Fiskerireguleringar 2017

Oversikt over fiskerireguleringar for 2017. Oversikta vert oppdatert løpande etter kvart som forskriftene vert fastsette. Sist oppdatert 20.12.2016.

----------------------------------------------------------------------------------------

Regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2017

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter torsk, hyse og sei nord for 62°N i 2017

Sjå egen pressemelding og forskrift

----------------------------------------------------------------------------------------

Fisket av makrell i 2017

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter makrell i 2017. Norske fartøy som har adgang til å delta, kan fiske og lande inntil 234 472 tonn makrell i 2017.

Reguleringa blir vidareført i hovudsak som i 2016.

I reguleringsmøtet blei spørsmålet om å opne for at fartøy i lukka gruppe kyst kan få fiske med trål utanfor 12 nautiske mil frå grunnlinja behandla. Departementet har bede Fiskeridirektoratet om å høyre eit forslag om ein generell adgang til å tråle etter enkelte artar, og dette spørsmålet vil bli endeleg behandla samstundes med dei andre på nyåret. 

Forskrift om regulering av fisket etter makrell i 2017

----------------------------------------------------------------------------------------

 

Fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2017
Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2017. Forskrifta er fastsett på bakgrunn av resultatet av dei bilaterale forhandlingane med EU i desember. Totalkvote for norske fartøy er sett til 6 285 tonn i Nordsjøen og 186 tonn i Skagerrak.

Forskrift om regulering av fisket etter torsk i Nordsjøen og Skagerrak i 2017

----------------------------------------------------------------------------------------

 

Regulering av fisket etter kolmule i 2017

Det er fastsett ein norsk kvote på kolmule for 2017 på 410 892 tonn, etter kvotebytte med EU og Russland. Av dette kvantumet blir 120 tonn sett av til forskingskvote.

Av totalkvoten kan Noreg fiske inntil 330 494 tonn kolmule i EU-sona og 34 800 tonn i færøysona.

EU og Noreg har i tillegg inngått ein bilateral avtale som sikrar partane gjensidig sonetilgjenge både på nvg-sild og kolmule for 2017.

Reguleringsopplegget elles blir som tidlegare.

Forskrift om regulering av fisket etter kolmule i 2017 

----------------------------------------------------------------------------------------

 

Fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område i 2017

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke mellombels forskrift om regulering av fangst av kongekrabbe i kvoteregulert område øst for 26° Ø i 2017. 

Fartøy med høve til å fiske i det kvoteregulerte området kan fange og lande 1800 tonn hankrabbar, 150 tonn hunkrabber og 200 tonn skadde hankrabbar i det kvoteregulerte området i 2017. Det er avsett 8 tonn hankrabbar til turistfiske og 1 tonn hankrabbar til fritidsfiske.

Stortinget har til behandling eit forslag om utvide reglane for kven som kan delta i det kvoteregulerte området til å omfatte alle fartøy som oppfyller dei vanlege reglane og er registrerte i Finnmark. Dette vil eventuelt påverke storleiken på fartøykvotane, og det blir derfor no fastsette mellombelse fartøykvotar i 2017. Dei mellombelse kvotane skal sikre at fangsten kan starte opp på normal måte inntil saka i Stortinget er ferdigbehandla.

Sjå også: Justerer opp fartøykvotene i kongekrabbefisket

----------------------------------------------------------------------------------------

 

Regulering av fisket etter norsk vårgytande sild (nvg) i 2017

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild (nvg) i 2016. Den norske totalkvoten er på 432.870 tonn. Av dette kvantumet er det sett av 1.005 tonn til forskings- og undervisningskvote, 225 tonn til rekrutteringskvoteordninga og 500 tonn til agn.

Som ei prøveordning for 2017 blir avsetninga på 2.000 tonn i open gruppe gjort om til ei gruppekvote på 4.000 tonn. Dette korresponderer med det reelle uttaket som har vore dei seinare åra. Prøveordninga skal evaluerast i reguleringsmøtet hausten 2017.

Fartøy med adgang til å delta i open gruppe med landnot og garn kan dermed fiske og lande følgande kvanta norsk vårgytande sild:

Fartøyets største lengde

Kvotefaktor

Fartøykvote

Fartøy under 7 m

1,31

             7,99

Fartøy 7,0 -7,99 m

1,97

           12,02

Fartøy 8,0 -8,99 m

2,62

           15,98

Fartøy 9,0-9,99 m

3,93

           23,97

Fartøy 10,0-10,99 m

4,59

           28,00

Fartøy 11,0-11,99 m

5,24

           31,96

Fartøy 12,0-12,99 m

5,90

           35,99

Fartøy 13,0-13,99 m

6,55

           39,96

Fartøy 14,0 m og over

7,86

           47,95

Forskrift om regulering av fisket etter norsk vårgytande sild (nvg) i 2017

----------------------------------------------------------------------------------------

Fisket etter uer nord for 62° N i 2017
Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om regulering av fisket etter uer nord for 62° N i 2017. Totalkvoten for norske fartøy er sett til 17 600 tonn. Som i fjor blir kvoten fordelt likt på dei fartøya som har rett til å delta i dette fisket. Per i dag gjeld det fartøy med torsketrålløyve eller seitrålløyve med heimel i konsesjonsforskrifta.

Forskrift om regulering av fisket etter uer nord for 62° N i 2017  

----------------------------------------------------------------------------------------

Deltakarforskrifta for 2017

Nærings- og fiskeridepartementet har vedteke forskrift om rett til å delta i kystfartøygruppa sitt fiske for 2017 (deltakarforskrifta). Forskrifta fører vidare dei sentrale føresegnene i deltakarforskrifta for 2016. Den viktigaste endringa i høve til 2016 er at forvaltninga i 2017 kan gje løyve til å nytte leigefartøy i open gruppe. Det er mellom anna ein føresetnad at leigefartøyet vert nytta i lukka gruppe i eit anna fiskeri. Endringa bidreg til at eigarar av fartøy med driftsgrunnlag både i lukka og open gruppe kan føre vidare drifta dersom vilkåra for å nytte leigefartøy er oppfylte.

Forskrift om adgang til å delta i kystfartøygruppens fiske for 2017 (deltakerforskriften)