St.prp. nr. 36 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-­komiteen nr. 105/2005 av 8. juli 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor

Til innhaldsliste

5 Administrative og økonomiske konsekvensar

Det er venta at direktivet vil få avgrensa økonomiske og administrative konsekvensar for det offentlege. Forbodet mot einerettsavtaler vil likevel få økonomiske og administrative konsekvensar for verksemder som har einerettsavtaler med det offentlege i dag, og som eventuelt ikkje kan haldast ved lag. Dei reglane som innfører eit øvre pristak på offentleg informasjon, vil ikkje i seg sjølv endre den eksisterande prisingspraksisen.