Meir effektiv behandling av nye kraftleidningar og solkraftanlegg

Det er i dag fastsett endringar i konsekvensutgreiingsforskrifta, som inneber at meldeplikta for nye kraftleidningar på 132 kV blir auka frå 15 til 50 kilometer. Det er også fastsett ei meldeplikt for konsesjonspliktige solkraftanlegg.

– Betydelege utvidingar av straumnettet vil vere avgjerande for framtidas kraftsystem, samtidig som me må auke utnyttinga av det eksisterande straumnettet. Kapasiteten i store delar av nettet er enten beslaglagt eller reservert, og det tek tid å bygge nye nettanlegg. Derfor arbeider regjeringa med å finne tiltak for å forsterke kapasiteten i straumnettet i heile landet og korte ned saksbehandlingstida for nettanlegg, seier energiminister Terje Aasland.

Fram til no har det vore krav om at før eit nettselskap kan søkje om konsesjon til nye kraftleidningar med spenning på 132 kV eller høgare og med lengde på meir enn 15 kilometer i ny trasé, må tiltaket meldast til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE). Ved å endre meldeplikta til 50 kilometer, vil dei minste tiltaka få ein meir effektiv saksgang og NVE kan fokusere på dei større utbyggingssakene.

Når det gjeld solkraftverk, er det i dag ikkje krav om førehandsmelding før ein tiltakshavar kan søkje om konsesjon for eit solkraftanlegg. Energidepartementet og Klima- og miljødepartementet meiner at det er hensiktsmessig at det skal gjelde ei meldeplikt for konsesjonspliktige solkraftanlegg.

– Større solkraftanlegg er framleis ganske nytt i Noreg. Me ønskjer fleire slike anlegg, og med desse endringane sørgjer me for gode prosessar, at folk og lokalmiljø blir høyrde og at me får god kvalitet på konsekvensutgreiingane. Når me gjer store solkraftanlegg meldepliktige, blir det òg enklare å stoppe prosjekt det ikkje er grunn til å gå vidare med, til dømes på grunn av høgt konfliktnivå, seier klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen.

I tillegg til dei nemnde endringane har regjeringa vedteke krav om at solkraftanlegg som ikkje krev konsesjon må ha konsekvensutgreiing dersom anlegget kan få vesentlege verknader for miljø eller samfunn. Endringa sikrar at også anlegg under konsesjonsgrensa må utgreiast når det kjem nye konsesjonsgrenser for solkraft.

Regelverket om melding og påfølgjande konsekvensutgreiingar for energitiltak er heimla i plan- og bygningslova med tilhøyrande forskrift om konsekvensutgreiingar. Der det er krav om melding skal denne inkludere eit forslag til konsekvensutgreiingsprogram som blir sendt på høyring, før programmet blir fastsett av den relevante konsekvensutgreiingsmyndigheita.

Dei omtalte forskriftsendringane trer i kraft frå 1. juli 2025.