Statsbudsjettet 2017

Meir gods frå veg til jernbane og sjø

– Regjeringa styrkjer satsinga for å overføre gods frå veg til bane og sjø. I statsbudsjettet for 2017 held vi fram med å utvikle fortrinna til dei enkelte transportmidlane og å styrkje samspelet mellom dei, seier samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen.

– Ei overføring av godstransport frå veg til sjø og bane aukar transporttryggleiken, og reduserer både slitasjen på vegnettet og miljøpåverknaden frå transportsektoren, seier Solvik-Olsen.

Fleire tiltak for å styrkje skinegåande godstransport

Fleire tiltak er i prosess for å styrkje den skinnegåande godstransporten.

– Det viktigaste tiltaket for godstransporten er satsinga vår på vedlikehald og fornying av infrastrukturen. Betre driftsstabilitet gjer at fleire godstog kan følgje ruteplanen. I tillegg legg fleire av dei nye utbyggingsprosjekta til rette for auka kapasitet for godstransport. Vi har fått positive signal frå bransjen. Mellom anna har CargoNet, den største godstogoperatøren, snudd den økonomiske utviklinga frå underskot til overskot dei siste åra, seier Solvik-Olsen.

Tidlegare i år kom det på plass ei ordning med kompensasjon til vareeigarar ved driftsavbrot på grunn av feil med infrastrukturen

- Meir effektiv terminaldrift bidreg til betre konkurransesituasjon for jernbanen. Vi har auka konkurransen på enkelte terminaler, for å stimulere til meir effektiv drift. Regjeringa arbeider òg med å avklare framtidig plassering av godsterminalar i Bergen og Trondheim. Det er naudsynt med nye terminalar som kan handtere større godsmengder samstundes som drifta skal bli meir effektiv.

Prioriterte tiltak for godstransport på bane i 2017

Fleire av tiltaka som er omfatta av dei foreslåtte midlane på nær 18,2 milliardar kroner til drift, vedlikehald og investeringar på jernbanenettet i 2017, har positive effektar for godstransporten. Regjeringa går inn for å setje av 727 millionar kroner av investeringsmidlane til tiltak som særleg skal betre vilkåra for skinnegåande godstransport. Dei prioriterte prosjekta i 2017 er mellom anna:

• 206 millionar kroner til kapasitetsaukande tiltak på Ofotbanen. Dette inkluderer bygging av Djupvik kryssingsspor, og å gjere ferdig detaljplanlegging og førebuande anleggsarbeid for å utvide kapasiteten på Narvik stasjon.
• 195 millionar kroner til bygging av godsterminal på Heggstadmoen og kapasitetsaukande tiltak på Heimdal stasjon sør for Trondheim på Dovrebanen.
• 114 millionar kroner til tiltak for betre driftsstabilitet og driftseffektivitet på Alnabruterminalen i Oslo.
• 85 millionar kroner til å ferdigstille tiltak for å betre kapasiteten for godstrafikken mellom hovudsporet på Drammensbanen og Holmen i Drammen

Dei prioriterte midlane omfattar òg ferdigstilling av beredskapsterminalar på Bergensbanen, Dovrebanen og Nordlandsbanen til bruk ved planlagde og ikkje-planlagde driftsavvik i infrastrukturen. Dette gjer at godset i desse tilfella kan bli frakta av tog på delar av strekninga, i staden for at heile transporten må gå på veg.

Det er lagt opp til å starte bygging av kryssingsspor på Bolstadøyri på Bergensbanen i 2017. Det er òg sett av midlar til planlegging av kryssingsspor på Kvam og Ler på Dovrebanen, og til opprusting av godsterminalen i Fauske. Det vil bli vurdert om kryssingsspora ved Kvam og Ler på Dovrebanen får anleggsstart til neste år.

Tiltak for overføring av gods frå veg til sjø

– Regjeringa vil ha meir gods over på kjøl. Å sikre farleier langs kysten og til dei viktigaste hamnene, er viktig for både tryggleiken og for effektiv godstransport. Ei vidare utvikling og integrering av hamner, godsterminalar og næringsområde vil vere viktige element for å oppnå dette, seier Solvik-Olsen.

