Prop. 61 L (2022–2023)

Endringar i lov om interkommunale selskaper (møteoffentlegheit, økonomiforvaltning m.m.)

Til innhaldsliste

8 Merknader til endringane i lov om interkommunale selskaper

Til § 4

Sjå punkt 6.4.4.

Tredje ledd nr. 5 blir endra slik at deltakarane i selskapsavtalen kan bestemme høgaste og lågaste tal på styremedlemmer og la representantskapet velje endeleg tal innanfor dette. Dette vil vere opp til representantskapet sjølv å bestemme innanfor reglane i § 10 første ledd. Deltakarane kan likevel bestemme eit fast tal på medlemmer i styret i selskapsavtalen, dersom det er ønskjeleg.

Til § 6

Sjå punkt 6.3.4 og 6.5.4.

Første ledd fjerde punktum er ei ny plikt for deltakarane til å velje minst to varamedlemmer for kvar faste medlem i representantskapet. Det vil bidra til at det er fleire varamedlemmer å velje mellom dersom den faste medlemmen er forhindra frå å møte.

Det blir gjort ei presisering i første ledd sjette punktum som slår fast at godtgjering for vervet som leiar og nestleiar blir fastsett av representantskapet sjølv. Dette er rekna som verv i selskapet og blir ikkje rekna som å vere «kommunalt tillitsverv» etter kommuneloven § 8-4. Sjølve vervet som medlem i representantskapet er likevel eit kommunalt verv, og godtgjeringa for å vere medlem skal dermed fastsetjast og utbetalast av den aktuelle deltakaren vedkommande medlem representerer.

Endringane i andre ledd inneber at dei enkelte kommunestyra og fylkestinga kan nytte avtaleval ved val av representantskapsmedlemmene sine. Dette vil berre vere aktuelt der kommunane eller fylkeskommunen har meir enn éin medlem. Når berre éin medlem blir vald, vil det vere fleirtalsval som er eigna valform. Det blir også foreslått eit nytt punktum i andre ledd, som klargjer at reglane om valordning også gjeld der eit interkommunalt selskap er deltakar i eit anna interkommunalt selskap og representantskapet i deltakarselskapet skal velje medlemmer til representantskapet.

Til § 7

Sjå punkt 5.3.

I første ledd andre punktum blir det presisert at representantskapet, i tillegg til å behandle rekneskapen, budsjettet og økonomiplanen, også skal behandle årsmeldinga til selskapet, jf. §§ 18 og 27.

Til § 8

Sjå punkt 4.4.

I nytt andre ledd blir det presisert at møte i representantskapet skal kunngjerast på ein tenleg måte. Det vil seie at det må gjerast på ein måte som gjer det nokså enkelt for innbyggjarane å finne informasjonen, til dømes ved å leggje han ut på nettsidene til selskapet og deltakarkommunen. Alle møte skal kunngjerast, og det gjeld også dersom ein går ut frå at heile eller delar av møtet skal gå for lukka dører. Den nye føresegna svarer til reglane i kommuneloven § 11-3.

Tidlegare andre og tredje ledd blir etter forslaget tredje og fjerde ledd.

Det følgjer av nytt femte ledd at saklista og andre møtedokument som ikkje er unnatekne frå offentleg innsyn, skal vere tilgjengelege for allmenta. På same måten som for kunngjeringa av tid og stad for møtet, skal dokumenta vere enkle å finne for innbyggjarane, til dømes på nettsida til selskapet og nettsidene til deltakarkommunane.

Krav om å kunngjere møte i representantskapet og gjere møtedokument tilgjengelege vil berre gjelde dei selskapa som offentleglova gjeld for, jf. offentleglova § 2 første og andre ledd. Selskapa må derfor sjølve gjere ei vurdering av om dei er omfatta av lova eller ikkje, noko dei uansett anten har gjort eller må gjere.

Til § 8 a

Sjå punkt 4.4.

