Revidert nasjonalbudsjett:

Føreslår å atterreise Akershus, Buskerud og Østfold

Regjeringa føreslår i dag at Viken blir delt i tre fylke. – Det har vore stor folkeleg motstand mot Viken i både Akershus, Buskerud og Østfold, eit storfylke som blei oppretta med bruk av tvang. Vi legg til rette for tenester nær folk, eit reelt folkestyre og ein sterk fylkeskommune. Dette er ein god dag for lokaldemokratiet, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Om Stortinget fattar vedtak om deling før sommaren, kan Akershus, Buskerud og Østfold igjen bli eigne fylke frå 1. januar 2024. Regjeringa har gitt tvangssamanslåtte fylkeskommunar og kommunar moglegheita til å dele seg. Tre fylke og éin kommune har søkt.

– Vi følgjer opp regjeringserklæringa og føreslår at kommunen og desse fylka blir delt tilbake til dei gamle einingane. No er det opp til Stortinget å avgjere delinga av fylke og kommunar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Forslaget om deling av Viken seier ikkje noko om kva fylke Jevnaker og Hole kommune skal høyre til. Regjeringa vil i løpet av kort tid fremje ein tilleggsproposisjon for Stortinget om kva fylke Hole og Jevnaker skal høyre til.

I same proposisjon føreslår regjeringa å dele fylka Troms og Finnmark og Vestfold og Telemark, samt Ålesund kommune tilbake til dei gamle einingane.

Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00