St.prp. nr. 36 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-­komiteen nr. 105/2005 av 8. juli 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor

Til innhaldsliste

3 Avgjerda i EØS-komiteen

EØS-komiteen tok 8. juli 2005 avgjerd om å endre vedlegg XI til EØS-avtala til å omfatte europaparlaments- og rådsdirektiv 2003/98/EF av 17. november 2003 om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor (avgjerd nr. 105/2005).

Avgjerda i EØS-komiteen inneheld ei innleiing og fire artiklar. I innleiinga vert det vist til EØS-avtala, særleg til artikkel 98, som gjer det mogleg å endre vedlegga til avtala ved avgjerd i EØS-komiteen.

Artikkel 1 slår fast at endringa i vedlegg XI skal gjerast ved at det vert teke inn eit nytt nr. 5k, der direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av opplysningar frå offentleg sektor vert omtala.

Artikkel 2 slår fast at teksta til direktiv 2003/98/EF på islandsk og norsk, som vil verte kunngjord i EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen, skal vere gyldig.

Artikkel 3 slår fast at avgjerda tek til å gjelde 9. juli 2005, på det vilkåret at EØS-komiteen har motteke alle meldingar etter artikkel 103 nr. 1 i avtala.

Artikkel 4 slår fast at avgjerda skal kunngjerast i EØS-avdelinga av og EØS-tillegget til Tidend for Den europeiske unionen.