St.prp. nr. 36 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-­komiteen nr. 105/2005 av 8. juli 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor

Til innhaldsliste

2 Nærmare om direktivet

Føremålet med direktivet er å leggje til rette for vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor gjennom å fastsetje minstereglar for vidarebruk. Direktivet er vedteke i medhald av artikkel 95 i EF-traktaten, som gjeld tiltak for å effektivisere den indre marknaden.

Direktivet skal sikre ein minste likskap mellom nasjonale reglar om vidarebruk av offentlege dokument. Større intern likskap mellom dei nasjonale reglane skal hindre at konkurransen på den indre marknaden, særleg når det gjeld produkt og tenester, vert svekka. Direktivet er eit minimumsdirektiv, og medlemsstatane vert oppmoda om å gå lenger enn minsterammene dersom dette er mogleg, for å sikre best mogleg vidarebruk og verdiskaping på grunnlag av offentlege data.

Direktivet byggjer på eksisterande reglar om offentleg innsyn i nasjonal rett, og det vert ikkje stilt krav til at vidarebruk av dokument skal tillatast. Vidarebruk tyder fysiske eller juridiske personars ikkje-kommersielle eller kommersielle bruk av dokument frå det offentlege, til eit anna føremål enn det opphavlege. I utgangspunktet gjeld direktivet for alle dokument som det offentlege har i si eige, men både visse typar dokument og visse sektorar er i utgangspunktet haldne utanfor, som t.d. forsking og utvikling, kulturinstitusjonar og allmennkringkastarar. Det går uttrykkjeleg fram av direktivet at det ikkje rører ved dei immaterielle rettane til tredjemenn (opphavsrettar) eller reglane om personvern.

Det er eit grunnprinsipp i direktivet at det ikkje skal skiljast mellom ulike aktørar som ønskjer å vidarebruke informasjon frå offentleg sektor. Dette inneber at førespurnader om vidarebruk som kan jamførast, skal handsamast likt, og at avtaler som gjev nokre aktørar eksklusive avtaler (einerett) til å vidarebruke informasjon frå offentleg sektor, som hovudregel er forbodne.

Direktivet inneheld òg sakshandsamingsreglar som skal gjelde når det er tillate med vidarebruk, m.a. reglar om format og prinsipp for prising, sakshandsamingsfristar for handsaming av førespurnader om vidarebruk og reglar for grunngjeving ved avslag. Når det vert opna for vidarebruk, skal brukaren kunne få tilgang til informasjon i alle eksisterande format og språkversjonar, og informasjonen skal gjerast tilgjengeleg elektronisk dersom det er mogleg og føremålstenleg. Direktivet inneber òg at offentlege organ som driv på kommersielt grunnlag, må jamstellast med private aktørar når det gjeld tilgang til offentlege dokument.