Prop. 99 S (2020–2021)

Utbygging og finansiering av Bypakke Tenk Tromsø i Troms og Finnmark

Til innhaldsliste

7 Ekstern kvalitetssikring (KS2)

Det vart i 2018 gjennomført ei ekstern kvalitetssikring (KS2) av trafikk- og finansieringsføresetnader for Bypakke Tenk Tromsø. Det er semje mellom Statens vegvesen og den eksterne konsulenten om berekningar for både trafikk og finansiering og at dei forventa bompengeinntektene kan leggjast til grunn.

Den eksterne konsulenten har òg vurdert kostnader for aktuelle prosjekt og tiltak, og meiner at desse gjennomgåande er for låge. Som tidlegare omtalt, er fleire av tiltaka på eit tidleg planstadium, og det er derfor knytt til dels stor uvisse til kostnadsoverslaga. Det skal gjennomførast eigne KS2-prosessar for dei store prosjekta innanfor Bypakke Tenk Tromsø når tilstrekkelege avklaringar ligg føre. Det er i alle høve ein føresetnad at prosjektporteføljen blir tilpassa dei samla økonomiske rammene for Bypakke Tenk Tromsø, jf. også omtale av styringsmodell for bypakka i kapittel 9.