Prop. 37 L (2021–2022)

Endringar i midlertidig lov om billettering på ferje som følge av utbrudd av covid-19

Samferdselsdepartementet føreslår i proposisjonen å forlengje midlertidig lov 26. mai 2020 nr. 55 om billettering på ferje som følge av utbrudd av covid-19 fram til 1. juli 2022. Den mellombelse lova opnar for at billettering på dei offentlege ferjesambanda kan gjennomførast elektronisk ved registrering av køyretøya sine kjennemerker eller AutoPASS-brikke, basert på takstar for køyretøy i samsvar med AutoPASS-regulativet. Ordninga med full elektronisk ferjebillettering og etterskotsvis fakturering har vore i bruk på alle riksvegferjene og ei rekkje fylkesvegferjer sidan april 2020. Den mellombelse lova har vore ein viktig føresetnad for å hindre spreiing av smitte i forbindelse med billettering på ferjene, slik at òg dei offentlege ferjesambanda kan ha ein mest mogleg normal ruteproduksjon under koronapandemien og samfunnet sitt behov for ferjetransport vert sikra.

Les dokumentet

Vidare behandling av saka

Følg proposisjonen på Stortinget