Prop. 99 S (2020–2021)

Utbygging og finansiering av Bypakke Tenk Tromsø i Troms og Finnmark

Til innhaldsliste

9 Styringsmodell for Tenk Tromsø

Bypakke Tenk Tromsø vil bli gjennomført etter prinsippa som er fastlagte i bompengeavtalen frå 2019. Bypakka vil leggje til grunn kostnadskontroll innanfor den fastsette økonomiske ramma, porteføljestyring og 20 pst. eigendel for lokale styresmakter.

Dette betyr mellom anna at ein eventuell kostnadsauke og/eller inntektssvikt skal skje ved kutt i porteføljen. Eventuelle kostnadsaukar i dei einskilde prosjekta – og/eller inntektssvikt – skal handterast gjennom porteføljestyringa, og ikkje gjennom auka takstar og/eller forlenga innkrevjing. Det blir føresett sterk kostnadskontroll. Arbeidet med porteføljestyringa skal skje gjennom årleg rullering av eit fireårig handlingsprogram med hovudvekt på mål- og resultatstyring

Den prioriterte prosjektlista som er vedteken av Tromsø kommune og Troms og Finnmark fylkeskommune skal leggjast til grunn for bypakka.

Det er etablert ei styringsgruppe for planlegging og gjennomføring av Bypakke Tenk Tromsø. Styringsgruppa blir leia av ordføraren i Tromsø kommune. Medlemmar i styringsgruppa er i tillegg representantar frå Troms og Finnmark fylkeskommune og Statens vegvesen. Statsforvaltaren i Troms og Finnmark er observatør i styringsgruppa. Styringsgruppa har mandat til å justere og endre på den prioriterte rekkefølgja til prosjekta i det årlege arbeidet med handlingsprogrammet.

I ein eventuell framtidig byvekstavtale vil det kunne kome endringar i prosjektporteføljen. Når det gjeld organisering og styringsmodell for ein eventuell byvekstavtale vil Samferdselsdepartementet kome tilbake til dette.