Tilskotsordninga er retta private og ideelle organisasjonar som utviklar verktøy, metodar og kompetanse som styrker planlegging etter plan- og bygningsloven. Prosjekta skal òg fremje betre bruk av offentleg tilgjengeleg kartinformasjon og geodata, og inspirere kommunar til å ta i bruk ny kunnskap og praksis i sitt planarbeid.

I år kom det inn 78 søknadar frå 58 ulike aktørar, med eit samla søknadsbeløp på 37 millionar kroner. Til samanlikning fekk departementet 59 søknadar i 2024, med eit samla beløp på rundt 20 millionar kroner.

– Vi ser ei aukande interesse for ordninga, og det viser at behovet for kunnskap og gode verktøy er stort. Kompetansetiltak er viktig for å sikre kvalitet og effektivitet i planprosessane, seier kommunal- og distriktsminister Bjørnar Selnes Skjæran.

God planlegging er òg ein føresetnad for å lukkast med bustadbygging.

– Vi treng fleire bustader, og då må kommunane og andre sentrale partar i planprosessane ha tilgang til kunnskap og verktøy som gjer arbeidet meir effektivt og føreseieleg, held Skjæran fram.

Fleire av prosjekta som får støtte i år,  kan koplast til nettopp behovet om å styrkje planlegginga for bustadbygging. Her er nokre døme:

  • Boligprodusentenes forening får tilskott til å utvikle eit digitalt planbarometer for å systematisk registrere og måle private planforslag og milepælar i planprosessen, med mål om betre styringsdata for bustadforsyning og raskare respons frå styresmaktene
  • Holth og Winge AS får tilskott til å gjennomføre kurs og arbeidsverkstader for kommunar gjennom prosjektet PlanLab, som skal styrke juridisk kompetanse i plan- og bygningslova. Tiltaket skal gi betre forståing av lovverket, utvikle praktiske verktøy som malar og rettleiingar, og bidra til meir effektive og mindre konfliktfylte planprosessar
  • Norsk bolig- og byplanforening får tilskott til å arrangere Norsk planmøte 2025, med tema «Dilemma: vegen vidare for by- og bustadutvikling i ei tid med uvisse og nye spelereglar», som skal fremje fagleg diskusjon og kunnskapsdeling om bustadplanlegging
  • Mandari får tilskott til å utvikle og teste ein metode for barn si medverknad i lokal planlegging, gjennom ein workshopserie der barn deltek aktivt i utforming av sitt nærmiljø ved hjelp av kart, geodata og den digitale plattforma Roblox. Prosjektet skal resultere i ein metodevegleiar som kan brukast av andre kommunar, og bidra til styrkt kvalitet og medverknad i lokal planlegging
  • Virvle får tilskott til å gjennomføre ein seminarrekke for kompetanseheving i kommunal planlegging, med fokus på berekraftig bustadutvikling gjennom sirkulære prinsipp, demografiske endringar og samarbeid mellom offentleg og privat sektor.

Øvrige tilskot er gitt til fleire initiativ som dekker alt frå juridisk kompetanseheving og digital verktøyutvikling, til inkluderande byutvikling og geomatikkopplæring.

  • Sekretariat for etter- og videreutdanning i samfunnsplanlegging (SEVS): Etter- og videreutdanning i planlegging
  • BYLIVsenteret (NAL): Kompetanseutvikling i by- og tettstedsutvikling
  • Boligprodusentenes forening: Digitalt planbarometer
  • Byantropologene AS: Veileder for sosiokulturell stedsanalyse
  • Civitas: Arrangementer om bærekraftig områdeutvikling
  • Forum for Kommunal planlegging: Kommuneplankonferansen 2026
  • International Federation of Surveyors – FIG Norge: Markedsføring av FIG Working Week 2027
  • Forum for utdanning i samfunnsplanlegging (FUS): Samling for masterstudenter i planlegging
  • Geoforum: Fagdager, konferanser og opplæring i geodata og blågrønn faktor
  • Holth og Winge AS: Juridisk kompetanseheving – PlanLab
  • Habitat Norge: Habitatdagen og trygghetskartlegging i Oslo
  • Mandari: Barns medvirkning i lokal planlegging
  • Norsk Kommunalteknisk Forening: E-læringskurs om park- og grøntfaget
  • Naturvernforbundet Hordaland: Kurs i bruk av kart og geodata
  • Norsk bolig- og byplanforening: Konferanse om planleggingsdilemmaer
  • Norske arkitekters landsforbund (NAL): Seminarer for arkitektstudenter og små kommuner
  • Norsk Sentrumsutvikling: Fagdager om sentrumsutvikling
  • Open House Bergen: Arkitekturfestivalen Open House 2025
  • Samfunnsutviklerne: Utgivelse av tidsskriftet Kart og Plan
  • Salt Lofoten AS: Historiske fiskerilandingsdata
  • Syklistenes Landsforening: Sykkelundersøkelsen – digitalt verktøy
  • Transportøkonomisk institutt: Forum for byutvikling og bytransport
  • Virvle: Seminarrekke om bærekraft og offentlig–privat samarbeid
  • Troms Reindriftssamers fylkeslag: Kurs om medvirkning i planprosesser
  • Aarsæther FoU: Rapport om kommunal planlegging i praksis