Historisk arkiv

Revidert nasjonalbudsjett

Auka tilskot på 50 millionar kroner til museum, musikk- og scenekunstinstitusjonar

Historisk arkiv

Publisert under: Regjeringen Solberg

Utgjevar: Kulturdepartementet

Regjeringa foreslår 50 millionar kroner i auka tilskot til museum, musikk- og scenekunstinstitusjonar. Føremålet med auken er å halde oppe aktivitet og trygge at tilsette ved desse institusjonane kan vere i arbeid.

Midla vert fordelte med 35 millionar kroner til museum og 15 millionar kroner til musikk- og scenekunstinstitusjonar.

– Museum, musikk- og scenekunstinstitusjonar er ein viktig del av den kulturelle infrastrukturen. Dei vil vere heilt sentrale i gjenopninga av samfunnet og må difor vera rusta til å kunna gje eit breitt publikumstilbod når det stegvis vert opna opp for meir aktivitet, seier kultur- og likestillingsminister Abid Raja.

Grunna pågåande smitteverntiltak har mange museum, musikk- og scenekunstinstitusjonar måtta halde stengt eller avgrense tilbodet til publikum. Dette har ført til tap av eigeninntekter. Mange av desse institusjonane er avhengige av eigeninntekter for å kunne drive på forsvarleg måte og gje eit godt tilbod til publikum.

I lys av dagens smittevernsituasjon foreslår regjeringa å auke tilskotet til desse institusjonane endå meir. Fordi sommaren er høgsesong for musea, vert det tilrådd å gje brorparten av den samla løyvinga til musea.

Desse institusjonane har frå før fått ei auke i tilskota på 435 millionar i 2020 og fyrste halvår 2021.

Midla er fordelte til institusjonane etter same prinsipp som tidlegare, dvs. med utgangspunkt i billettinntekter og inntekter frå sal i butikk og kafé i 2019.

Fordelinga av midla går fram av oversynet (.xlxs)