Prop. 32 L (2022–2023)

Endringar i havressurslova m.m. (administrativ inndraging og tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

6 Administrative og økonomiske konsekvensar

Lovforslaget som gjeld havressurslova § 54, vil medverke til meir føreseielege tilhøve for aktørane, ved at departementet i forskrift kan avklare kva for lovbrot som medfører og ikkje medfører administrativ inndraging av fangst.

Ved at det vert opna for unntak frå kva føresegner som skal vere omfatta av havressurslova § 54 første ledd, vil næringa få nokre færre inndragingssaker mot seg samanlikna med dagens rettstilstand, og ein vil i større grad kunne unngå inndraging av fangst ved formalfeil når dette framstår som unødvendig tyngande.

Forslaget legg vidare til rette for mindre ressursbruk i fiskeriforvaltninga og hjå næringsaktørane, ved at det i framtida kan bli nokre færre inndragingssaker samanlikna med i dag. Innsparinga vil likevel vere avgrensa i og med at ein ønskjer å vidareføre inndraging som reaksjon ved dei aller fleste lovbrot. Det er vidare ikkje noko i vegen for å nytte andre reaksjonar eller sanksjonar mot lovbrot som vert unnatekne frå administrativ inndraging i framtida, dersom vilkåra for dette er oppfylte. Alt i alt inneber difor lovendringa etter departementet si vurdering ei relativt avgrensa innsparing i ressursbruk.

Endringane som gjeld tilgang på opplysningar frå Folkeregisteret fører vidare rettstilstanden etter folkeregisterlova 1970. Det vert lagt til grunn at Fiskeridirektoratet kan nytte etablerte grensesnitt for deling av opplysningar mellom Skatteetaten og Fiskeridirektoratet. Forslaget vil difor ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar.

Endringa som gjeld oppheving av fiskarpensjonslova § 4 fjerde ledd inneber ingen administrative og økonomiske kostnader, då innhaldet i føresegna ikkje lenger er aktuelt i praksis.