St.prp. nr. 12 (2008-2009)

Rettferdsvederlag frå statskassa (Arbeidet i rettferdsvederlagsutvala i 2007 mv.)

Til innhaldsliste

4 Einskildsak der utbetalt vederlag kjem over kr 200 000

Rettferdsvederlagsutval I har i éi sak tilrådd rettferdsvederlag på over kr 200 000. Saka blir derfor lagd fram for Stortinget for avgjerd.

Søkjar NN, fødd 1960, er uføretrygda på grunn av langvarig tvangsnevrose. Ho voks opp i ein heim prega av manglande omsorgsevne frå foreldra, mora sitt alkoholmisbruk og psykiske problem. Barnevernet var tidleg klar over forholda i heimen og sette inn visse hjelpetiltak, men desse var meir retta inn mot mor, slik at søkjar stort sett var overlaten til seg sjølv i oppveksten utan stabil og trygg vaksenkontakt. Søkjar hadde eit særleg behov for oppfølging. Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har innstilt på rettferdsvederlag med kr 150 000 for manglande inngrep frå barnevernet, og utvalet er samd i det når forholdet blir vurdert isolert.

Søkjar blei i tillegg utsett for seksuelle overgrep, også i form av samleie, frå 9-10 års alderen. Overgriparane var kjende av familien, som til dels gav alkohol til mor. Også dette talar etter praksis for eit monaleg rettferdsvederlag.

Søkjar fikk adekvat medisinsk behandling då ho var lagd inn på sjukehus som seksåring. Ho viser til at ho har fått store traume som følgje av at ho i samband med undervisning blei framvist for medisinarstudentar i ein stor aula. Sosial- og helsedirektoratet har ikkje innstilt på rettferdsvederlag på dette grunnlaget, og opplyser at framvising av pasientar blei rekna som ein integrert del av verksemda ved universitetsklinikkane. Utvalet legg til grunn at dette har hatt uvanleg uheldige følgjer for søkjar, slik at også dette bør takast omsyn til ved utmålinga av rettferdsvederlag.

Det er såleis fleire årsaker til den vanskelege situasjonen til søkjar. Utan å gå inn på forholdet mellom dei finn utvalet etter ei samla vurdering å tilrå at søkjar blir gitt kr 300 000 i rettferdsvederlag. Dette kjem over beløpsgrensa på kr 200 000 som utvalet har fullmakt til sjølv å avgjere.

Rettferdsvederlagsutvalet tilrår på denne bakgrunn at søkjar NN, fødd 1960, får rettferdsvederlag frå statskassa med kr 300 000.