Revidert nasjonalbudsjett:

No er det opp til Stortinget å avgjere delinga av fylke og kommunar

Dette innhaldet er meir enn 1 år gammalt.

Regjeringa har gitt tvangssamanslåtte fylkeskommunar og kommunar moglegheita til å dele seg. – Vi følgjer opp regjeringserklæringa og føreslår deling tilbake til dei gamle einingane. Dette er ein god dag for lokaldemokratiet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Regjeringa føreslår at Viken, Vestfold og Telemark og Troms og Finnmark skal delast opp. Ein føreslår også å dele Ålesund kommune.

Om Stortinget fattar vedtak om deling før sommaren, ligg alt til rette for at dei nye fylka kan settast i verk frå 1.1.2024, seier Gjelsvik.

Regjeringa føreslår følgande deling:

Forslaget om deling av Viken seier ikkje noko om kva fylke Jevnaker og Hole kommune skal høyre til. Regjeringa vil difor i løpet av kort tid fremje ein tilleggsproposisjon for Stortinget om kva fylke Hole og Jevnaker skal høyre til.

Regjeringa føreslår også at Ålesund kommune skal delast i to deler, slik at Haram kommune vert etablert som ein kommune med dei same grensene kommunen hadde før.