Regjeringa fremja 12. mai forslag om delingane, gjennom Prop. 113 LS (2021–2022) Deling av fylker og Ålesund kommune og endringer i inndelingslova (ny fylkesinndeling og nye fylkesnavn.

Her sa vi ikkje noko om kva fylke Jevnaker og Hole skulle høyre til. Kommunestyra i desse kommunane fatta i slutten av mars vedtak om at dei ønskjer å høyre til Akershus fylke, etter at fylkestinget sendte sin søknad om deling til departementet. I søknaden frå Viken var begge kommunane plasserte i Buskerud fylke.

− Spørsmålet om fylkestilhøyrigheit berører ulike interesser i dei berørte kommunar og fylker, og det har vore argument som taler i retning av tilhøyre i høvesvis Buskerud og Akershus fylke for begge kommunar. Vi fremjar i dag ein tilleggsproposisjon om kva fylke Hole og Jevnaker skal høyre til. Vi legg med dette til rette for at Stortinget kan fatte vedtak om fylkestilhøyrighet for alle kommunar i Akershus, Buskerud og Østfold ved delinga av Viken før sommaren, og fylkestingsvalet neste haust kan gjennomførast til nye fylke, seier Gjelsvik.

– Vi følgjer opp regjeringserklæringa og foreslår at dei som har søkt, skal bli delt tilbake til dei gamle einingane. No er det opp til Stortinget å avgjere delinga av fylke og Ålesund kommune, seier Gjelsvik.

Stortinget skal etter planen behandle Prop. 113 LS om delingane 10. juni. Dei nye fylka skal etter planen tre i kraft 1. januar 2024.

Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00