Første ledd innfører møteoffentlegheitsprinsippet for møta til representantskapet. Tilvisinga til kommuneloven § 11-5 inneber at alle møte i utgangspunktet skal vere opne, men skal vere lukka ved behandlinga av ei sak dersom representantskapet i behandlinga av saka vil omtale opplysningar som er omfatta av teieplikt, eller saka gjeld dei tenestlege tilhøva til ein arbeidstakar. Vidare kan representantskapsmøte gå for lukka dører dersom omsynet til personvern krev det eller det ligg føre tungtvegande offentlege interesser og det vil komme fram opplysningar som kunne vore unnatekne innsyn dersom dei hadde stått i eit dokument. Dersom representantskapsmøte ønskjer å lukke, skal dette vedtakast konkret, og det skal stå i møteprotokollen om vedtaket er lukka møte med tilvising til den aktuelle heimelen for å lukke møte.

Tilvisinga til kommuneloven § 11-6 vil seie at reglane om lyd- og biletopptak også gjeld for møte i representantskapet.

Føresegna i § 8 a vil berre gjelde dei selskapa som offentleglova gjeld for. Selskapa må sjølve gjere ei vurdering av om dei er omfatta av lova eller ikkje.

Andre ledd er tidlegare § 9 fjerde ledd som gjev representantskapet høve til å gjennomføre møte som fjernmøte. Føresegna er nærmare omtalt i Prop. 143 L (2020–2021), punkt 4.4 og 9.1.

Til § 9

Sjå punkt 4.4.

Tidlegare fjerde ledd er flytta til ny § 8 a andre ledd.

Tidlegare åttande ledd er flytta til ny § 9 a første ledd.

Til § 9 a

Sjå punkt 4.4.

Første ledd er tidlegare § 9 åttande ledd som gjev reglar om protokoll frå møte i representantskapet.

Andre ledd er nytt og del av reglane om møteoffentlegheit. Føresegna inneber at møteprotokollane skal vere tilgjengelege for allmenta. På same måten som for kunngjeringa og møtedokumenta skal protokollen vere enkel å finne for innbyggjarane, til dømes på nettsida til selskapet og nettsidene til deltakarkommunane.

Til § 10 første ledd

Sjå punkt 6.4.4 og 6.5.4.

Nytt første ledd fjerde punktum slår fast at representantskapet bestemmer talet på medlemmer i styret dersom selskapsavtalen bestemmer høgste og lågaste tal på styremedlemmer. Endringa heng saman med endringa i § 4 om innhaldet i selskapsavtalen.

Nytt første ledd sjette punktum slår fast at det er representantskapet som skal fastsetje godtgjeringa til styremedlemmene. Dette fører vidare føresegna i forskrift 17. desember 1999 nr. 1568 om årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for interkommunale selskaper § 2 første ledd andre punktum.

Til § 13 første ledd

Sjå punkt 6.1.4.

Første ledd første punktum fører vidare og gjer det tydeleg at det er styret som har det alminnelege og overordna ansvaret for forvaltninga av selskapet. Andre punktum gjev enkelte utfyllingar av det nærmare innhaldet av forvaltningsansvaret.

I andre punktum nr. 1 er det presisert at forvaltningsansvaret til styret omfattar å sørgje for ei forsvarleg (tidlegare tilfredsstillande) organisering av verksemda til selskapet. Dette er ei språkleg endring for at ordlyden skal harmonisere med føresegna i aksjeloven § 6-12 første ledd andre punktum.

I nr. 2 er det teke inn ei presisering om at forvaltningsansvaret styret har, også omfattar å sjå til at verksemda blir driven i samsvar med økonomiplanen til selskapet.

I nr. 3 er det teke inn ei presisering i samsvar med ordlyden i aksjeloven § 6-12 tredje ledd. Dette presiserer at forvaltningsansvaret styret har, også omfattar ei plikt til å halde seg orientert om den økonomiske stillinga til selskapet. Rapportering frå dagleg leiar vil normalt vere grunnlaget for dette. Styret har, uavhengig av rapportering frå dagleg leiar, eit sjølvstendig ansvar for å halde seg orientert, noko som særleg vil vere påkravd dersom økonomien til selskapet er usikker eller utfordrande.

I nr. 4 er det teke inn ei presisering i samsvar med ordlyden i aksjeloven § 6-12 tredje ledd. Dette presiserer for det første at forvaltningsansvaret styret har, også omfattar å sjå til at verksemda til selskapet, og ikkje berre formuesforvaltninga, blir kontrollert på trygg nok måte. At styret skal sjå til at «virksomhet[en]» til selskapet (i tillegg til rekneskapen og formuesforvaltninga til selskapet) blir kontrollert på trygg nok måte, endrar ikkje ansvaret dagleg leiar har for internkontroll etter § 14 fjerde ledd. Dette presiserer for det andre at forvaltningsansvaret styret har, også omfattar å sjå til at rekneskapen til selskapet blir kontrollert på trygg nok måte. Dette ansvaret omfattar også bokføringa, jf. plikta til å følgje bokføringsloven i § 27 og bokføringsplikta etter bokføringsloven § 2 andre ledd.

Til § 15

Sjå punkt 4.4.5.

Departementet foreslår eit nytt andre ledd i paragrafen, som slår fast at reglane i forvaltningsloven om teieplikt gjeld for dei interkommunale selskapa som offentleglova gjeld for. Mange av selskapa som offentleglova gjeld for, er uansett omfatta av verkeområdet til forvaltningsloven, men endringa i andre ledd sikrar at selskapa som offentleglova gjeld for, har heimel for å halde att teiepliktige opplysningar og lukke møta når dei diskuterer saker med teiepliktige opplysningar. Endringa inneber også at selskapa får ei plikt til å halde att teiepliktige opplysningar frå saklista og saksdokument som blir lagde ut på heimesida til selskapet etter dei nye føresegnene i §§ 8 og 11.

Til § 18

Sjå punkt 5.2.4.

Første ledd første punktum fastset at representantskapet sjølv vedtek økonomiplanen for dei fire neste åra. Første punktum fastset også at representantskapet sjølv har budsjettmyndet og vedtek årsbudsjettet for det kommande kalenderåret. Myndet representantskapet har etter første punktum, kan ikkje delegerast til styret eller andre underordna organ i selskapet.

Andre punktum presiserer at økonomiplanen og årsbudsjettet skal fastsetjast før årsskiftet.

Reglane om innhaldet i økonomiplanen og årsbudsjettet og dessutan heimelen til å gi forskrift om dette er flytta til § 20. Føresegna i tidlegare § 18 andre og tredje ledd blir oppheva, sjå § 20 som erstattar dette.

Til § 19

Sjå punkt 5.2.4.

Første ledd er nytt og svarer i hovudsak til kommuneloven § 14-5 første ledd. Dette erstattar forskrift 17.12.1999 nr. 1568 om årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for interkommunale selskaper § 2 første ledd første punktum og § 2 andre ledd.

Første ledd første punktum slår fast at årsbudsjettet er bindande, både for representantskapet sjølv og for underordna organ i selskapet. Føresegna inneber at årsbudsjettet ikkje kan fråvikast, heller ikkje av representantskapet sjølv, utan at representantskapet vedtek å endre årsbudsjettet. Styret eller andre underordna organ i selskapet kan ikkje gjere omdisponeringar mellom dei ulike rammene som representantskapet har fastsett i årsbudsjettet.

Andre punktum presiserer at når selskapet er rettsleg forplikta til å gjere ei utbetaling, gjeld ikkje kravet i første punktum om budsjettheimel.

Etter tredje punktum kan styret, utan hinder av første punktum, få mynde frå representantskapet til å bruke delar av ei driftsløyving til investeringstiltak.

Etter fjerde punktum er det styret som har myndet til å fastsetje den nærmare fordelinga (spesifikasjonen) av korleis dei økonomiske rammene (løyvingane) i årsbudsjettet skal disponerast, men da innanfor det som er fastsett av representantskapet i årsbudsjettet.

Andre ledd fører vidare meldeplikta styret har overfor representantskapet, med fleire språklege endringar. Meldeplikta tek til å gjelde når utviklinga tilseier at det vil oppstå eit vesentleg avvik frå årsbudsjettet. Den tilhøyrande plikta styret har til å foreslå endringar i budsjettet, er også vidareført. Det same er også kravet om at saka skal behandlast av representantskapet (i møte, som leiaren av representantskapet har ansvar for, jf. § 8 første ledd).

Til § 20

Sjå punkt 5.2.4.

Føresegna stiller krav til innhaldet i økonomiplanen og årsbudsjettet, som i hovudsak svarer til krava i kommuneloven § 14-4.

Første ledd er nytt og stiller krav om at økonomiplanen skal synleggjere korleis formål og strategiar blir følgde opp og gjennomførte. Dette byggjer på at formål og strategiar gjev retning for tiltaka og prioriteringane i økonomiplanen. Føresegna svarer til kommuneloven § 14-4 første ledd.

Andre ledd svarer til kommuneloven § 14-4 andre ledd første og andre punktum. For økonomiplanen til selskapet svarer krava i hovudsak til krava i tidlegare § 20 første ledd. For årsbudsjettet inneber føresegna fleire krav til innhaldet i årsbudsjettet, samanlikna med tidlegare § 18 andre ledd.

Tredje ledd svarer til kommuneloven § 14-4 andre ledd tredje punktum.

Fjerde ledd nr. 1 fører vidare kravet i tidlegare § 18 andre ledd om at årsbudsjettet skal vere realistisk. Føresegna svarer til realismekravet i kommuneloven § 14-4 tredje ledd. Nr. 1 stiller i tillegg krav om at årsbudsjettet skal vere fullstendig og oversiktleg, jf. kommuneloven § 14-4 tredje ledd.

Nr. 2 og 3 stiller krav om budsjettbalanse og inndekking av negativ eigenkapital, jf. § 27 femte ledd tredje punktum. Innhaldet i krava er nærmare omtalt i punkt 5.4.4.

Femte ledd inneber eit krav om at oppstillingane av økonomiplanen, årsbudsjettet og årsrekneskapen skal kunne jamførast. Føresegna svarer til kravet i kommuneloven § 14-4 fjerde ledd andre punktum og § 14-6 andre ledd andre punktum.

Sjette ledd gjev departementet heimel til å fastsetje forskrift med nærmare krav til innhaldet i økonomiplanen og årsbudsjettet. Som hovudregel vil dette omfatte reglar om korleis økonomiplanen og årsbudsjettet skal stillast opp. Føresegna gjev også heimel til å fastsetje forskrift med reglar om innhaldet i kravet i fjerde ledd om budsjettbalanse.

Til § 22:

Sjå punkt 5.5.4.

Første ledd første og andre punktum fører vidare at selskapet berre kan ta opp lån så langt selskapsavtalen gjev selskapet høve til dette. Det kan ikkje takast opp lån til andre formål enn det som følgjer av andre til femte ledd, og slike lån må altså liggje innanfor det selskapsavtalen tillèt. Tredje punktum fører vidare at avtale som er inngått i strid med første eller andre punktum, er ugyldig, jf. tidlegare § 22 åttande ledd.

Andre ledd fører vidare, med enkelte språklege endringar, høvet i tidlegare § 22 andre ledd første og andre punktum til å ta opp lån til eigne investeringar, etter fråtrekk for eventuell meirverdiavgiftskompensasjon. Føresegna svarer til kommuneloven § 14-15 første ledd.

Tredje ledd er nytt og gjev høve til å ta opp lån for å finansiere kjøp av alle aksjane i eit eigedomsselskap som skal eigast av selskapet sjølv, føresett at dei oppstilte vilkåra er oppfylte. Føresegna svarer til kommuneloven § 14-15 andre ledd.

Fjerde ledd fører vidare, med enkelte språklege endringar, høvet i tidlegare § 22 andre ledd tredje punktum til å ta opp likviditetslån og etablere trekkrettar. Føresegna svarer til kommuneloven § 14-15 tredje ledd. Tidlegare § 22 femte ledd blir oppheva, og lova stiller ikkje lenger krav til oppgjer av eller løpetid for driftskreditt.

Femte ledd fører vidare, med enkelte språklege endringar, høvet i tidlegare § 22 andre ledd første punktum til å konvertere (refinansiere) eksisterande lån. Føresegna svarer til kommuneloven § 14-14 første ledd andre punktum.

Sjette ledd svarer til kommuneloven § 14-18 første ledd. Første punktum stiller framleis krav om at det skal betalast årlege avdrag, men det er ikkje lenger eit krav om at dei årlege avdraga skal vere «like». Føresegna er ei plikt for selskapa til å gjere årlege nedbetalingar på lån (avdrag) som er tekne opp til formål som dei nemnde i § 22 andre og tredje ledd. Plikta rettar seg mot summen av slike lån og ikkje enkeltlån. Nedbetalingsplikta gjeld også for lån tekne opp etter femte ledd (refinansieringar), når refinansieringa gjeld lån til formål som er nemnde i andre og tredje ledd.

Andre og tredje punktum angjev minimumskravet til storleiken på årlege avdrag (minimumsavdraget). Dette er endra samanlikna med tidlegare § 22 fjerde ledd andre punktum og svarer no til minimumskravet i kommuneloven § 14-18 andre og tredje punktum. Føresegna inneber at storleiken på minimumsavdraget blir avgjord av storleiken på avskrivingane selskapet gjer av anleggsmidlane det året, den bokførte verdien på samla lånegjeld og den bokførte verdien på anleggsmidlar som kan skrivast av. Det er verdien av lånegjelda til selskapet og anleggsmidlar ved inngangen av rekneskapsåret som skal leggjast til grunn, jf. tredje punktum. Andre og tredje punktum inneber at dersom gjelda ved starten av året til dømes utgjer 70 prosent av bokført verdi på anleggsmidlane, vil minimumsavdraget vere 70 prosent av avskrivingsbeløpet for året.

Omgrepet «avskrivingar» retter seg mot avskrivingane på dei varige driftsmidlane selskapet har, slik dei skal rekneskapsførast i samsvar med rekneskapsreglane. Omgrepet omfattar ikkje nedskrivingar. Med omgrepet «lånegjeld» er det sikta til all resterande gjeld knytt til formåla som er nemnde i § 22 andre og tredje ledd. Ubrukte lånemidlar til slike formål inngår også. Driftskreditt og likviditetslån etter fjerde ledd inngår ikkje.

Med omgrepet «anleggsmidlar som kan skrivast av», er det sikta til dei varige driftsmidlane til selskapet som etter rekneskapsreglane skal avskrivast. Tomter og eventuelle andre eigedelar som ikkje kan skrivast av, er ikkje omfatta. Det følgjer av dette at tilhøvet mellom avskrivingane og bokført verdi på dei anleggsmidlane som kan skrivast av, blir bestemmande for avdragstakta på lån til eigedelar selskapet har som ikkje kan skrivast av.

Fjerde punktum gjev departementet ein ny heimel til å fastsetje nærmare reglar i forskrift om minimumsavdraget.

Til § 22 a:

Sjå punkt 5.5.4.

Første og andre punktum fører vidare tidlegare § 22 tredje ledd med fleire språklege endringar i samsvar med kommuneloven § 28-3 andre ledd. Med endringane blir det presisert at nemnde vedtak ikkje er gyldig før departementet har godkjent vedtaket. Tredje punktum fører vidare at avtale som er inngått i strid med første eller andre punktum er ugyldig jf. tidlegare § 22 åttande ledd.

Til § 22 b:

Sjå punkt 5.5.4.

Første ledd første punktum fører vidare tidlegare § 22 sjette ledd om at selskapet ikkje kan stille garanti eller pantsetje eigedelane sine til trygd for økonomiske forpliktingar som andre har. Andre punktum fører vidare at avtale som er inngått i strid med første punktum, er ugyldig, jf. tidlegare § 22 åttande ledd.

Andre ledd fører vidare tidlegare § 22 sjuande ledd med fleire språklege endringar i samsvar med kommuneloven § 14-1 tredje ledd.

Til § 27

Sjå punkt 5.3.4.

Første ledd første punktum fører vidare at selskapet skal utarbeide årsrekneskap og årsmelding i samsvar med regnskapsloven. Andre punktum er nytt og stiller krav om at årsmeldinga for selskapa som følgjer regnskapsloven, i tillegg til å ha med dei opplysningane som er kravde etter regnskapsloven, også skal gjere greie for vesentlege avvik frå årsbudsjettet og budsjettpremissane og for måloppnåinga til selskapet og andre vesentlege ikkje-økonomiske tilhøve. Dette svarer til kommuneloven § 14-7 andre ledd bokstav b og c.

Andre ledd første punktum fører vidare at selskapet, i staden for å følgje regnskapsloven, kan utarbeide rekneskap etter prinsippa i kommuneloven. Føresetnaden er at dette er fastsett i selskapsavtalen, jf. tidlegare § 27 første ledd andre punktum. Føresegna presiserer no at det i slike tilfelle er kommuneloven § 14-6 andre til fjerde ledd, irekna tilhøyrande forskrift 7. juni 2019 nr. 714 om økonomiplan, årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for kommuner og fylkeskommuner mv., som gjeld for årsrekneskapen, medan det er kommuneloven § 14-7 andre ledd som gjeld for årsmeldinga.

Tredje ledd fører vidare bokføringsplikta, jf. tidlegare § 27 første ledd tredje punktum.

Fjerde ledd er nytt og erstattar forskrift 17. desember 1999 nr. 1568 om årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for interkommunale selskaper § 4 første og andre punktum. Etter første punktum har dagleg leiar ansvaret for at årsrekneskapen er utarbeidd og ferdigstilt i tråd med lov og forskrift seinast 22. februar. Dette svarer til fristen kommunedirektøren har til å avlegge årsrekneskapen for kommunen etter kommuneloven § 14-6 sjette ledd. Fristen samsvarer også med fristen for rekneskapsrapporteringa til KOSTRA, jf. KOSTRA-forskriften § 5 tredje ledd. Føresegna gjev ingen frist når det gjeld årsmelding, men meldinga må liggje føre tidsnok til at styret kan behandle meldinga innan fristen i andre punktum. Andre punktum gjev styret frist for å avleggje årsrekneskapen og årsmeldinga seinast 31. mars. Å avleggje vil her seie at styret har behandla og godkjent årsrekneskapen og årsmeldinga, slik at dette kan leggjast til grunn som årsrekneskapen og årsmeldinga for selskapet. Styret må ha avlagt årsrekneskapen og årsmeldinga før revisoren til selskapet kan ferdigstille revisjonen og gje frå seg revisjonsmeldinga. Tredje punktum presiserer kravet om rekneskapsrevisjon, det vil seie at årsrekneskapen og årsmeldinga skal gjennom finansiell revisjon. Etter fjerde punktum er fristen revisor har for å legge fram revisjonsmeldinga, sett til 15. mai. Revisjonsmeldinga blir adressert til representantskapet, med kopi til styret. Femte punktum fører vidare at styret legg fram årsrekneskapen, årsmeldinga og revisjonsmeldinga for behandling i representantskapet, med forslag til vedtak som representantskapet skal gjere etter femte ledd andre punktum.

