Prop. 32 L (2022–2023)

Endringar i havressurslova m.m. (administrativ inndraging og tilgang til opplysningar i Folkeregisteret)

Til innhaldsliste

7 Merknadar til dei enkelte føresegnene

Havressurslova

Til § 49 tredje ledd

Tilføyinga av føresegna i § 49 tredje ledd sikrar at Fiskeridirektoratet framleis kan hente inn opplysningar frå Folkeregisteret, utan hinder av teieplikt, i saker etter havressurslova. Opplysningar som er underlagd teieplikt skal berre hentast inn når det er naudsynt for å løyse direktoratet sine lovpålagde oppgåver.

Første punktum gjev Fiskeridirektoratet rett til tilgang på opplysningar i Folkeregisteret utan hinder av teieplikt, såframt opplysningane er naudsynte for utøving av oppgåver etter lova.

Andre punktum presiserer at Fiskeridirektoratet også skal ha tilgang på opplysningar som nemnt i første punktum, når formålet er til utgreiing og produksjon av statistikk.

Noverande § 49 tredje ledd blir etter forslaget fjerde ledd.

Til § 54 andre ledd andre punktum

Endringa av § 54 andre ledd gjev departementet heimel til å fastsetje forskrift om kva føresegner som er omfatta av første ledd, og kva føresegner som ikkje er det. Vidare opnar føresegna for at departementet kan fastsetje at hausting eller levering i strid med enkelte føresegner som er omfatta av første ledd, likevel ikkje skal medføre inndraging av fangst.

Deltakarlova

Til § 30 a

Tilføyinga av ny § 30 a sikrar at Fiskeridirektoratet framleis kan hente inn opplysningar frå Folkeregisteret, utan hinder av teieplikt, i saker etter deltakarlova. Opplysningar som er omfatta av teieplikt, skal berre hentast inn når det er naudsynt for å løyse direktoratet sine lovpålagde oppgåver.

Første punktum gjev Fiskeridirektoratet rett til tilgang på opplysningar i Folkeregisteret utan hinder av teieplikt, såframt opplysningane er naudsynte for utøving av oppgåver etter lova.

Andre punktum presiserer at Fiskeridirektoratet også skal ha tilgang på opplysningar som nemnt i første punktum, når formålet er til utgreiing og produksjon av statistikk.

Iverksetjingsføresegna

Departementet foreslår at lova skal gjelde frå den tida Kongen fastset, og at Kongen kan fastsetje at dei enkelte føresegnene skal ta til å gjelde til ulik tid.