– Rapporten stadfestar at det viktigaste vi kan gjere for utsette unge, er å få tenestene til å henge betre saman. Når Nav, skole og helse samarbeider tett i kommunar og lokalsamfunn, får fleire ungdommar hjelp og kjem tilbake til skole og arbeid, seier arbeids- og inkluderingsminister Kjersti Stenseng.

Rapporten er utarbeidd av Proba og Ideas2evidence på oppdrag frå Arbeids- og inkluderingsdepartementet. Forskarane har sett på korleis Nav, vidaregåande opplæring og helsetenester kan samarbeide tettare for å hjelpe unge med samansette utfordringar.

Bakgrunnen er at regjeringa ønskjer meir kunnskap om kva som verkar for unge som fell utanfor. I stortingsmeldinga En forsterket arbeidslinje blir samarbeid mellom arbeid, helse og utdanning løfta fram som avgjerande for å førebyggje utanforskap. Samstundes har det vore lite forsking på tett samarbeid mellom alle dei tre sektorane samtidig.

Kva seier rapporten om kva som fungerer best for å hjelpe ungdommane?

  • Lågterskel møteplassar der ungdom kan møte opp utan store krav.
  • Éin fast kontaktperson som har ansvar og følgjer opp over tid.
  • Tett samarbeid og gjerne samlokalisering av tenester.
  • Tiltak som byggjer meistring og motivasjon, ikkje berre stiller krav.  

Må fokusere på meistring og motivasjon

Forskarane har kartlagt åtte samarbeidsmodellar. Funna viser at samordna tenester gir meir heilskapleg oppfølging og betre resultat for ungdom.

– Funna i rapporten er i tråd med tilbakemeldingane eg har fått frå fleire Nav-tilsette som eg har møtt. Ungdom som har falt utanfor, treng éin trygg kontaktperson som følgjer dei over tid og sørgjer for at tenestene dreg i same retning. Det er også viktig at dei blir møtt med vekt på meistring, motivasjon og moglegheiter – ikkje berre krav som kan føre til nye nederlag, seier Stenseng.

Lågterskel møteplassar gir gode resultat

Rapporten trekkjer fram lågterskel møteplassar der ungdom kan få undervisning, arbeidstrening, helsehjelp og sosial støtte på same stad.

Forskarane har sett nærare på Café Hanco i Fredrikstad, Jobbskolen i Kristiansand, Ungdomshuben i Grimstad og Dampen i Arendal.

Dei fire møteplassane er ulike og har ulike tilbod. Samstundes peikar rapporten på fleire felles kjenneteikn ved tilboda, mellom anna tett samarbeid mellom tenestene, faste møtepunkt og god oppfølging over tid, som bidreg til positive resultat.

Forskarane tilrår fleire konkrete tiltak for å hjelpe fleire unge, mellom anna meir samlokalisering av tenester, sterkare samarbeid mellom sektorane og større bruk av helsefagleg kompetanse i oppfølginga av unge.

  • Kvalifiserande møteplassar er særleg effektive modellar, spesielt når tenester er samlokaliserte og arbeider tett saman. Det er avgjerande med låg terskel for å oppsøkje tenestene.
  • Fast kontaktperson og tett, langvarig oppfølging er avgjerande for at ungdommane skal lukkast. Dei unge må vite at det alltid er ei teneste som «har ballen» og tek ansvar når andre avsluttar.
  • Tilpassa undervisning er sentral for fagleg meistring og gjennomføring av eksamenar.
  • Helseteneste eller helsefagleg tilsette bør inngå i tilboda, då mange i målgruppa har behov for slik støtte..
  •  Samarbeidet bør forankrast i fleire sektorar, og fleire sektorar bør bidra med ressursar for å gjere samarbeidet mindre sårbart for kutt.
  • Informasjonsdeling mellom tilsette er vesentleg;
  • Ungdommane sine erfaringar bør brukast systematisk i vidare utvikling av samarbeidsmodellar og tenester for unge.  
Probas rapport om Tverrsektorielt samarbeid rundt unge som ikke er i arbeid eller utdanning
Foto: Proba og Ideas2Evidence