Revidert nasjonalbudsjett:

Føreslår å atterreise Troms fylke og Finnmark fylke

Regjeringa føreslår i dag at Troms og Finnmark blir delt i to fylke. – Vi lyttar til folkevilja i nord. I Troms og Finnmark har motstanden mot samanslåinga vore stor heile tida, mellom anna gjennom ein tydeleg folkeavstemming i Finnmark der 87 prosent stemte mot samanslåinga. No legg vi til rette for tenester nær folk og eit reelt folkestyre i både Troms og Finnmark, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik (Sp).

Om Stortinget fattar vedtak om deling før sommaren, kan Finnmark og Troms igjen bli eigne fylke frå 1. januar 2024. Regjeringa har gitt tvangssamanslåtte fylkeskommunar og kommunar moglegheita til å dele seg. Tre fylke og éin kommune har søkt.

– Vi følgjer opp regjeringserklæringa og føreslår at kommunen og desse fylka blir delt tilbake til dei gamle einingane. No er det opp til Stortinget å avgjere delinga av fylke og kommunar, seier kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

I same proposisjon føreslår regjeringa å dele fylka Telemark og Vestfold og Viken, samt Ålesund kommune.

Kommunal- og distriktsdepartementets pressetelefon: 22 24 25 00