Femte ledd første punktum fører vidare at årsrekneskapen og årsmeldinga skal fastsetjast av representantskapet. Føresegna forlengjer fristen til seinast 30. juni, tilsvarande fristen i regnskapsloven § 3-1 tredje ledd og kommuneloven § 14-3 andre ledd første punktum. Dette erstattar forskrift 17. desember 1999 nr. 1568 om årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for interkommunale selskaper § 4 tredje punktum. Andre punktum fører vidare at representantskapet skal fastsette korleis eit overskott skal disponerast, det vil seie om overskotet (eit positivt resultat) skal bli disponert til styrking av eigenkapitalen, eventuelt om ein skal dele ut overskot til deltakarkommunane etter IKS-loven § 29. Dersom årsrekneskapen viser eit underskot (eit negativt resultat), vil dette redusere eigenkapitalen til selskapet ved årsoppgjeret og avslutninga av årsrekneskapen. Dersom årsrekneskapen også viser negativ eigenkapital, stiller andre punktum krav om at representantskapet skal fastsette korleis dette skal dekkjast inn, innanfor fristane i tredje punktum. Tredje punktum fører vidare at negativ eigenkapital må dekkjast inn innan to år etter at han oppstod, jf. også § 20 fjerde ledd. Innhaldet i plikta er nærmare omtalt i punkt 5.4. Føresegna i andre og tredje punktum erstattar forskrift 17. desember 1999 nr. 1568 om årsbudsjett, årsregnskap og årsberetning for interkommunale selskaper § 4 fjerde og femte punktum.

Sjette ledd gjev departementet heimel til å fastsetje forskrift med nærmare krav til innhaldet i årsrekneskapen og årsmeldinga. Som hovudregel vil dette omfatte reglar om korleis årsrekneskapen skal stillast opp, og eventuelle tilleggskrav til noteopplysningar og til innhaldet i årsmeldinga, utover det som følgjer av regnskapsloven og kommuneloven. Føresegna gjev også heimel til å fastsetje forskrift med utfyllande regler om innhaldet i kravet i femte ledd tredje punktum om inndekking av negativ eigenkapital.

Til § 30

Sjå punkt 6.2.4.

Forslaget er at sjuande og åttande ledd blir oppheva. Det inneber at verken representantskapet eller dei andre deltakarane kan bringe spørsmålet om utgang inn for departementet. Spørsmålet om utgang vil da vere opp til den enkelte deltakaren aleine og følgje hovudregelen i føresegna eller anna dersom det følgjer av selskapsavtalen. Endringa inneber også at sjølv om det står i selskapsavtalen at spørsmål om utgang kan bringast inn for departementet, vil ikkje det ha noko å seie ved endringa i § 30. Selskapsavtalen kan ikkje gje slikt mynde til departementet.

Til § 31

Sjå punkt 6.2.4.

Forslaget er at femte ledd blir oppheva. Det vil da ikkje lenger vere mogleg for den deltakaren som blir stengd ute frå selskapet, å bringe spørsmålet om utestenging inn for departementet. Eventuelle tvistar om utestenging må da løysast på andre måtar. Dette gjeld sjølv om selskapsavtalen også etter lovendringa inneheld ei føresegn om at spørsmål kan bringast til departementet.

Til § 32

Sjå punkt 6.2.4.

Det blir foreslått at kravet om at departementet må godkjenne oppløysinga i fjerde ledd, blir oppheva. Sidan departementet ikkje lenger må godkjenne oppløysinga, vil det heller ikkje vere aktuelt å gje nærmare føresegner om gjennomføringa av avviklinga. Selskapet kan dermed gå vidare med avviklinga når alle deltakarane har gjeve tilslutninga si til oppløysinga og «er enige om det», jf. første ledd.

Til § 33

Sjå punkt 6.2.4.

Som følgje av endringa i § 32 om at departementet ikkje må godkjenne oppløysinga av eit selskap, så blir det gjort ei endring i første ledd første punktum som inneber at det skal veljast avviklingsstyret når alle deltakarane har gjeve sitt samtykke til oppløysinga. Departementet meiner representantskapet også kan velje eit avviklingsstyre i forkant av behandlinga hos dei ulike deltakarane, men dette styret trer ikkje i funksjon før siste deltakar har gjeve tilslutninga si til avviklinga. På bakgrunn av endringane i rolla departementet har ved oppløysingar, skal departementet heller ikkje kunne koplast inn når det gjeld val av avviklingsstyret. Tidlegare første ledd andre punktum blir derfor oppheva. Det vil no berre vere opp til representantskapet sjølv å velje avviklingsstyret, og det er ikkje mogleg å krevje at departementet skal gjere det valet.

Fjerde ledd andre punktum blir oppheva sidan departementet ikkje skal godkjenne oppløysing.

Til forsida