I samband med tilleggsproposisjon til statsbudjettet for 2022 kjem det 489,8 millionar kroner meir til lågare ferjetakstar. Det er ei dobling av det som allereie ligg i budsjettforslaget til Solberg-regjeringa, og legg til rette for 30 prosent lågare ferjetakstar i heile Noreg.

– No løyver vi totalt nesten 1 milliard kroner til billegare ferjebillettar. Det viser at vi tar distrikta på alvor. Folk skal ikkje droppe å ta ferja fordi pengane ikkje strekk til. For mange er ferja avgjerande for at kvardagen skal gå i hop, seier Nygård.

Regjeringa foreslår òg å løyve 30 millionar kroner til å redusere takstane i ferjesamband med færre enn 100 000 passasjerar. Regjeringa vil komme tilbake til innretting av tiltaket i samband med revidert nasjonalbudsjett 2022.

– I Hurdalsplattforma legg regjeringa opp til å halvere prisane på riksvegferjer i fireårsperioden, og vil leggje til rette for tilsvarande reduksjonar på fylkesvegferjene. I tillegg er det lagt opp til å innføre gratis ferje til øyer og andre samfunn utan vegsamband til fastlandet, og å gjere alle ferjesamband med under 100 000 passasjerar årleg gratis. Dette er eit viktig steg for å følgje opp plattforma, seier samferdselsministeren.