Prop. 99 S (2020–2021)

Utbygging og finansiering av Bypakke Tenk Tromsø i Troms og Finnmark

Til innhaldsliste

10 Garantiar

Gjennom den lokalpolitiske handsaminga frå 2017 har Tromsø kommune og Troms fylkeskommune fatta vedtak om å stille garanti ved sjølvskuldnarkausjon for eit bompengelån på 512 mill. kr kvar, totalt 1 024 mill. kr. I ettertid har ein sett at desse vedtaka ikkje er i tråd med føringar frå Samferdselsdepartementet og Kommunal- og moderniseringsdepartementet. Det vart derfor lagt fram forslag til nye garantivedtak for Tromsø kommune og Troms og Finnmark fylkeskommune i oktober 2020, sidan desse deler garantiansvaret mellom seg.

Som omtalt i kapittel 3, har Tromsø kommune og Troms og Finnmark fylkeskommune i oktober 2020 derfor fatta nya vedtak om å stille sjølvskuldnargaranti for eit maksimalt låneopptak for bompengeselskapet på til saman 770 mill. kr. Det leggjast til 10 pst. for å dekke renter og andre omkostningar. Samla lånegaranti blir følgjeleg 850 mill. kr. Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og moderniseringsdepartementet, medan den kommunale garantien må godkjennast av statsforvaltaren i Troms og Finnmark.

Ein eventuell kostnadsauke og/eller inntektssvikt i porteføljestyrte bompengepakker skal handterast i porteføljestyringa og ikkje gjennom auka takstar eller forlenga innkrevjingsperiode. Garantisten sitt utlegg kan følgeleg ikkje dekkjast gjennom ein auke av gjennomsnittstaksten eller ei forlenging av bompengeperioden. I KS2 for «Tenk Tromsø» vart det berekna at forventa bompengebidrag i bypakka ville vere om lag 3 300 mill. kr (2018-prisnivå). I utkast til proposisjon er det lagt til grunn at forventa bompengebidrag reelt vil vere om lag 300 mill. kr høgare enn dette. Denne auken skuldast i hovudsak endringar i prosjektporteføljen og planane for gjennomføring. Dette vil tilsi eit redusert behov for låneopptak og dermed gjere at ein mindre del av bompengeinntektane går til å dekke kostnadar knytta til finansieringa av bompengeselskapets lån. Samstundes er det ikkje i pakka lagt opp til auka gjennomsnittstakst eller forlenging av innkrevingsperioden for å dekke ein eventuell inntektssvikt eller kostnadsauke. Risikoen for at garantibeløpet kjem til utbetaling kan derfor ha blitt noko høgare, men dette har garantistane vurdert og akseptert, jf. lokale vedtak i oktober 2020. Bypakka inneheld også ei rekke ulike tiltak, noko som gjer det enklare å tilpasse utbygging og tiltak til inntektene i pakka.