opplysningar frå Folkeregisteret

Forslaga som gjeld tilgang på oppysningar frå Folkeregisteret utan omsyn til teieplikt, skal sikre at Fiskeridirektoratet har tilgang på opplysningar som er naudsynte for utøving av oppgåver etter lovene. Vidare skal forslaga sikre at Fiskeridirektoratet har tilgang på opplysningar til utgreiing og produksjon av statistikk.

Fiskeridirektoratet fører register over fartøy som vert nytta til ervervsmessig fiske, gjennom merkeregisteret som er heimla i deltakarlova § 22. Registeret inneheld detaljerte opplysningar om eigarar og medeigarar av fartøy. Vidare har deltakarlova krav om opplysningar om nasjonalitet og bustad for eigaren av fartøyet.

I tilfelle der fartøyeigar har døydd, vil det kunne vere behov for å innhente opplysningar om familieforhold. I tilfelle der fartøyeigar eller mannskap har utvandra frå Noreg, kan det vere behov for tilgang til opplysningar om dette.

Departementet legg til grunn at det kan oppstå liknande behov som nemnd over, også ved oppgåver som blir utført etter havressurslova.

Dei foreslåtte lovendringane som gjeld å sikre at Fiskeridirektoratet har tilgang på opplysningar frå Folkeregisteret, fører vidare rettstilstanden etter folkeregisterlova 1970. Lovforslaga er ei tilpassing i samsvar med den nye folkeregisterlova 2016. Departementet la difor til grunn at det openbert ikkje var naudsynt å sende dei tekniske endringane i havressurslova og deltakarlova på allmenn høyring, jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd tredje strekpunkt. Dei tilsvarande forslaga i Prop. 86 LS (2017–2018), Prop. 112 L (2017–2018) og Prop. 38 L (2018–2019) har heller ikkje vore på allmenn høyring.

Departementet foreslår å plassere lovendringa i § 49 i havressurslova, sidan denne føresegna gjeld utveksling av opplysningar mellom kontrollstyresmakter. Vidare foreslår departementet ein ny paragraf i deltakarlova, sidan deltakarlova ikkje har liknande føresegner frå før. Kapittel VI i deltakarlova er det einaste kapittelet i lova som inneheld forskjellige føresegner.

5.3 Forslag om oppheving av fiskarpensjonslova § 4 fjerde ledd

Departementet foreslår vidare at fiskarpensjonslova § 4 fjerde ledd blir oppheva, sidan innhaldet i føresegna ikkje lenger er aktuelt. Føresegna handlar om at departementet kan fastsetje at kommunale organ, i kommunar utan fiskerirettleiarteneste, skal føre registeret omtalt i § 4 første ledd. I dag er det Fiskeridirektoratet som fører registeret, og ordninga med fiskerirettleiar finst ikkje lenger. Føresegna bør difor bli oppheva.

Forslaget om oppheving av fiskarpensjonslova § 4 fjerde ledd har ikkje vore på høyring. Sidan innhaldet i føresegna ikkje lenger er aktuelt er det openbert ikkje naudsynt å høyre dette, jf. utgreiingsinstruksen punkt 3-3 andre ledd tredje strekpunkt.