St.prp. nr. 12 (2008-2009)

Rettferdsvederlag frå statskassa (Arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007 mv.)

Til innhaldsliste

2 Orientering om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007

Orienteringa i dette kapitlet om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007 byggjer på innspel frå rettferdsvederlagsutvala.

2.1 Saksavvikling i 2007

I heile 2007 har det vore to rettferdsvederlagsutval i arbeid; utval I og utval II. Utvala har i 2007 meir enn dobla saksavviklinga si samanlikna med 2006 då det i delar av året berre var eitt utval i virke. Det er for første gong på fleire år avgjort fleire saker enn det som har kome inn. Det blir vist til figur 2.1.

Figur 2.1 Talet på avgjorte saker og nye søknader. 2005-2007.

Figur 2.1 Talet på avgjorte saker og nye søknader. 2005-2007.

Dei to utvala har hatt til saman 24 møter og behandla 2 244 saker. Av dei behandla sakene er 54 % av søkjarane kvinner og 46 % menn. Dette er uendra frå året før. Det er gitt rettferdsvederlag i 1 861 saker og utbetalt vederlag med til saman 134,3 mill. kr. Til samanlikning behandla utvala i alt 1 068 saker i 2006 og gav rettferdsvederlag i 895 av desse sakene. Det blei i 2006 utbetalt vederlag med til saman 19,9 mill. kr. Den monalege auken i talet på avgjorte saker og utbetalt vederlag skriv seg frå at begge utvala var i arbeid i 2007. I tillegg har utvala behandla fleire saker med grunnlag i St.meld. nr. 24 (2004-2005) Erstatningsordningar for barn i barneheimar og spesialskular for barn med åtferdsvanskar. I desse sakene er utvala gitt fullmakt til å gi rettferdsvederlag opptil kr 300 000. Vederlags­beløpa i desse sakene ligg gjennomgåande høgare enn i andre sakstypar. Det blir vist til tabell 2.1 ­nedanfor der det går fram at 65 av søkjarane i denne gruppa er gitt rettferdsvederlag med meir enn kr 200 000.

Tabell 2.1 Oversikt over utbetaling av rettferdsvederlag fordelt etter sakstype. 2007.

      1' -2' -51' -101' -151' -201' -301' -
Sakstype/vederlagsbeløpSumAvsl.20'50'100'150'200'300'400'
Alle sakstypar224438340430683915780741
Prosentvis fordeling100171814377430
Alminneleg rettferdsvederlag28712912677361431
Prosentvis fordeling10045092713510
Krigsbarn512423031202912600
Prosentvis fordeling1008592362100
Romanifolk/tatarar356410014050461060
Prosentvis fordeling100128391413320
Samar/kvener835198006370000
Prosentvis fordeling1002400760000
Barne- og skoleheimsbarn (St.meld. nr. 24)25410020466350650
Prosentvis fordeling100408182520260

Rettferdsvederlagsutvala har eit nært samarbeid med Justissekretariata og aktuelle faginstansar. På denne måten har problemstillingar blitt avklarte undervegs i saksbehandlinga. I 2007 er det også sett i verk fleire effektiviserings- og rasjonaliseringstiltak i den førebuande saksbehandlinga. Eit stadig aukande tal saker har derfor blitt ferdigstilt for behandling i utvala.

I 2007 har rettferdsvederlagsutval I tilrådd rettferdsvederlag på over kr 200 000 i fem saker, jf. St.prp. nr. 65 (2006-2007). Stortinget gav si tilslutning til dette i Innst. S. nr. 262 (2006-2007).

Per 31.12.2007 var 4 039 søknader under førebuande behandling. Saksbehandlingstida frå søknaden kjem inn til innstilling frå faginstans er ferdig, varierer framleis. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Sosial- og helsedirektoratet har ei saksbehandlingstid på om lag 12 månader. Utdanningsdirektoratet har ei gjennomsnittleg saksbehandlingstid opp mot 24 månader i fleire sakstypar. Når saka er ferdigstilt frå faginstans, blir ho som hovudregel behandla innan 1 månad i Justissekretariata. Saka blir deretter send til utvala. Der berre Justissekretariata er faginstans vil saksbehandlingstida normalt vere 12 månader.

Utvala har vedtatt at sakene etter St.meld. nr. 24 (2004-2005) skal behandlast av utval II. Som følgje av den monalege auken i talet på søknader og den auka produksjonen i førebuande faginstansar har ikkje utval II lenger kapasitet til å behandle desse sakene fortløpande etter kvart som dei kjem inn. Det blir vist til tabell 2.2. Her går det fram at det per årsskiftet 2007/2008 var ferdigstilt 780 saker som låg på vent for behandling i utvala. Det er i 2008 oppretta eit tredje rettferdsvederlagsutval, sjå omtale under punkt 1.2. Også utval III vil avgjere saker etter St.meld. nr. 24 (2004-2005).