Til drift og vedlikehald av infrastruktur langs kysten, foreslår regjeringa 1 711 millionar kroner i statsbudsjettet for 2017. Mellom anna vil regjeringa setje av 331 millionar kroner til drift og vedlikehald av navigasjonsinfrastruktur, noko som vil hjelpe til med å redusere vedlikehaldsetterslepet.

– Regjeringa vidarefører reduksjonen i losberedskapsavgifta på 86 millionar kroner som eit viktig tiltak for å få meir gods over på skip, og reduserer avgifta med ytterlegare 15 millionar kroner som følgje av konkurranseutsettinga av tilbringartenesta for los. Vidare foreslår vi ei ny tilskotsordning på 30 millionar kroner for å stimulere overføring av gods frå veg til sjø, seier Solvik-Olsen.

Prioriterte tiltak for godstransport på sjø i 2017

• I 2017 startar fiskerihamnprosjektet Mehamn opp, mens prosjektet Båtsfjord blir vidareført. Farleiprosjekta i innseglingane til Tromsø og Oslo blir gjort ferdige, medan prosjekta innsegling Grenland, Bodø og Grøtøyleden held fram. I tillegg blir arbeidet med forprosjektet for Stad skipstunnel ferdigstilt i 2017.
• Arbeidet med å redusere vedlikehaldsetterslepet på navigasjonsinfrastrukturen held fram i 2017. Det er viktig at navigasjonsinfrastrukturen har høg kvalitet og leverer stabil informasjon til brukarane. Prosjekta som saman med norsk industri og forskingsmiljø prøver ut enkelte e-navigasjonsløysingar, held fram i 2017.
• Det er viktig å oppgradere og fornye dei fem sjøtrafikksentralane. I 2017 prioriterer regjeringa fornying av teknisk utstyr. Arbeidet med å utvide dekningsområdet til sjøtrafikksentralane på Vestlandet blir også sett i gang.
• For å oppretthalde kapasiteten til å overvake skipstrafikken i norske havområder, vil nye AIS-satellittar bli sette i drift i 2017 i samarbeid med Norsk Romsenter.

Meir rettferdig konkurranse med lastebilnæringa

– Ein del av arbeidet med å få gods frå veg til jernbane og sjø, handlar om å leggje til rette for seriøse og lovlydige tilhøve i vegtransportbransjen. Det er vanskeleg for transportørar på bane og sjø å konkurrere med useriøse vegtransportørar som ikkje følgjer lovar og reglar. Færre lastebiler gjer vegane tryggare og gir i tillegg ein miljøgevinst. I løpet av dei siste tre åra har regjeringa satt i gang fleire tiltak for å skape betre konkurransevilkår i lastebilnæringa. Det arbeidet held fram i 2017, seier Solvik-Olsen.

Statens vegvesen vil i 2017 sjå på revidering av regelverket for tungtransport som følgje av auka bruk av modulvogntog. Det internasjonale regelverket for godkjenning av køyretøy er i stadig utvikling. EU har foreslått endringar i typegodkjenningsregelverket for å gjere nye køyretøy sikrare og meir miljøvennlege, og for å gjere typegodkjenningssystemet meir robust mot juks, misbruk og utilsikta tilpassing. Statens vegvesen vil arbeide med å innføre dette regelverket i Norge.

– I tillegg til å innføre krav om bombrikke på vogntog for å sikre at alle aktørane i transportmarknaden betalar bompengerekningane sine, har vi firedobla talet på kontrollar av tunge køyretøy. Vidare har vi styrkt retten til å halde tilbake køyretøy som ikkje tilfredsstiller norske krav, for å sikre at avgifter og bøter blir betalte. Vi har også styrkt retten til bruk av hjullås. Krava til vinterdekk er skjerpa, slik at ein no må ha vinterdekk på alle akslar på tunge køyretøy, inkludert tilhengarane. Det er òg etablert eit informasjonsopplegg retta mot utanlandske sjåførar om vanskelege køyrereforhold på vinteren. Gjennom kampanjen ”trygg trailer” får transportbedriftene informasjon om krav til vinterutrusting slik at dei sjølve kan ta ein enkel sjekk av "sine" lastebilar. Vogntog som kjem til bedrifter og ikkje er i god nok stand, kan bli nekta last, seier Solvik-Olsen.

Statens vegvesen vil i 2017 også prioritere arbeidet med å kontrollere innanlands transport utført av utanlandsk transportør, såkalla kabotasje.

 

For fleire opplysningar - sjå: