Dokument 8:23 S (2014-2015) Representantforslag om etablering av overvåkningskamera på alle kjørbare norske grenseoverganger

Skatter og avgifter

Eg viser til brev frå transport- og kommunikasjonskomitéen vedlagt Dokument 8:23 S (2014–2015) Representantforslag frå stortingsrepresentantane Jenny Klinge, Gerd Eli Berge og Heidi Grini om etablering av overvakingskamera på alle køyrbare norske grenseovergangar.

Forslag:
Stortinget ber regjeringa leggje fram forslag om å etablere overvakingskamera (ANPR) ved alle køyrbare grenseovergangar i Noreg slik at dette kan setjast i verk i 2015.

Eg er einig i at elektronisk nærvær på grensa gjennom ANPR (Automatic Number Plate Recognition) er eit svært viktig verktøy for å styrkje grensekontrollen. Toll- og avgiftsetaten har allereie gode røynsler med å bruke systemet til å plukke ut objekt til kontroll basert på etterretningsopplysningar og kontrollhistorikk. Auka bruk av ANPR vil underbyggje ei auka målretting av kontrollane.

I samband med den pågåande omorganiseringa av skatte- og avgiftsforvaltninga fekk Toll- og avgiftsdirektoratet 28. mars 2014 i oppdrag å greie ut kva som skal til for å styrkje grensekontrollen. Direktoratet leverte 18. november 2014 sin rapport til Finansdepartementet. Eit av forslaga i rapporten er å etablere ANPR på alle køyrbare grenseovergangar og på lengre sikt etablere ANPR på ferjeterminalar med anløp frå utlandet. Direktorat anslår i sin rapport at ei full etablering av ANPR  fordelt over tre år, truleg vil koste om lag 110 millionar kroner i utstyrsinvesteringar. Dei årlege driftskostnadane for utstyret vil være om lag 20 mill. kroner. I tillegg komer kostnader til årsverk som skal bemanna og bruke utstyret.

Riksrevisjonen tilrår i si undersøking av Toll- og avgiftsetaten sin grensekontroll (Riksrevisjonens undersøkelse av Toll- og avgiftsetatens grensekontroll, Dokument 3:7 (2013-2014)) at dei skaffar seg meir systematisk kunnskap om trafikkmengdene ved dei ubemanna grenseovergangane som eit grunnlag for prioritering av kontrollressursane sine.

Ein utvida bruk av ANPR vil vere den mest kostnadseffektive måten for Toll- og avgiftsetaten å auke sin kunnskap om den grensekryssande aktiviteten. I tillegg til å styrkje evna til å identifisere aktuelle kontrollobjekt, vil det bli enklare både å analysere trafikkdata og prioritere kontrollressursane.

Det er i dag etablert ANPR på til saman 15 grenseovergangar. Toll- og avgiftsetaten har no konkrete planar om å etablere ANPR på  7 nye grenseovergangar. To av desse grenseovergangane er ferjeterminalar i Tollregion Sør- Noreg. Det vil med dessa planane etablerast ANPR i alle tollregionane med unnatak av Tollregion Vest-Noreg.

Toll- og avgiftsetaten har i dag høve til å lagre opplysningar frå ANPR  i maksimalt ein time. Eit viktig premiss for at ANPR-systemet skal gje auka kunnskap, er eit utvida høve til å lagre opplysningane. Dette er nødvendig for å kunne gjennomføre analysar på strategisk og taktisk nivå. I sin rapport har Toll- og avgiftsdirektoratet difor peikt på at ein time ikkje er tilstrekkeleg tid til å kunne identifisere gjennomgåande mønster, gjere trafikkteljingar, identifisere årstids- og døgnvariasjonar eller til å risikovurdere objekt med tanke på kontroll ved framtidige innpasseringar.

Direktoratet understrekar at ei utviding av lagringstida for opplysningar frå ANPR må sjåast i samanheng med vurderinga av om det skal etablerast ANPR på fleire grenseovergangar. Direktoratet anbefaler i rapporten at lagringstida blir utvida til eitt år.

Eg meiner representantane fremjar eit godt forslag som viser at dei er opptatt av å styrkje grensekontrollen. Forslaget likner Toll- og avgiftsdirektoratet si eiga anbefaling på området. Toll- og avgiftsdirektoratet sin rapport inneheld mange spennande og aktuelle anbefalingar. Desse anbefalingane må vektast mot andre gode tiltak som regjeringa må vurdere. Eg ynskjer likevel å understreke at ANPR har vist seg å vere et godt verktøy i grensekontrollen, og at det alt no er i gang ei utviding av ANPR til stadig nye grenseovergangar.

Departementet vurderer no framlegget frå direktoratet og vil kome tilbake til det mellom anna i statsbudsjettet for 2016. Vi vil òg sjå nærare på forslaget om lagringstid i samarbeid med andre ansvarlege styresmakter.

Med helsing

Siv Jensen