St.prp. nr. 12 (2008-2009)

Rettferdsvederlag frå statskassa (Arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007 mv.)

Til innhaldsliste

3 Framtidig innretting av rettferdsvederlagsordninga og rapportering

3.1 Behov for ein prinsipiell gjennomgang

I samband med oppnemninga av det andre rettferdsvederlagsutvalet, jf. Innst. S. nr. 64 (2005-2006), tok Stortingets presidentskap mellom anna opp spørsmålet om den framtidige organiseringa av rettferdsvederlagsordninga. I merknadene frå Presidentskapet heiter det mellom anna at:

«(...) den nåværende ordning reiser en del prinsipielle spørsmål som bør tas opp til nærmere gjennomgang. Dette gjelder blant annet både utvalgets fremtidige sammensetning og organiseringen av dets sekretariat. Presidentskapet vil ta initiativ til å få gjennomført en slik prinsipiell gjennomgang av ordningen i løpet av inneværende stortingsperiode.»

Regjeringa er samd med Presidentskapet om behovet for ein prinsipiell gjennomgang av rettferdsvederlagsordninga. Rettferdsvederlagsordninga har i dei seinare åra blitt sterkt utvida og tilpassa stadig nye grupper. Utbetalingane har auka frå om lag 7,8 mill. kr i 2004 til 134,3 mill. kr i 2007. For 2008 ligg det an til å bli utbetalt om lag 200 mill. kr i rettferdsvederlag frå staten. Trass dei store utbetalingane kan det likevel ikkje utelukkast at også andre grupper som i dag fell utanfor ordninga, har kome tilsvarande uheldig ut. Regjeringa meiner derfor det er grunn til å sjå nærmare på bruken av statlege midlar gjennom ei slik ordning sett opp mot andre offentlege velferdsordningar. Den kraftige auken i talet på saker har ført til at det no er tre utval i arbeid. Stadig fleire utval skaper utfordringar mellom anna knytt til korleis likebehandling skal sikrast. Regjeringa meiner derfor det er behov for ein heilskapeleg gjennomgang der det blir sett nærmare på prinsippa for sjølve ordninga, inkludert vurderingar av den framtidige organiseringa av sekretariatet for utvala.

3.2 Spørsmålet om tidsfrist for søknader om rettferdsvederlag etter St.meld. nr. 24 (2004-2005)

Ved St.meld. nr. 24 (2004-2005) blei rettferdsvederlagsordninga utvida og tilpassa for barn som har vore plasserte i barneheimar, fosterheimar, verneskolar og spesialskolar for barn med åtferdsvanskar i perioden fram til 1980. Det blei ikkje sett nokon frist for å søkje på desse grunnlaga. Sidan dette gjeld forhold som ligg langt tilbake i tid, meiner Regjeringa at det bør vurderast å setje ein tidsfrist slik det er gjort for dei fleste tilsvarande kommunale ordningar og slik det blei gjort for søkjargruppa krigsbarn etter St.meld. nr. 44 (2003-2004). Ein slik tidsfrist bør ikkje setjast før alle eventuelle kommunale ordningar har blitt gjennomførte. Regjeringa vil gjere ei nærmare vurdering av dette spørsmålet og komme tilbake til Stortinget med saka på eit seinare tidspunkt

3.3 Årleg rapportering om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala

Det går fram av vedtak i Stortinget 26.10.1999 at Stortinget skal haldast orientert om arbeidet i Rettferdsvederlagsutvalet gjennom årsmeldingar for rettferdsvederlagsordninga. Stortinget blei fram til 2003 orientert om arbeidet i Rettferdsvederlagsutvalet gjennom eigne stortingsmeldingar. For 2004 og fram til 1.4.2006 sende utvalet rapportar om arbeidet i utvalet direkte til Stortinget. I samband med at fem einskildsaker blei lagde fram for Stortinget for avgjerd våren 2007, jf. St.prp. nr. 65 (2006-2007) Rettferdsvederlag frå statskassa (Om Stor­tinget si rettferdsvederlagsordning, arbeidet i rettferdsvederlagsutvala m.m.), blei det i proposisjonen også gitt ei orientering om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala for perioden 1.4.2006 til 31.12.2006.

I same proposisjon tok Regjeringa opp spørsmålet om den framtidige rapporteringa frå rettferdsvederlagsutvala til Stortinget. I punkt 2.1 Årsmeldingar frå rettferdsvederlagsutvala heiter det:

«Stortingets administrasjon har nyleg teke opp spørsmålet om korleis rapporteringa frå rettferdsvederlagsutvala til Stortinget best kan skje, og Justisdepartementet meldte tilbake i brev datert 3.4.2007 mellom anna at ein var komen til at dei årlege meldingane burde leggjast fram av regjeringa. Arbeidet med denne stortingsproposisjonen har gitt grunn til å vurdera dette spørsmålet på nytt. Departementet vil no gjera ei ny vurdering av rapporteringsordninga, der rapporteringa og den konstitusjonelle ansvarsfordelinga vil bli særleg vurdert. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget med dette på ein høveleg måte, etter dialog med mellom andre rettferdsvederlagsutvala.»

Regjeringa meiner at det er behov for å gjere endringar i praksisen med at Regjeringa rapporterer til Stortinget om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala. Rettferdsvederlagsordninga er Stortinget si eiga ordning. Regjeringa meiner derfor det er meir naturleg at Stortinget blir orientert om arbeidet direkte frå utvala som fattar avgjerslene i sakene og som har den nødvendige nærleiken og oversikten over saksområdet. Innhaldet i årsrapporteringa frå utvala er av eit avgrensa omfang som gjer bruken av eigne stortingsmeldingar lite eigna. Regjeringa meiner at dette talar for at utvala sjølve årleg orienterer Stortinget om arbeidet i rettferdsvederlagsutvala. Rapporteringa kan til dømes skje ved at Justissekretariata utarbeider eit utkast til årsrapport på vegne av rettferdsvederlagsutvala.