St.prp. nr. 36 (2005-2006)

Om samtykke til godkjenning av avgjerd i EØS-­komiteen nr. 105/2005 av 8. juli 2005 om innlemming i EØS-avtala av direktiv 2003/98/EF om vidarebruk av informasjon frå offentleg sektor

Til innhaldsliste

6 Konklusjon og tilråding

Det ligg eit stort potensial for verdiskaping i vidarebruk av offentleg informasjon. Moderniseringsdepartementet vurderer det slik at ei innlemming av direktivet i EØS-avtala vil medverke til at informasjon frå offentleg sektor kan utnyttast betre. Dei endringane som følgjer av direktivet, vil leggje til rette for auka vidarebruk, særleg med tanke på bruk i nye verdiaukande tenester, og vil kunne føre til auka verdiskaping i økonomien.

Moderniseringsdepartementet tilrår at Noreg godkjenner avgjerda i EØS-komiteen om å innlemme direktivet i EØS-avtala. Utanriksdepartementet sluttar seg til dette.