Regjeringa vil forlenge ordninga med smittefri billettering på ferjene

Dette innhaldet er meir enn 3 år gammalt.

– Smittesituasjonen er uføreseieleg og det er nødvendig å forlenge enkelte tiltak for å redusere spreiinga av covid-19-viruset. Derfor gjer vi det mogleg med skiltgjenkjenning eller AutoPASS-brikke som betaling for ferjereiser òg utover i 2022. Denne ordninga gjer det tryggare både for passasjerane og ferjemannskapet, seier samferdselsminister Jon-Ivar Nygård.

I statsråd i dag legg regjeringa fram forslag om å forlenge den mellombelse lova som gjer det mogleg med smittefri billettering på ferjene. I lovforslaget er det lagt opp til at ordninga kan vare fram til 1. juli 2022.

Den mellombelse lova gir Statens vegvesen og fylkeskommunane moglegheit til å nytte skiltgjenkjenning eller AutoPASS-brikke for å kunne krevje inn betaling for ferjereiser i staden for manuell betaling. Denne ordninga har vore i bruk sidan april 2020, noko som har vore viktig for å kunne drifte ferjene med nødvendig mannskap og samstundes sikre inntekter frå ferjene.

- Ordninga med skiltgjenkjenning har fungert godt. Kontakten mellom passasjerar og ferjemannskap er redusert, og dei reisande får betalt for seg på en trygg og effektiv måte. Vi er for tida i ein situasjon med aukande smitte i samfunnet og stor belastning på helsetenestene. Regjeringa oppmodar folk til å avgrense nærkontakt med andre. Kontakt med mannskap på ferjer er inkje unntak, og det er nødvendig å halde fram med tiltak her for å sikre drift av ferjesambanda, seier samferdselsministeren.

Lova kan berre nyttast for å hindre smitte

Dagens mellombelse lov blir oppheva 1. januar 2022 dersom ho ikkje blir endra.

- Vi har fått ei rekke førespurnadar frå næringa, fylkeskommunane og andre saka vedkjem om å forlenge ordninga på grunn av smittesituasjonen. Vi lyttar til dei som jobbar med dette og kjenner på utryggleiken i sin kvardag, seier Nygård.

Sjølv om forslaget er å oppheva lova 1. juli 2022, kan ordninga likevel berre nyttast av Statens vegvesen og fylkeskommunane så lenge det er eit behov for å hindre smitte av koronaviruset på ferjene.

- Fleire ønsker at den mellombelse ordninga med elektronisk billettering på ferjene blir permanent. Samferdselsdepartementet arbeidar for tida med å førebu permanente endringar i yrkestransportlova, slik at registrering av bilskilt for ferjebillettering og annan behandling av personopplysningar i den forbindelse blir ein del av lovverket vi allereie har. Dette vil følge vanlege prosessar, inkludert ei offentleg høyring, seier samferdselsministeren.

For meir informasjon, sjå: