St.meld. nr. 21 (1998-99)

Ansvar og meistring

Til innhaldsliste

8 Styring - statistikk og rapportering

Rehabilitering er i hovudsak kommunane og fylkeskommunene sitt ansvar. Kommunelova gir premissar for graden av statleg detaljstyring av kommunesektoren. Statleg styring skjer i større grad gjennom rettleiande styringssignal og målformuleringar. Denne forma for styring stiller samstundes høgare krav til rapportering om den lokale verksemda til sentralforvaltninga, slik at rapporteringa kan gi grunnlag for eit samla oversyn over utviklinga av tenestetilbodet, og styrke det faglege tilsynet.

8.1 Eksisterande statistikkjelder og rapporteringssystem

Det eksisterer i dag enkelte datakjelder som er relevante innanfor rehabilitering. I samarbeid med Statens helsetilsyn og departementet registrerer Statistisk sentralbyrå (SSB) personell og verksemd i årsstatistikken for kommunehelsetenesta. Statistikken blir rapportert i Styrings- og informasjonssystemet for helse- og sosialtenesta i kommunane, men inneheld ikkje pålitelege data om rehabilitering.

Kommunerekneskapen inneheld tal som viser ressursbruk innanfor behandling og rehabilitering i kommunehelsetenesta, men desse tala er av dårleg kvalitet. Systemet for rapportering frå kommune til stat (KOSTRA), som er under utvikling i regi av Kommunal- og regionaldepartementet, gjer bruk av opplysningar om rekneskap, aktivitetar og personell frå kommunane.

Det er etablert eit informasjonssystem innanfor habiliteringstenestene i fylkeskommunen, og det går føre seg eit arbeid for å betre datakvaliteten i systemet. Fylkeskostra skal også dekkje rehabiliteringsverksemda i fylkeskommunane, men det har av ulike grunnar vist seg vanskeleg å utvikle tenlege indikatorar for medisinsk habilitering og rehabilitering i systemet. På grunn av mangel på gode data kjem medisinsk rehabilitering førebels ikkje med i den årlege rapporteringa av aktivitetane i somatiske sjukehus (samdatarapportane).

Rikstrygdeverket (RTV) registrerer kvartalsvis talet på sjukmelde etter talet på sjukmeldingsdagar, diagnose o.a. Det går føre seg eit arbeid i regi av etaten for å betre sjukepengstatistikken.

Hjelpemiddelsentralane registrerer innkjøp, utlån og talet på brukarar av hjelpemiddel etter kjønn og alder, og nasjonale tal blir årleg produsert i RTV.

Arbeidsdirektoratet registrerer kvar månad talet på mottakarar av attføringspengar og deltakarar på ulike former for attføringstiltak, som kvalifisering, arbeidstrening, og formidlingstiltak.

Eit informasjonssystem for opplæring i grunnskolen, eit system for vidaregåandeopplæring og ein database for høgare utdanning inneheld årsstatistikk om vaksenopplæring på ulike nivå innanfor skolesektoren. Det førstnemnde systemet registrerer også omfanget av spesialundervisning gjennom enkeltvedtak etter kjønn, tildelte timar o.a.

8.2 Nærmare problemomtale

Det er fleire problem knytt til gjeldande statistikk. Rehabiliteringsverksemda vil ofte gå føre seg dels som ein integrert del av tenester utanfor helsesektoren, og dels på tvers av tenester og sektorar. Det vil derfor vere store problem i samband med ei eiga og særskild registrering av denne rehabiliteringsverksemda.

Eit hovudproblem er mangelen på talmateriale over omfanget av tverretatlege tiltak som brukarane går igjennom. Når det gjeld tilbod i helsetenesta, er problemet både mangel på data og mangel på gode data. Til dømes blir ikkje det samla omfanget av utførte ergoterapeutårsverk i helse- og omsorgstenesta i kommunane fanga opp.

Årsakene til den mangelfulle statistikken har mellom anna samanheng med dei definisjonsproblema som har prega feltet. Det synest vanskeleg å utvikle presise, einsarta og gyldige indikatorar for tenestetilbodet. Rehabilitering som fagfelt består av forhold som er vanskelege å talfeste. Det er vidare ulik organisering og ulikt fagleg innhald i verksemda kommunane imellom, noko som gjer samanlikning vanskeleg.

Desse faktorane forsterker vanskane med å fastslå dei totale kostnadene for samfunnet til rehabilitering.

8.3 Vurdering

På grunn av problema nemnde ovanfor ser departementet det som vanskeleg å oppnå vesentlege betringar av statistikkjelder og rapporteringssystem på kort sikt. Departementet vil likevel i åra framover arbeide langsiktig og systematisk med sikte på å betre rapporteringa i forhold til målsetjingane på feltet. Det er elles viktig at lokale tenestenivå kan få tilgjenge til data som kan gi hjelp til å ta best mogelege avgjerder.

Til ein viss grad vil endringane innanfor innsatsstyrt finansiering av sjukehus, som det er gjort greie for i kapittel 4.2.2.1, gjere det mogeleg å registrere rehabiliteringstenester i sjukehus etter 1.1. 1999.

På bakgrunn av at krava i lovverket vil bli presiserte gjennom forskrift med heimel i kommunehelsetenestelova, er det også eit aukande behov for å leggje til rette for best mogeleg tilsyn med og overvaking av utviklinga i kommunane. Departementet vil i dette arbeidet i hovudsak nytte seg av og gjere endringar i dei eksisterande informasjonssystema.

Våren 1987 gjennomførte Østlandsforskning ei undersøking av aktivitetar og tilbod i kommunane (jf kapittel 3.1.1). På bakgrunn av innsamla data har Østlandsforskning i samarbeid med Statens helsetilsyn og fylkeslegane utvikla eit sett av sentrale indikatorar. Indikatorsettet gir høve til samanlikningar mellom kommunar av same storleik, og også mellom kommunane og fylkes- og landsgjennomsnittet. Settet vil bli gjort tilgjengeleg for fylkeslegane med sikte på å styrkje tilsynsarbeidet i kommunane.

Sosial- og helsedepartementet vil

  • arbeide for å utvikle indikatorar for rehabilitering i kommunesektoren som må knyttast til KOSTRA-systemet. I tillegg vil ein vurdere utvalsundersøkingar med jamne mellomrom.

  • vurdere om ISF-data kan innlemmast i samdatarapporteringa og eventuelt også i Fylkeskostra.

  • i samarbeid med SSB og Statens helsetilsyn gjere endringar i årsstatistikken for kommunehelsetenesta for å betre registreringa av relevante personellgrupper og rehabiliteringsorientert verksemd

Til forsida