Prop. 37 L (2021–2022)

Endringar i midlertidig lov om billettering på ferje som følge av utbrudd av covid-19

Til innhaldsliste

4 Økonomiske og administrative konsekvensar og andre konsekvensar

Konsekvensane av den mellombelse lova er gjort greie for og vurdert i Prop. 114 L (2019–2020) kapittel 6 og Prop. 29 L (2020–2021) kapittel 5. Når det gjeld dei økonomiske og administrative kostnadene ved å ta i bruk ordninga med mellombels full elektronisk billettering, vart desse vurdert å vere låge og har allereie vorte belasta.

Kostnadar til drift av ferjesamband knytt til riksvegane og fylkesvegane vert finansierte over dei offentlege budsjetta i kombinasjon med billettinntekter. Dersom lova ikkje vert forlenga og smittesituasjonen i Noreg held fram ut over 1. januar 2022, det kjem nye smittebølgjer eller liknande, vil dei økonomiske og administrative konsekvensane kunne bli vesentlege, i form av eventuell auka bemanning på ferjene, tapte inntekter frå ferjebillettar, reduserte eller stengde ferjeavgangar, auka smitte/sjukdom, kostnadar knytt til mellombels etablering av andre reisealternativ for isolerte plassar med meir.