Prop. 99 S (2020–2021)

Utbygging og finansiering av Bypakke Tenk Tromsø i Troms og Finnmark

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn – frå Tromsøpakke 3 til Bypakke Tenk Tromsø

Stortinget ga i 1990 løyve til å krevje inn eit lokalt finansieringstilskot på omsetnad av drivstoff for å delfinansiere hovudvegutbygginga i Tromsø (Tromsøpakke 1), jf. St.prp. nr. 7 (1989–90) og St.prp. nr. 69 (1989–90). Seinare har Stortinget i fleire omgangar slutta seg til å forlenge innkrevjinga, jf. St.prp. nr. 62 (2003–2004) og St.prp. nr. 33 (2006–2007) om Tromsøpakke 2, samt Prop. 113 S (2011–2012) og Prop. 126 S (2015–2016) om Tromsøpakke 3, trinn 1.

Gjennom handsaminga av Prop. 114 S (2018–2019) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2019 vart det gitt løyve til å vidareføre innkrevjingsordninga fram til 31. juli 2022, eller fram til bompengeinnkrevjinga startar opp, jf Innst. 391 S (2018–2019). Det som no blir lagt fram er ei bypakke med bompengeinnkrevjing. Finansieringstilskotet på omsetning av drivstoff vil bli avvikla seinast når innkrevjinga av bompengar startar opp. Dette tilskotet har vore ein del av Tromsøpakke 3. Hovudtiltaket i Tromsøpakke 3 er prosjektet Stakkevollvegen, som foreløpig ikkje er starta opp. Det har vore vurdert som mest rasjonelt å la dette vegprosjektet bli ein del av Tenk Tromsø, og at ubrukte midlar frå Tromsøpakke 3 vil disponerast i Bypakke Tenk Tromsø. Midlar frå drivstoffavgifta må etter reglane nyttast til tiltak på offentleg veg, og skal reknast som brukarfinansiering og ikkje som lokale midlar. Forpliktingar knytte til Tromsøpakke 3 skal følgjast opp i Bypakke Tenk Tromsø.