Tabell 2.2 Talet på nye søknader og saker til behandling.

  Pr. 31.12.07Pr. 31.12.06
Talet på nye søknader2 1481 726
Barne- og skoleheimsbarn (St.meld. nr. 24)734
Krigsbarn (St.meld. nr. 44)654
Romanifolk/tatarar (St.meld. nr. 44)236
Samar/kvener (St.meld. nr. 44)183
Alminneleg rettferdsvederlagsordning341
Talet på søknader ferdigbehandla av utvala  2 2441 068
Kvinner1205 (54 %)574 (54 %)
Menn1039 (46 %)494 (46 %)
Totalt under behandling4 039ca. 4 410
I Justissekretariata537ca. 4 410
I Utdanningsdirektoratet1 686
I Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet801
I Sosial- og helsedirektoratet235
Saker klare for oversending til utvala7800
Andre saker
Saker avslutta på grunn av at søkjaren er død16
Avviste saker259

Tabell 2.3 Ferdig behandla saker fordelte på søkjargrupper. 2007.

  Alle søkjargrupperAlminneleg rettferdsvederlagKrigsbarnRomanifolk/tatararSamar/kvenerBarne- og skoleheimsbarn
Avgjort2 244287512356835254
% 1323163711

Tabell 2.4 Innvilga og avslåtte søknader i tal og prosent fordelte på kjønn. 2006 og 2007.

  2007%2006%
Ferdigbehandla saker2 2441 068
kvinner:1 2055457454
menn:1 0394649446
Gitt vederlag1 8618389584
kvinner:9895348354
menn:8724741246
Avslag3831717316
kvinner:216569153
menn:167458247

2.2 Om erstatningsordningane for krigsbarn og romanifolk/tatarar

Som det følgjer av St.meld. nr. 44 (2003-2004) Erstatningsordning for krigsbarn og erstatningsordninger for romanifolk/tatere og eldre utdanningsskadelidende samer og kvener gjekk søknadsfristen for krigsbarn ut 01.07.2007. Stortinget vedtok å utvide fristen for denne gruppa til 01.01.2008. Det er i alt kome inn 2 028 søknader. Av desse er 1 097 no ferdigbehandla. Det gjeld ingen søknadsfristar for andre søkjargrupper.

Det er gjennom ei årrekkje gjort eit omfattande arbeid overfor nasjonale minoritetar for å motverke diskriminering og mobbing, både i samfunnet generelt og særleg innanfor skolevesenet. Overfor gruppa romanifolk/tatarar kom dette klart til uttrykk då kommunalminister Ragnhild Queseth Haarstad på vegne av regjeringa i februar 1998 bad om orsaking for dei grove overgrepa som romanifolk/tatarar var blitt utsette for. Dette blei følgt opp av regjeringa Stoltenberg I i St.meld. nr. 15 (2000-2001) Nasjonale minoritetar i Noreg - Om statleg politikk overfor jødar, kvener, rom, romanifolket og skogfinnar. Regelverket på dette området er også seinare blitt utvikla, mellom anna ved diskrimineringslova og reglar om ivaretaking av det psykososiale miljøet i skolen.

For romanifolk/tatarar førte behandlinga av St.meld. nr. 44 (2003-2004) mellom anna til ei særleg ordning med rettferdsvederlag for mobbing på grunnlag av eigenerklæring. Det blei i samband med dette lagt til grunn at: «Det må antas at myndighetenes politikk har bidratt til negative holdninger til romanifolket, og at dette kan ha resultert i mobbing.»

Rettferdsvederlagsutval I meiner det er naturleg at det blir sett eit skjeringspunkt for når søknader om rettferdsvederlag frå romanifolk/tatarar med grunnlag i mobbing skal behandlast etter ordninga i St.meld. nr. 44 på grunnlag av eigenerklæring. Utvalet finn det naturleg at skjeringspunkt er samanfallande med regjeringa si orsaking i 1998 overfor denne gruppa. Utvalet tek derfor sikte på at også søknader frå romanifolket/tatarar om rettferdsvederlag med grunnlag i mobbing som har skjedd i 1998 og seinare, vil bli vurdert etter den alminnelege rettferdsvederlagsordninga på same måte som med mobbing i samfunnet elles. For mobbing som har skjedd tidlegare blir ordninga med rettferdsvederlag på grunnlag av truverdig eigenerklæring vidareført.